Maisens inntog på Haugalandet

Trond Vistnes i Randaberg har hatt eit sortsprøvingsfelt for fôrmais over fleire år. Nytt i år var at det også blei anlagt to felt nord for Boknafjorden, eit i Skjold og eit i Etne hjå Lars Henry Dagsland og Johannes Silde. Trond sådde alle felta, medan feltverten utfører alt det andre praktiske arbeidet med etablering og stell av feltet. FKRA har levert frø av ulike sorter for prøving og NLR har hausta felta.

I 2021 var det 10 ulike sortar med i forsøka.

Feltet i Etne blei hausta den 29. september, på Randaberg vart det hausta 15. oktober og i Skjold den 18.10. Prøver frå kvar sort vart tørka og registrert tørrstoffavling på. Sortane Activate, Prospect, Echo Wizard og Ambition blei plukka ut og sendt til FKRA for analyse.

Resultat: Store avlingar men varierande kvalitet

Tal for gjennomsnittsavlingar for dei ulike sortane i prøvinga på Randaberg i 2016, 2017, 2018, 2020 og 2021 er gitt i figur 1. Kvalitetsanalysane frå dei ulike felta er er gitt i tabell 1, 2 og 3. Avlingsnivået på mais i 2021 har vore svært bra, medan kvaliteten må kunna seiast å vera litt skuffande etter ein såpass fin sommar og haust.

Nykommaren Saxon gjer det veldig bra på avling på alle felta, men den var også svært ujamn og med veldig låg tørrstoffprosent blei den ikkje vurdert som interessant nok for analyse. Activate som er den tidlegaste sorten i forsøket ligg litt under snittet avlingsmessig, men er likevel interessant på grunn av høg tørrstoffprosent og stivelseinnhald. Hovudsortane Ambition og Wizard kjem ut med avling rundt snittet. Ambition har ein relativ høg tørrstoffprosent og er ok på stivelse. Wizard er heller ikkje så verst på stivelse sjølv om tørrstoffprosenten er låg. Det syner at det ikkje alltid er samanheng mellom tørrstoffprosent og stivelseinnhald.

Konklusjon: Lite variasjon nord og sør for Boknafjorden

Mai var kald og det blei litt seinare såing enn normalt for maisen. Likevel har det vore ein lang og fin sesong som har gitt høgare varmesum enn kva som er normalt. I Etne var det ca. 2330 maisvarmegrader frå såing 18.05 til hausting 29.09. På Jæren låg me store deler av sesongen ca. 100 MVE bak. Men med litt tidlegare såing og seinare hausting er temperaturforskjellen jamna ut noko. Det er difor litt skuffande at me ikkje ser høgare tørrstoff og stivelseinnhald i maisen i år både nord og sør for Boknafjorden.

Formais forsok 22 Odd Paulsen

Figur og tabellar

Odd I forsok

Figur 1: Gjennomsnittsavling i kg TS/daa for kvart av åra 2016, 2017, 2018, 2020, 2021 og gjennomsnitt for alle fem sesongane i feltet på Randaberg.

Tabell 1: Avling og kvalitetsanalysar Randaberg 2021

Odd tabell 1

Tabell 2: Avling og kvalitetsanalysar Etne 2021

Odd tabell 2

Tabell 3: Avling og kvalitetsanalysar Skjold 2021

Odd tabell 3