– Det er (nesten) bestandig noko å finne, men i varierande grad, seier Ola Sæter Grenne med kontorplass på Skjetlein utanfor Trondheim. Han har drive med kjellarkontrollar i fire år frå han starta i NLR. Flest og størst skadar finn ein på kjellarar frå 70-og 80-talet, legg han til. Den tida var krava til betongkvalitet lågare og overdekking av armeringa mindre enn i seinare år.

Eit anna tilhøve vi ser gjev seg store utslag er kvaliteten på betongarbeida (forskaling, armering og utstøyping) som også varierer. Lagdeling i betongen og steinreir er til dømes slikt som aukar faren for rustdanning på armeringa.
Varierande tilstandar
Dei 12 i Avdeling Bygg som driv med kjellarkontrollar, er lokalisert i Nord-Norge, Midt-Norge, Vestlandet og Innlandet, men tek oppdrag over heile landet.
– Erfaringane frå Troms er varierande, seier Roger Østvik med kontorplass i Tromsø. Men det overraskar oss litt at det er såpass bra i kjellarar frå 80-talet. Det er tydeleg at her har det vore ordentlege handverkarar, men vi ser også det motsette.
– Det er også sterkt å tilrå at ein set bort eventuelt reparasjonsarbeid til firma med erfaring frå betongreparasjonar, understrekar han. Vi har sett ein del eksempel der tiltakshavar sjølv har flikka på betongen, og der skaden har vorte verre ved at rusta armeringsjarn er støypt inn.

Lite ein veit på førehand
– Ein veit sjeldan veit tilstanden før ein får gjort ein kontroll då det er vanskeleg å danne seg eit klart bilde av situasjonen utan å ta seg ned i kjellarane Ketil Are Edvardsen med kontor på Leknes i Lofoten.
– Eit visst inntrykk kan ein nok ha, men oftast opplever vi dessverre at tilstanden er verre enn den gardbrukaren sjølv trur, lagg han til.

Ribo-dekke
Spesielt utsett er dei såkalla «Ribo-dekka», eit elementsystem som var i bruk på 70- og 80-talet. Her vart det brukt slanke, berande konstruksjonar med lita overdekking, og det har hendt vi har kome ned i kjellarar der armeringa heng og sleng frå elementdragarane. Då snakkar vi om kritiske skader som krev reparasjon med ein gong, og der det vil vere uforsvarleg å sleppe både dyr og menneske innpå. Der det er plasstøypte konstruksjonar, heng armeringa og konstruksjonane betre samen og det vert kanskje ikkje like kritisk, legg han til.
Ketil er i utgangspunktet heller ikkje trygg på konstruksjonar som er av nyare dato. Her er det ofte nytta større spenn på til dømes dragarar, og ein veit at lausdrift skaper større belastningar på eit dekke enn dyr som står på bås.
– Det er viktig å få kontrollert også slike kjellarar slik at eventuelle skader kan oppdagast og utbetrast på eit tidleg tidspunkt før dei vert for omfattande.
Han fortel elles at det hender dei kjem over kjellarar der det er brukt fjøresand og betong med lite sement; noko som er ekstra problematisk.
Både bra og mindre bra
– Eg har sett frilagt eller starten på frilagt armering i alle kjellarane eg har kontrollert til no, seier Tore Steigen, som held til på Hadeland. Anten på dekke, dragarar eller spalteplank.
Han fortel elles om nokre eldre kjellarar der det var til dels omfattande skader, men som heldigvis ikkje lenger vart nytta til oppstilling av dyr.
– Men det er også noko bra, understrekar han. Tilstrekkeleg med overdekning og rette betongkvaliteten i kombinasjon med godt utført arbeid er årsakene til dette. God utlufting i kjellarane for å ventilere ut gasser som utviklar seg i gjødsla, er og ei fordel.



