I perioden mai til september i år, har vi motteke bladprøvar med tørrote frå NLR sine rådgivarar. Vi har fått inn totalt 253 prøvar frå 65 felt i regionane Austlandet, Vestlandet, Sørlandet og Midt-Noreg. Desse prøvane har vi overført til FTA-kort og sendt til James Hutton instituttet i Skottland for å identifisera genotypar. Klonlinja EU_43, som er knyta til resistens mot mandipropamid, vart påvist i to felt i Klepp (Rogaland), og eit felt i Åsnes (Innlandet). Klonlinja EU_41 var til stades i fem felt i Solør-området i Innlandet. Dette svarar til ein frekvens på 3,5% for EU_43 og 7% for EU_41 i Noreg 2025.

Resten av prøvane blei identifisert som «others», som ikkje tilhøyrar kjende klonlinjer. Alle prøvar som viste identiske genetiske «fingeravtrykk» vart grupperte. Ei av desse gruppene, namngitt MLG26, omfatta 15 prøvar frå sju felt med spillpoteter i Søgne (Agder). Denne gruppa representerer ikkje ei etablert klonlinje, og den epidemiologiske betydninga er førebels uviss. Likevel kan funnet minna oss om at spillpoteter kan vera ei viktig smittekjelde.

I tillegg til genotype-analysen har vi generert reine isolat. Eit utval av desse isolata skal testast for fungicidresistens og aggressivitet. Vi skal også undersøkja den genetiske bakgrunnen for fungicidresistens, og vi arbeidar med å utvikla ein hurtigtest for rask påvising av ein mutasjon knyta til resistens mot mandipropamid.

I likskap med dei to førre åra er både EU_41 og EU_43 påviste i Noreg denne sesongen. Dette aktualiserer spørsmålet om dagens strategi bør vidareførast, eller om situasjonen tilseier justeringar. Årets funn understrekjer behovet for kontinuerleg kartlegging av populasjonane og for god kjennskap til dei genetiske typane vi står overfor i kampen mot tørrote.

FTA kort
Tørråteprøvane er overført til FTA-kort og sendt til James Hutton instituttet i Skottland for å identifisera genotypar.