Å lage til eit attlegg er arbeidskrevjande og dyrt. Du legg ned timar med traktor og utstyr, kjøper frø, kalkar og gjødslar. Når denne jobben er gjort er du på oppløpssida, snart i mål, då kan du ikkje stoppe opp og snu ryggen til målstreken. Du må fullføre!
Det vil seie at du må vurdere ugrassituasjonen og få kontroll på denne. Det sikrar deg eit godt attlegg som kan gje ei robust eng i fleire år framover. Ofte kjem det meir ugras enn det kan sjå ut til på eit tidleg stadium. Difor er det freistande å seie at det er bortimot «obligatorisk» å sprøyte eit attlegg i konvensjonelt jordbruk.
Frøugras er forholdsvis enkelt å få kontroll på. Har du derimot problem med tunrapp, så kan ikkje denne bekjempast etter spiring av attlegget. Det som kan hjelpe er at attlegget får gode vilkår utan ugrasinnblanding, og får vekse godt ut før hausting. Dette likar ikkje tunrappen!
Normalt vil det gå ein god månad frå såing av attlegg til gras og kløver toler sprøytinga mot ugraset. Kløver må helst ha fått to varige blad. På det tidspunktet er også grasartane komne langt nok.
Vassarve er kanskje det mest plagsame frøugraset i attlegg. Dei negative konsekvensane kan bli svært store om du ikkje vinn kampen mot vassarve.
Det beste kjemiske middelet mot vassarve er Express 50 SX. I attlegg med kløver skal det blandast med MCPA. MCPA har no namnet Agroxone eller Duplosan MAX (vi kallar den MCPA). Tilrådd dosering er: 0,75 g Express 50 SX + 50 ml MCPA pr. dekar. I somme høve kan det vere aktuelt å redusere dosen med Express 50 SX noko. Det har vore gjort med godt resultat.
Høymole finn vi i attlegg både som frøspirt og som store plantar spirt frå levande rotbitar. Der høymole dominerer, tilrår vi ofte å bruke Gratil i attlegg med kløver. Dosering er 2 (-3) gram Gratil + 50 ml MCPA pr. dekar. Det er viktig å ta kampen mot høymole alt i attlegget.
Gjetartaske er eit anna frøugras du skal vere merksam på. Det er lett å bekjempe kjemisk og vil forsvinne ved sprøyting mot andre ugras både med Express, Gratil og andre middel. Gjetartaske er vintereittårig (som vassarve). Difor står den grøn på rosettstadiet gjennom vinteren i eit haustsådd attlegg utan sprøyting. Det er ofte i slike situasjonar vi ser gjetartaske som eit problem.
Det kan vere vanskeleg å få gode nok forhold til å sprøyte eit haustattlegg. Det er ein myte at det ikkje er nødvendig. Utan sprøyting kan gjetartaske og vassarve sjå slik ut i førsteårsenga neste vår.
I denne artikkelen har vi teke føre oss nokre få ugras, spesielt i attlegg med kløver. Det finst sjølvsagt mange andre situasjonar der det er aktuelt å bekjempe andre ugras, det finst attlegg utan kløver og det er aktuelt å blande fleire kjemiske middel i ugraskampen. Rådgjevarane i NLR SA kan hjelpe deg med ugraskamp både i attlegg og i eng/beite.