NLR tilbyr rådgjeving innan bygg, økonomi og HMS for dei fleste produksjonar. Med god planlegging og tett samarbeid sikrar vi at prosessen frå idé til innflytting vert så god som mogeleg.
Høg aktivitet i Vestland
Bruksutbygginga går for fullt i Vestland, og NLR har mange prosjekt på gang. Vi tilbyr komplett rådgjeving frå idéfase til innflyttingsklart bygg, og har særleg mange oppdrag innan sau, ammeku og mjølkeproduksjon. Men vi jobbar også med kundar som har mjølkegeit, ammegeit og gris.
God planlegging gir betre økonomi
Ein god planleggingsprosess er avgjerande for ei vellykka utbygging. I NLR region Vest samarbeider rådgjevarar innan økonomi, bygg og HMS tett gjennom heile prosessen. Dette gir bonden eit best mogeleg resultat, både fagleg og økonomisk.
Det er kostbart å bygge, og difor er det viktig å vite kva driftsomfanget kan bere av kostnader. Vi hjelper deg å unngå luftslott og sikrar at planane er realistiske og gjennomførbare.

Ny sauefjøs på Tenden i Stryn
Dei unge bøndene Kamilla Katrin Rake og Sondre Tenden har nyleg flytta inn i ny saue- og ammekufjøs i Stryn. Bygget har kapasitet til 150 sau og er kalkulert til ca. 4,4 millionar kroner. NLR har bidrege med både driftsplan og byggplanar, og har vore med i kontraherings- og byggefasen.
Sondre, som er maskinentreprenør, reiv eksisterande lade og gjorde grunnarbeidet som eigeninnsats. På dei andre faga vart det gjennomført tilbodskonkurranse med grunnlag i teikningar og tilbodsgrunnlag utarbeidd av NLR.
Bygget er reist med prekutt reisverk, med kledning fra eigen skog. Innreiinga er plassbygd med eigenprodusert material. Fjøsen har drenerande plastgolv og eiga avdeling på talle til lamming. Ammekuavdelinga har open front med forbrett og fangfrontar. Kyrne skal gå på talle, og det er portar i heile breidda i begge ender, for enkel tilgang med traktor.
Hovudtanken med bygget var mest mogleg areal til lågast mogeleg pris. Kamilla og Sondre hadde ikkje behov for isolert fjøs, men får eit fleksibilitet bygg der dei enkelt kan endre driftsopplegg ved seinare høve.

Ny mjølkefjøs i Fjaler
I Hellevik i Fjaler planlegg Geir Magne Kleppe og sonen Daniel ny mjølkefjøs. Daniel er motivert til å ta over drifta og har bakgrunn som fagskuleingeniør og entreprenør. I samarbeid med NLR har dei utarbeidd driftsplan og kalkylar for framtidig produksjon. Det er ein god reiskap til å vise hva resultat drifta vil gje, alt etter kostnad med nybygget.
Etter sommarferien starta byggplanlegginga, og byggrådgjevar Hans Emil Dale har vore på synfaring. Saman vurderer dei plassering, tilgang til beite, vegtilkomst og kostnader med grunnarbeid.
Neste steg er planskisser, byggteikningar, kostnadsoverslag, tilbodsdokument, kontrahering og byggefase. HMS-rådgjevar vert kopla på før byggestart, for å sikre nødvendig dokumentasjon og god fokus på helse, miljø og sikkerheit.
Dette er ei stor investering, og grundig planlegging er heilt avgjerande. Det er opp til byggherren/bonden å bestemme kor mykje rådgjeving dei ynskjer, men vår erfaring er at det er ei god investering å bruke nøytrale rådgjevarar for å sikre at byggprosjektet vert gjennomført som planlagt.


