Utvikling av droneteknologien går raskt, og stadig fleire bønder ser moglegheiter for å ta dronar i bruk i drifta. I midten av oktober var vel 75 bønder, rådgivarar, forskarar og forvaltarar samla på Lofthus i Hardanger for å høyre nytt om dronar i landbruket. Norsk Landbruksrågiving har vore involvert i tre ulike prosjekt med utprøving av dronar til ulik bruk i Vestland fylke. Erfaringane frå prosjekta viser at dronar kan gjødsle og sprøyte presist og effektivt, men det er enno trong for utprøving og læring skal dronane verte gode verktøy i landbruket. Før du kan starte flyging med landbruksdronar i spesifikk kategori må Luftfartstilsynet godkjenne dokumentasjon for sikkerheit og manual for operasjonane. I tillegg krevst kurs for å fly dei store dronane som også slepp last. Ynskjer du å sprøyte med plantevernmiddel må Mattilsynet godkjenne at det er lov å bruke plantevernmiddel med drone. Førebels kan dei gje dispensasjon for bruk av drone til sprøyting av plantevernmiddel i utprøvingar og forsøk.

Sprøyting mot bjørnebærkratt på bratte beite i Kvinnherad
I Uskedalen i Kvinnherad har brørne Tor Ove og Stian Haugland tru på at dronar kan verte eit nyttig hjelpemiddel i drifta. Dei driv samdrifta Haugland Mjølk og Maskin, med 45 mjølkekyr, 50 ungdyr og 15 kalvar, og har investert i ein DJI Agras T50 drone. Dronen vil dei bruke til sprøyting, gjødsling og kalking, spesielt på 200 dekar med bratte og ulendte beite som samdrifta disponerer. Med mange dyr som skal ut på beite, trengst mykje og godt beiteareal. Innmarksbeita i Uskedalen ligg oppetter dei bratte liene, og både gjødsling og ugrassprøyting vert utført manuelt. Det største og aukande ugrasproblemet på beita er bjørnebærkratt som breier om seg. Brørne har gjennom fleire år prøvd både beiting med geiter og manuell ugrassprøyting med ryggtåkesprøyte for å få bukt med bjørnebærkrattet, men dei har ikkje lukkast med å stogge spreiing av krattet. Dei ser at betre skjøtsel og kontroll på ugras kan auke fôropptaket på beite.
Stian Haugland fortalte på seminaret om si erfaring med å bruke ryggtåkesprøyte på beite. Arbeidet er tungt og beita er ulendte. Løftet vert fort tyngre enn Arbeidstilsynet sine tilrådingar på 15-20 kg for regelmessige løft. Sjølve sprøyta veg i overkant av 10 kg. I tillegg skal sprøyta fyllast med minst 15-20 liter sprøytevæske. Tilrådd væskeforbruk ved ugrassprøyting med ryggsprøyte er 35 – 50 liter væske pr dekar. Ei full sprøyte rekk til knapt 0,5 dekar. Kapasiteten ved bruk av ryggsprøyte er rekna til å vere 0,5 – 1,0 dekar pr time, og det vert mange timar berre ein skal sprøyte eitt av dei mange beita. Det er også vanskeleg å ha nok dagar med opphaldsver, både til slått og beitesprøyting. I tillegg til stor arbeidsbelastning med ryggsprøyte, er det vist at faren for eksponering av plantevernmiddel er stor ved bruk av ryggtåkesprøyte. Ved bruk av drone kan risikoen for operatøren reduserast med 99 % samanlikna med bruk av ryggtåkesprøyte.

I Noreg og i EU er det generelt forbod mot å nytte drone, som er eit luftfartøy, til sprøyting av plantevernmiddel. Etter søknad til Mattilsynet fekk brørne Haugland i år dispensasjon for å prøve ut dronen til sprøyting mot bjørnebærkrattet på beite. Vilkåra var at det maksimalt skulle sprøytast 20 dekar. Avstand til hus måtte vere minst 200 m, og avstand til ope vatn minst 50 meter. I tillegg vart fristen for å kunne sleppe dyr på beita forlenga til 4 veker.
I samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving vart testfeltet på 19 dekar kartlagt med drone og multispektralt kamera i april. Det vart laga bilete der rosene med bjørnebærkratt vart merka av, og tildelingsfiler basert på kartlegginga, vart brukt for sprøyting mot bjørnebærkrattet 2. juli. Det viste seg då at bjørnebærkrattet hadde spreidd seg utover det som vart registrert i april, og sprøytinga hadde liten effekt. Lærdom var at kartlegging av eit felt må skje tett opp mot sprøytetidspunkt for å kunne nyttast.
Feltet vart igjen sprøyta med Tomahawk i slutten av august. Denne gongen vart feltet breisprøyta med 5 liter sprøytevæske pr dekar. Dronen brukte 6 rundar og om lag 36 minutt effektiv flytid for å dekke heile testfeltet. I tillegg kjem tid for å etterfylle sprøytevæske og å skifte batteri. Reknar ein 2-3 minutt i tillegg per runde, vert totaltid for sprøytinga om lag 50 min og kapasiteten ved dronesprøyting 20 -25 dekar i timen. Dronen held sjølv styr på kvar det er stopp i sprøytinga for å fylle på meir sprøytevæske, og startar automatisk på rett plass for neste runde med sprøyting. Testresultata er enno ikkje ferdig handsama, men ved kontroll i testområdet ein månad etter sprøyting såg det lovande ut, sjå bilete.

Gjødsling av eng med drone
I sommar vart Torgeir Timenes Bell og Helge Hoftun i Viksdalen i Sunnfjord godkjende som dronepilotar. Dei har stifta selskapet Fyke AS, og dei har kjøpt ein DJI Agras T25 drone. Dronen ynskjer dei å bruke til presis gjødsling og sprøyting, spesielt på bratt areal. På seminaret fortalde Torgeir Timenes Bell om erfaringar med fyrste oppdraget. Dei vart bedt om å gjødsle eit 30 dekar stort og flatt attlegg for ein nabo. Etter mange veker med regn hadde det vore uråd å kome utpå attlegget med traktor for å gjødsle. Attlegget vart ikkje kartlagt med tanke på variabel gjødsling. Gjødsla vart breispreidd med dronen, etter at dei hadde nytta same drone til å merke av arealet. Dei valde ei innstilling slik at dronen spreidde sju meter i kvart drag. I alt vart det spreidd ut 1500 kg gjødsel på 30 dekar, fordelt på 70 flygingar. Det vart mange turar tilbake til utgangspunktet for etterfylling av gjødsel, som denne gongen vart gjort med ei bøtte. Totalt vart det brukt omlag 4 timar på arbeidet. Flygetida til dronen var om lag to timar, same tida vart brukt på etterfylling, og dei ser eit stort potensiale for å effektivisere denne delen av arbeidet. Dronen spreidde gjødsla svært presist, men i etterkant såg ein tydeleg at kantane ikkje var gjødsla. Dei hadde ikkje vore tøffe nok til å sette kantlinja for arealet som skulle gjødslast langt nok ut.

Dronesprøyting i fruktfelt
Sprøytedronar har mange moglege innstillingar for flyhastigheit, høgde over bakken, dropestorleik og væskemengde pr dekar. Norsk Landbruksrådgiving har i to år arbeidd for å finne beste praksis for bruk av sprøytedrone, med tanke på best mogleg avsetning av sprøytevæske på bladverket i frukttrea og minst mogleg avdrift til miljøet rundt. Hittil har alle sprøytingane vore utført med vatn tilsett fargestoff. Avdrift og avsetning har vore målt ved hjelp av registrering av farga dropar på kvitt papir, som vert digitalt avlese. Ein har samanlikna bruk av drone, rifle og tåkesprøyte. Resultata av utprøvingane så langt vart presentert på seminaret av rådgjevar Endre Bjotveit.

Ved dronesprøyting vert væskedropane pressa nedover i bladverket av lufttrykket frå rotorane, og det vert registrert mykje avdrift av sprøytevæske på bakken nært trea. Tåkesprøyta spreier dropane meir horisontalt, og avdrifta er mindre enn for dronesprøyting nært trerekkja, men ca. tre meter frå trerekkja vart det målt større avdrift frå tåkesprøyte enn frå alle dei ulike innstillingane med dronen. Ved bruk av rifle er det målt svært stor avdrift nær trerekkja, men som for dronesprøyting, er avdrifta mindre enn for tåkesprøyte tre meter frå trerekkja. For rifle- og dronesprøyting vart det nesten ikkje registrert avsetning av sprøytevæske utover 6-7 meter frå trerekkja.

Avdrift i høgde over bakken vart registrert 3,5 meter frå trerekkja. Ved bruk av rifle og drone var det lite avdrift høgare enn 1 meter over bakken, medan det ved tåkesprøyting var registrert avdrift inntil om lag 2 meter over bakken.
Utifrå dei målingane som er gjort til no, tyder det på at avdrift frå drone- og riflesprøyting er større enn tåkesprøyting nær trerekkjene. Lenger enn tre meter frå trerekkjene er det registrert størst avdrift frå tåkesprøyta.
Avsetning på bladverket er målt både ved å legge papir horisontalt i trerekkjene og ved å henge papiret skråstilt over trerekkjene. Det viser seg at det er utfordrande å få tilstrekkeleg dekningsgrad i høge kulturar som frukttre. Med skråstilte papir viser toppane og den nedste delen av trea best dekning, medan dekninga midt i trea er dårlegare. Generelt er dekninga mykje dårlegare enn ved bruk av tåkesprøyte.

Gjennomsnittleg dekningsgrad med drone aukar litt med væskemengde og noko med hastigheit, til 20-35 % dekning, mot 71 og 91% med tåkesprøyte og rifle.
Registrering på horisontalt plan viser god dekning for dronesprøyting, om lag tilsvarande som for tåkesprøyte på oversida av blada, men det er lite avsetning på undersida av blada. Bruk av fire dyser på dronen og mindre dropar gav betre avsetning, medan auka fart slo negativt ut.
Utprøvingane vil halde fram til neste år, og om Mattilsynet gjev dispensasjon, vil ein då teste dronesprøyting med plantevernmiddel, fortrinnsvis mot skurv i eple. Då vil vi få eit betre svar på om dekningsgraden ved bruk av drone er god nok til å hindre skurv i å utvikle seg i forsøksfeltet.


