Jordbruksgruppa i Region Vest tel ca.15 rådgivarar som driv med rådgiving på ulike felt i området frå Sunnhordland til nordre Sunnmøre. Alle var med på samlinga. I tillegg har vi i Vest nokre fleire rådgivarar som har økonomi som hovudarbeidsfelt, men som også er innom tradisjonell grovfôrrådgiving.

Eit viktig fagtema på samlinga var beiting. Vi besøkte gardsbruk med kyr i robotfjøs og bruk der sau var hovudproduksjon. Det blei og tid til besøk hjå Hellestveit Gard som driv med sau, men der bonden har utvikla doseringsutstyr for ensileringsmiddel (nSilo). Hardanger Bygdeysteri serverte oss hamburger med osten dei produserer.
Når rådgivarar av denne typen går langs vegen i nærleiken av grasmark, så blir det nokre stopp undervegs. Dei blei både formidling og mottak av kunnskap rundt gras og ugras. Vi prøvde oss også i ein intern konkurranse der vi vurderte fôrkvaliteten i ei eng. Grasprøve er innsendt, og resultatet vil syne kor godt vi trefte.

Det var også noko fokus på tid for slåttestart. Det har vore fint ver lenge, og det held fram. Vi såg ingen som hadde starta slåtten, men det blir nok ein forsiktig start no rett før 17. mai nede ved fjorden. Hundegras var i skyting, elles såg vi lite med aks i enga.
Ei slik samling for rådgivarar er nyttig, og er viktig både fagleg og sosialt. Det må byggast relasjonar mellom dei eldre og dei ferskare rådgivarane, og også mellom rådgivarar i ulike område i regionen.
