Debio har nyleg lansert ei ny merkeordning for kjøt- og mjølkeproduksjon der storfe, sau og geit har levd på 90 til 100 prosent norsk grasfôr, og der dyra beitar ute heile vekstsesongen.

Ordninga er ein pilot med oppstart i 2022, som i fyrste omgang er for bønder som allereie produserer økologisk. Statsforvaltaren i Nordland og Troms og Finnmark samarbeider med Debio, og tilbyr ordninga også for verksemder som ikkje har økogodkjenning. Etter at piloten er gjennomført, skal det vurderast om ordninga kan utviklast vidare til å gjelde heile landbruket. I dag har tre verksemder fått godkjenning og fleire ventar på revisjonsbesøk frå Debio.


Les meir om merkeordninga her:
Ny merkeordning for grasbasert mjølk og kjøt - Debio

Ny merkeordning for grasfôra dyr - Bondebladet