I Noreg har vi lang tradisjon med bruk av ensileringsmiddel. Og med god grunn. Varierande hausteforhold og hausteteknikkar gjer at bruk av ensileringsmiddel framleis er viktig for å ta vare på fôret fram til fôrbrettet.
Etter hausting er plantematerialet framleis levande. Plantene pustar, og i denne prosessen brukar plantene sjølve av dei verdifulle næringsstoffa som dyra skal bruke til å produsere mjølk og kjøt. I tillegg er der mikroorganismar på graset, som også “et av lasset”, og då sjølvsagt av den mest verdifulle delen (lettløyseleg protein og karbohydrat)
For å ta vare på mest mogeleg av næringsstoffa i graset frå det ligg nyslått bak slåmaskina, gjennom lagringsperioden og fram til dyra får det servert på fôrbrettet, set vi inn fleire tiltak, som høg stubbing, fortørking, finsnitting, god pakking, og lufttett lagring. Alt dette er viktige tiltak for å ta vare på kvaliteten i foret. I tillegg har vi i Norge også, som surfôrforskaren Åshild Randby seier: «solide tradisjoner for å nytte effektive ensileringsmidler i grashøstinga. Det kan vi prise oss lykkelig over».
Bruk av gode ensileringsmiddel reduserer tap av fôrkvalitet under lagring, reduserer tørrstofftap, gjev eit meir smakeleg fôr med potensiale for høgare fôropptak, reduserer faren for smaksfeil på mjølka. Så veit vi at vêret i Norge varierer, likeeins driftsopplegget ute på gardane. Vi har mange ulike typar ensileringsmiddel i marknaden tilpassa ulike driftsopplegg og ulikt vêr under haustinga. Det er viktig å velje rett ensileringsmiddel for å oppnå best mogeleg ensileringsresultat. I det vidare drøftar vi nokre faktorar som er avgjerande for forkvaliteten, og korleis desse faktorane blir påverka av ensileringsmiddel.
Tørrstofftap
I gras, uavhengig om det blir rundball eller silo, skjer der eit tap av tørrstoff under ensileringsprosessen. I 2015 vart det gjort eit forsøk der ein undersøkte dette: Tørrstoff% i graset var omlag 32. Surfôr utan tilsett ensileringsmiddel hadde 35–40 prosent høgare tørrstofftap samanlikna med fôr tilsett ensileringsmiddel. Dette kan utgjere opp mot 8-10 kg tørrstoff per rundball. Det å bruke eigna ensileringsmiddel er eit viktig hjelpemiddel for å redusere tap av fôr.
Proteinkvalitet
I ferskt gras er 75–90 prosent av nitrogen (N) bunde i protein. Ved hausting vil det alltid skje ei nedbryting av proteinet i graset, men ved å avgrense gjæringa kan vi redusere nedbrytinga. I tillegg til fortørking er tilsetting av ensileringsmiddel av tiltaka som reduserer nedbryting av protein. Ved Sveriges Landbruksuniversitet (SLU) er det gjort eit forsøk der dei har vurdert kor viktig ensileringsmiddel er for denne nedbrytinga og effekten av nedbrote protein for drøvtyggaren. Resultat frå studiet viser at meir av proteinet vart bevart i opprinneleg form ved bruk av ensileringsmiddel samanlikna med utan. I tillegg var meir protein tilgjengeleg for vommikrobane og som «bypass» til tarm.
Auka fôropptak
Fleire forsøk, både frå Norge og Finland, viser til resultat der ensileringsmiddel har positiv verknad på grovfôropptaket. Grovfôr som er riktig konservert med ensileringsmiddel har god smakelegheit, då mykje av sukkeret blir bevart og det vert ei avgrensa gjæring. Det er ynskjeleg med ei god mjølkesyregjæring, men i moderate mengder. Store mengder gjæringsprodukt vil redusere fôropptaket.
Ensileringsmiddel
Sjølv om fleire produkt går under omgrepet ensileringsmiddel, tyder ikkje det at dei fungerer like optimalt for alle. Ver bevisst på kva for behov og utfordringar du har på ditt bruk, og vel deretter type og produkt.
Syrebaserte middel – senkar pH umiddelbart.
- Syrebaserte middel inneheld hovudsakleg maursyre. Maursyre gir alle bakteriar en «kalddusj» og rask pH-senking i graset.
- «Plussmiddel» inneheld mindre maursyre, men har i tillegg andre syrer (propionsyre, benzosyre) som er effektive for å hindre mugg- og gjærsopp.
Saltbaserte middel («Kofamiddel») – øydelegg miljøet for uønska bakteriar.
- Berre til bruk i rundball.
- Inneheld selektive bakteriedrepande stoff.
- Spesielt eigna ved problem med sporar i mjølk eller listeriose.
- Ballane må ligge i 4 veker før bruk.
Bakterie-/ biologiske preparat – tilfører meir av ynskt bakterie
- Tilfører meir av mjølkesyrebakteriar, slik at produksjonen av mjølkesyre aukar. Dette senkar pH og hemmar produksjonen av eddiksyre og smørsyre.
- Brukar av sukkeret i graset.
- Ved hausting av vått gras vil desse midla gje sterk gjæring, dårlegare smak på fôret og nedsett fôropptak.
- Til direktehausting i silo og lite fortørka gras i rundball vert det frårådd i bruke slike middel.
Ulike utfordringar
Rundballar og plansilo er i dag dominerande lagringsmetodar, og det aller meste av fôret blir fortørka. Dette betyr i praksis at utfordringane i samband med bakteriell aktivitet/gjæring blir mindre, men at problem med mugg og gjærsopp lettare kan oppstå.
Tørrstoffnivå påverkar val av middel
Ensilering av gras med låg tørrstoffprosent har høgare risiko for feilgjæring enn tørrare gras, og difor er det spesielt viktig å bruke ensileringsmiddel når ein haustar under vanskelege tilhøve. Ensileringsmiddel basert på maursyre eller salt («Kofamiddel») vil vere det beste valet under våte/vanskelege tilhøve. Ved gode tilhøve der ein får tørka til 30-35 % tørrstoff, er utvalet av aktuelle middel langt betre.
Rett dosering er viktig for å oppnå ønska resultat; underdosering sparar deg ikkje kroner, men kan koste deg fôr. Er du i øvre eller nedre sjiktet av bruksområde til eit produkt kan det være lurt å tenkje seg om kva effekt du treng. Brukar du f.eks. eit «Plussmiddel» og graset ikkje fekk tørka så mykje som ønskt, er det billegare og betre å bruke eit ensileringsmiddel som berre inneheld maursyre. Det lite trong for propionsyre og/eller benzosyre i eit slikt høve. Vått gras treng rask pH-senking, og det er det maursyre som er klart best til, sidan maursyre er ei mykje sterkare syre enn t.d. propionsyre.
pH-påverknad
Rask pH-senking i graset etter hausting er viktig for å unngå feilgjæring. pH 4,2 blir ofte nemnt som det optimale, men kva for pH som er ok på analysesvaret vil variere. Om grovfôrprøva har eit høgt tørrstoffinnhald så vil pH også vere høg, utan at det har skjedd ei feilgjæring. Tørrstoffprosent og pH må bli vurdert i samanheng.
Sikrar resultatet
Bruk av rett ensileringsmiddel skal gje godt grovfôr slik at ein oppnår høg produksjon av mjølk og kjøt, og redusert svinn av fôr. Vurder nøye om det er rett å endre/kutte ut bruken av ensileringsmiddel i jakta på kostnader på garden din.
Ensileringsmiddel er ingen garanti for godt grovfôr; det viktigaste er at arbeidet vert utført rett. God planlegging og utføring av alle operasjonar i haustearbeidet er viktig for å oppnå eit best mogleg grovfôr.
Til slutt: Ta analyse av surfôret slik at du veit kva kvalitetar du har. Vi vil også tilrå at du bestiller NLR Surfôrtolken hos oss i NLR. Der vil du få ei vurdering av analyseresultatet, og tilrådingar om korleis du kan oppnå endå betre kvalitet på surfôret ditt.