Gode kulturbeite er ein verdifull ressurs på mange gardsbruk, men det er ein krevjande kunst å klare og halde beita jamnt gode gjennom heile vekstsesongen frå våren til seinhausten. Beiteavling og -kvalitet kan til ein viss grad styrast ved hjelp av gjødsling, tidspunkt for beiteslepp, og kva for dyreslag og dyretal som beiter til ei kvar tid. Men andre faktorar spelar også ei viktig rolle, t.d. tidspunkt for vekststart, temperatur og nedbør, plantesamansetnad og innslaget av kløver.

I åra 2010-2016 vart det gjennomført avlingsregistreringar på fleire kulturbeite i Dalane. Registreringane vart utført ved at ein brukte beitebur på 1x1 m som vart flytta kvar 5. veke gjennom heile vekstsesongen.

Avlinga vart registrert i samband med flyttinga av bura. Me utførte dei aller fleste registreringane på dei same datoane kvart år. Såleis fekk me eit godt overblikk over variasjonen i beiteveksten både gjennom året og mellom ulike år.

Diagrammet i fig. 1 viser gjennomsnittsavlinga i FEm pr dekar nettoareal (eks. stein, fjell o.l.) for to beite i Dalane i 2013 og 2014. Desse to åra var svært ulike vermessig.

Våren 2013 kom veksten svært seint i gang, etter ein hard vinter med mykje vinterskada eng.

Våren 2014 kom veksten rekordtidleg i gang, etter ein mild og nedbørrik vinter.

Fig. 1. Avlinga i fôreiningar pr dekar nettoareal i 2013 og 2014 er vist nedanfor. Gjennomsnitt av to kulturbeite i Dalane.

Avling gj sesong kulturbeite dalane figur 2021 01 02 114334

I 2013 var beiteveksten frå våren til 3. juni uvanleg liten (utgjorde 8% av total beiteavling det året), og like liten som veksten seinhaustes i oktober. Den tapte avlinga frå våren, samanlikna med eit meir normalt år, vart aldri kompensert med større avling utover i sesongen. Total beiteavling i 2013 vart difor 520 Fem pr dekar nettoareal, som var ei lågare årsavling enn normalt for desse to beita.

I 2014 var derimot beiteveksten frå våren til 3. juni uvanleg stor (utgjorde 30% av total beiteavling det året), og var 6-7 gonger større enn året før! Det var mildt og god vekst utover heile hausten. 2014 gav difor svært stor totalavling på desse to beita; 870 FEm pr dekar nettoareal.