Det er stor skilnad mellom ytre, indre, lågtliggande og høgtliggande strok på Vestlandet. Slåtten er i full gang ein del plassar, men prøvene syner at det i mange store jordbruksbygder er fornuftig å hauste i byrjinga i denne veka.

Tilråding i forhold til slåttetidspunkt er at ein må fylgje med i forhold til tørkestress. På tørkeutsette område er det betre å slå for tidleg enn for seint. Dersom det ikkje er nok vatn til plantane får vi tvangsmodning og nedgangen i kvalitet går veldig raskt. Når det er komme så langt at det svir har vi allereie mista ein del fôr.

Det er prøver frå Hordaland som er ferdig analysert, resultata er summert opp i tabellen under.

Sjcv9d4oa Pem Ze

VOSS

På Voss, Vossestrand og i Granvin har vi følgt utviklinga den siste veka. I Granvin har vi også sett på utviklingstadiet der vi har nytta MSC (mean stage by count). Dette er ein indeks som blir rekna ut i høve til utviklingsstadiet på timotei og blir gjort ved teljing av vekstnodar, evt. registrering av aks. På grasprøvane frå Granvin vart det registrert ein god del timotei som danna aks etter 2-3 vekstnodar, noko som kan tyde på litt tørkestress, menenga ser endå bra ut. Den siste grasprøva som vart teken ut her syner ein energikonsentrasjon på 0,98, men fiberinnhaldet er allereie nokså høgt med 53,9% av TS (539 g/kg TS).

I Skulestadmo har vi teke ut to prøvar i ei 2. års eng; hhv. torsdag 27. mai og på markvandring tysdag denne veka. Prøvane syner ein nedgang i kvalitet frå 1,01 til 0,92 i løpet av desse 5 dagane der Voss har vore mellom dei varmaste i landet. Innhaldet av fiber har auka frå i underkant av 500 til 566 g/kg tørrstoff. Om lag halvparten av denne auken er i form av ufordøyeleg fiber. Innhaldet av protein er nokså høgt; over 20 på siste prøva, noko som gir ein PBV på ca 65 g/kg tørrstoff.

Vossestrand, som er nordre del av heradet, er seinare enn jordbruksområda rundt Vossevangen, men med lite snø i vinter er det mindre skilnad enn vanleg. Det er teke ei prøve tysdag 1. juni i ei 5 år gamal eng. Her er energikonsentrasjonen framleis over 1 (Fem/ kg TS), men også her er innhaldet av fiber høgt; om lag 500 g/kg tørrstoff.

Q Mi S Br Om TC5 L6 R
Diskusjon rundt sprøyting av attlegg. Sjølv om det no er full fart med slått, så ta deg tid til å kike på attlegget. Rett sprøytetidspunkt i attlegget er når kløveren har fått minst eitt varig blad.

NORDHORDLAND

På måndag vart det teke ut to grasprøver i Alver kommune i samband med markdag den siste dagen i mai, ei på Frekhaug og ei i Fonnes. Her var det stor forskjell i kvalitet på dei ulike stadane, sjå tabell. På Frekhaug var timoteien i byrjande skyting i ei ung eng (Vestlandsblanding), men prøva syner at fôreiningskonsentrasjonen var 0,89 FEm/kg TS og NDF over 600 g per kg tørrstoff. I Vestlandsblandinga er det ein del artar som skyt tidlegare enn timotei og som kan forklare det høge fiberinnhaldet.

På Fonnes syner grasprøva at energikonsentrasjonen ligg rett over 1 FEm/kg TS og innhaldet av råprotein er 20% av tørrstoffet; dette syner at PBV no er på 40 g/kg tørrstoff.

WT Ks5vwsut Yn0 X

KVAM

Prøva i Kvam er teke ut ca 300 m.o.h og syner at energikonsentrasjonen framleis er over 1 FEm/kg TS. Her er innhaldet av protein høgt, noko som gir ein PBV nær 80 g/kg TS. Innhaldet av fiber er som dei andre plassane høgt, men samtidig litt lågare enn til dømes Voss. Innlandet har oftast høgare temperaturar og dermed høgare innhald av fiber.

082 Rj Yb Oe ZIVAR

SOGN OG FJORDANE

Den kommande veka vil me få svar på fleire prøvar som er tekne andre stader i NLR Vest sitt område. I Lærdal vart det halde markdag onsdag 2. juni (i regi kommunen), og her var eng dominert av timotei, luserne og kløver veldig nær slåtteklar!