Når ein skal lage kalkyle over grøftekostnader, er det mange forskjellige faktorar ein må legge til grunn:

Gravemaskin: Mellomstor maskin 8-12 tonn og med timepris på 850 kr. Kapasitet blir bestemt av terreng, kor hard jorda er, steininnhald, grøftedjup og maskinførar. På morenejord kan ein rekne 25-35 m pr. time. Under gode forhold på jord utan stein og på myr, kan ein komme opp i 50 m.

Rørkostnad: Til drensgrøfting er det nå ofte vanleg å bruk Ø 110 mm rør som er i rette 6 m lengder og som er dobbelvegga og glatte innvendig. Til systematisk grøfting er kapasiteten for Ø 50 mm meir enn stor nok, men prisskilnaden er så liten at ein i denne kalkyla vel å gå for den grøvre dimensjonen. Drensslange i kveil er litt billigare, men vanskelegare å legge utan å få buktningar. Ved bruk av 50 mm slange lagt med skuffemaskin, opplever mange problem med spyling. Etter forhandlingar med firma, ligg prisen i gjennomsnitt på 25 -30 kr/m for Ø110 rør i rette lengder og moderate mengder koplingsdelar.

Mannskap i tillegg til gravemaskinførar: Konstant 1 mann i grøfta til å legge rør og fordele filter, samt 1 mann til å kjøre flis med lasteapparat og fordele drensrør langs grøfta. Reknar her 300 kr pr. time inkludert sosiale utgifter.

Traktor med lasteapparat og skuffe til å kjøre filter og drensrør. Traktoren går lite og ein reknar timepris på 200 kr utan førar.

Kostnad med flis 120 kr/m3. Grøftegrus 160 kr/m3. I tillegg kjem frakt og den blir minst for sagflis ettersom den er mykje lettare enn grus. Det kan vere realistisk å rekne kr 5,00 pr. m/3 for frakt av flis, medan pris for frakt av grus fort kjem opp i 100 kr/m3. Fraktpris aukar med avstand. Ved bruk av 5 m3 med flis pr. 100 m grøft, vil meterprisen for flis da bli ca. 6 kr/m.

Attfylling: Reknar med 150 m pr. time for gravemaskin. Pris pr m blir da ca. 6 kr.

Etterarbeid: Steinkjøring og oppreinsking. Lite stein der det er stor gravekapasitet.

Riggkostnader: Dette er mellom anna kostnader med transport av maskineri fram til feltet. Pr. m grøft blir desse mindre desto større prosjektet er. Naboar som kan grøfte samstundes vil kunne dele på slike kostnader.

Kostnadene i denne kalkyla er gjennomsnittstal og vil kunne variere frå område til område. Det må også vektleggast at her er det ikkje lagt inn nokon eigeninnsats, slik at kontantutbetaling for den enkelte bonde kan bli mykje lågare.

På plussida kjem dessutan alle dei positive effektane som drenering har på eit areal; alt frå avlingsauke og meir kjøresterk jord til trivnad med eit areal som ikkje er øydelagt med blauthol og våte parti osv.

Kostnadspost25 m/time30 m/time
35 m/time
40 m/time
45 m/time
50 m/time
Gravemaskin34,-
28,-
24,-21,-19,-17,-
2 mann (i grøft + transport)24,-20,-18,-16,-14,-12,-
Traktor for flis- og rørtransport8,-7,-6,-5,-4,-4,-
Fliskostnad7,-7,-7,-7,-7,-7,-
Attfylling6,-6,-
6,-
6,-6,-6,-
Steinkjøring6,-6,-6,-5,-5,-4,-
Drensrør gjennomsnitt28,-
28,-28,-28,-28,-28,-
Sum113,-102,-95,-88,-83,-
78,-

Tabell 1: Grøftekostnad i kr. per meter grøft ved varierende grøftekapasitet.

Viss det er så lite stein at det kan nyttast kjedegraver, grøfteplog eller Rådalshjul, vil kostnadene ofte ligge på rundt halvparten av dette.

Det må leggast til at i fråtrekk frå desse kostnadene kjem tilskot på kr 30/løpemeter grøft eller 2000 kr / daa på tidlegare grøfta jord.

I ein del distrikt er det dessutan store rabattar på flis og grøftemateriell gjennom allmenningane.