For fleire bønder har møkkakøyringa med traktor og tankvogn ført til så mykje tidsbruk på våren at anna våronnarbeid har måtte vente. Dette kan til dømes gå ut over arbeidet med engfornying. Kva skjer på feltet, og korleis er rådgjevarane sine reknestykkje?

Tradisjonelt har størstedelen av husdyrgjødselspreiinga på Vestlandet vore basert på utkøyring med vogn med fanespreiar. Metode for omrøring og fylling av vogna har variert, samt storleik på vogna. Dess lengre transportavstand dess større vogn, med tilpassing til topografien. I tillegg har rådgjevarane også gitt vurderingar av kor mykje vatn som bør blandast inn. Større vassinnblanding kan aksepterast ved korte køyreavstandar.

Nyare, større driftseiningar har mykje større volum husdyrgjødsel, opne utvendige gjødsellager med ofte godt over 1 meter nedbør i lageret og dessutan større transportavstandar. Den tradisjonelle logistikken har blitt sterkt utfordra.

I fleire område på Vestlandet har det etablert seg husdyrgjødselentreprenørar som tilbyr spreiing med slange og nedleggar. Dessutan er der òg tilbod om biltransport av husdyrgjødsel med tankbil/ semitrailer, slik at transport frå hovudlager til satelittlager er meir rasjonelt enn køyring med traktor og tankvogn.

Dei regionale RMP-ordningane har komme inn med tilskot til slangespreiing og nedlegging/ nedfelling av gjødsla. Reglane for RMP-ordninga er litt ulike for Møre og Romsdal og Vestland.

Vogn eller slange, kva løner seg?

Korleis kan desse endringane slå ut på korleis du bør handtere husdyrgjødsla på ditt bruk? Faktorane som må vurderast er fordelte på tre hovudtema:

Skjermbilde

Det vart gjort ei samanlikning for ei samdrift på Sunnmøre som har om lag 4500 m3 husdyrgjødsel å spreie på 700 dekar. Samdrifta har ein stor open kum og fleire satelittlager, tre møkkavogner og fleire enno oppegåande kårkallar/traktorførarar. Ville det likevel lønne seg å leige slangespreiing? 3000 m3 var aktuelt å spreie med slange. Jorda ligg 200 – 2500 m køyring frå lager. Om lag 64 % av arealet ligg 400 m eller kortare frå lager. Om lag 16 % av arealet skulle spreiast med vogn om våren. Konklusjonane vart:

  • Økonomisk kom alternativa om lag likt ut, utan RMP-tilskot
  • Agronomisk har slangespreiing fordelar framfor utkøyring med vogn
  • Driftsteknisk er det ein stor fordel med den mykje høgare kapasiteten ved slangespreiing. At ein får frigjort mykje tid til anna viktig arbeid er velkoment, særskilt på våren.

Kva med gardsbruk som har mindre volum husdyrgjødsel

Er gjødsellageret tilpassa slangespreiing? Volumet må vere stort nok til å tynne ut gjødsla så den kan transporterast gjennom slange, og dessutan må ein kunne røre opp heile volumet skikkeleg. Arrondering av jorda må også ligge til rette.

Slangespreiing har stor kapasitet og er godt egna til samarbeid/leigekøyring. Om kapasitetsutnyttinga (stordriftsfordelen) er på plass, er det mykje betre økonomi å spreie husdyrgjødsla med slange.

Transport av husdyrgjødsel frå fjøs til satelittlager

I ei utgreiing om biogassanlegg, vart ulike transportmåtar for husdyrgjødsel/biorest frå fjøs til lager samanlikna. Transport med 30 m3 semitrailer, transport med nedgravd røyrgate og transport med fleksibel slange. Allereie ved ein avstand på 1,8 km var innleigd transport med semitrailer det desidert mest økonomiske alternativet. Om transporten kan gjerast med eige utstyr i rolege periodar, kan dette påverke vurderingane.

Satellittlager er nyttig både om du har for liten kapasitet i hovudlageret ved driftsbygninga, men også om spreieareala ligg i ein viss avstand frå hovudlageret. Finst det eigna eksisterande lager nær spreieareala? All transporttid på rolegare tider på haust og vinter vil vere gull verdt når våronna startar. Eigna lager: enkle å fylle inn i, enkle å røre opp og enkle å pumpe/suge gjødsel ut av, gjerne med vegar som er tilpassa tungtransport/semitrailer.

Om ein planlegg å bygge nytt (satellitt)lager, kan tilskot gjennom Innovasjon Norge vere aktuelt. Det gjeld å plassere lageret strategisk ved spreiearealet på ei tomt stor nok til rasjonelle trafikkløysingar for lossing og lessing av gjødsel. Bygg stort nok.

Nedleggar/nedfellar eller fanespreiar

Utstyr for nedlegging/nedfelling er dyrare i innkjøp og drift enn ein enkel fanespreiar. No må det påreknast noko større nitrogentap (som ammoniakk) frå husdyrgjødsla ved bruk av fanespreiar.

Tilskot til bruk av nedleggings-/nedfellingsutstyr gjennom RMP-ordninga gjer det meir aktuelt å nytte slikt utstyr. Prisen på nitrogengjødsla vil sterkt påverke dette.

Tiltak som tar vare på nitrogenet i husdyrgjødsla og reduserer behovet for innkjøp av nitrogen som handelsgjødsel bør vere i fokus i landbruket.