Innhald:
Webinar 1
Velkomen og presentasjon av program, med bilete frå kystlynghei i Møre og Romsdal v/ Marita Fjelle Hegg
Kort om statsforvaltarens rolle knytt til oppfølging av kystlynghei, og kva vi kan bidra med v/ Marita Fjelle Hegg
"Kystlynghei – korleis blir dette ein god beiteressurs?" v/ Liv Guri Velle, NIBIO
Webinar 2
«Villsaudrift i kystlyngheia – ei praktisk tilnærming» v/ Daniel Fjørtoft, Uksnøy villsaulag.
Webinar 3
«Biologisk mangfald av jordliv og insekt i kystlyngheia» v/ Reidun Pommeresche, NORSØK
«Klima og karbonlagring i kystlynghei» v/ Siri Vatsø Haugum, Lyngheisenteret
Kort om dei som har innlegg:
Marita Fjelle Hegg er tilsett hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Liv Guri Velle er tilsett i NIBIO, og har jobba med forsking og formidling av kystlynghei i over 20 år. Ho er særleg interessert i skjøtsel av naturtypen, og har ei doktorgrad om brenning og beitebruk av kystlynghei langs kysten. Forskinga hennar handlar i stor grad om korleis arealbruksendringar- og klimaendringar påverkar lyngheia. Velle sit i Artsdatabanken si ekspertgruppe for raudlistevurdering av semi-naturlege naturtypar, og ho er nyleg valt til leiar for det Europeiske lyngheinettverket.
Daniel Fjørtoft har lang erfaring med hold av gammelnorsk sau på kystlynghei og anna skjøtsel av lyngheia.
Reidun Pommeresche er tilsett i Norsk senter for økologisk landbruk. Ho arbeider med forsking og formidling om biologisk mangfold, særleg knytta til jord.
Siri Vatsø Haugum er tilsett ved Lyngheisenteret. Forskinga hennar fokuserer på korleis økosystemet i kystlyngheia reagerer på klimaendringar og endra arealbruk, med særleg vekt på brann, tørke og karbonlagring.
Opptaket er tilgjengeleg til 18. desember.


