Gjengedalsstøylen ligg i Hyen, Gloppen Kommune. Ja, vi brukar ordet «støyl» i dette området i Nordfjord. Vi har køyrt så langt vegen går, og vi er komne nesten inn i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Dette er ein støyl 480 moh med 6 gardsbruk som eigarar. To av desse er framleis i drift med mjølkeproduksjon og direkte levering til TINE. Det vart bygd veg inn hit i 1990, og det blei henting av mjølk med tankbil året etter. Nils Magne Gjengedal og kona Inger Johanne Hafstad Gjengedal er i dag drivarar på støylen. Grunneigarane i området leiger også ut til beiting med småfe, organisert gjennom Gjengdalsmarka Beitelag, som slepper 5-600 sauer og lam for året. I tillegg blir det skote mange 10-tals hjortar kvart år i dette området.

Støylsdrift har opp gjennom tidene alltid vore svært viktig for gardane i Gjengedalen. Tidlegare hadde ein to støylar til gardane, begge hadde kvier som vart nytta til slått. Buskapane var rimeleg store i Gjengedalen i høve til innmarksareal, sidan dei hadde gode fjellbeite. Det var også store støylsbygningar utfrå både beliggenheit og tilgjengelegheit. Elles er det gode tradisjonar for støylsdrift i området. Ommedalsstøylen ligg ikkje langt herifrå, ein støyl som også er i drift med mjølkeproduksjon.

Nils Magne og Inger Johanne driv gard i Gjengedalen saman med sonen Jens Andre. Dette er to gardsbruk som er farsgarden og morsgarden til Nils Magne. Driftsopplegget tidlegare var også med sau og pelsdyr, men desse produksjonane er avslutta. No er det mjølkeproduksjon med ca. 170.000 liter mjølkekvote og rundt 25 kyr. Det er ca. 120 dekar slåttemark heime. I tillegg leiger dei 80 dekar på Hestenesøyra. Dei har mjølk heile året. Rundt 15 kyr mjølkar på støylen med ein produksjon på ca. 20.000 liter i sesongen. Nils Magne har vore aktiv i Bondelaget sidan 1990-talet og var styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag frå 2010. Han er no varamedlem til styret i Vestland Bondelag. Inger Johanne er også aktivt med i drifta, og har i tillegg ei deltidsstilling innan helse i kommunen.

Gjengdalsstoylen reserve

Sonen Jens Andre har etablert seg med familie på farsgarden til Nils Magne, og har 4 born. Han arbeider no på Brødrene Aa AS, Hyen, og meininga er å overta gardsdrifta og det er planar om ny lausdriftsfjøs.

Området rundt Gjengedalsstøylen er kjent for gode beite, og det er ein viktig ressurs for gardsdrifta til Inger Johanne og Nils Magne. Det vart difor satsa på å rehabilitere bygningane. Støylshuset blei oppgradert i 2011 og fjøsen i 2017. Kviger og avsina kyr kjem først på støylen i starten av juli.

Mjølkekyrne frå midten av juli og fram til midten av september. Dyra beiter på utmark heile sommaren. Mjølkekvaliteten er god, med høgt tørrstoffinnhald. Aktiv beitedrift er viktig for kulturlandskapet, og for å hindre attgroing. Slik sett hadde det vore plass til mykje meir dyr i området. Støylsdrift er ein viktig tradisjon og kultur, men er arbeidskrevjande. Nils Magne meiner det er viktig at myndigheitene stimulerer til støylsdrift. Såleis er Regionalt Miljøprogram (RMP), med tilskot gjennom denne ordninga, eit godt tiltak. Som ein ivrig organisasjonsmann kjempar Nils Magne for betre inntektsutvikling i landbruket framover.

Det er vanskeleg å seie noko om framtida, men kanskje det kan verte ein fellesstøyl? Om sommaren er det mange som nyttar turterrenget i området, og kjem med gode tilbakemeldingar på aktiviteten med støylsdrift. I tillegg har alltid Inger Johanne og Nils Magne ståande «rømmask» som ein får smake, noko eg også fekk denne dagen.

Nils Magne og kona
Nils Magne og Inger Johanne tek seg ein matbit.