Bekjemping av bjork Foto Annlaug Fludal
Foto: Annlaug Fludal
Bekjemping av bjork Foto Annlaug Fludal 6
Foto: Annlaug Fludal
Bekjemping av bjork Foto Annlaug Fludal 5
Foto: Annlaug Fludal
Bekjemping av bjork Foto Annlaug Fludal 4
Foto: Annlaug Fludal
Bekjemping av bjork Foto Annlaug Fludal 3
Foto: Annlaug Fludal
Bekjemping av bjork Foto Annlaug Fludal 2
Foto: Annlaug Fludal
Bekjemping av bjork Foto Annlaug Fludal 1
Foto: Annlaug Fludal

Bjørk er vanleg over heile landet. Bjørka breier seg der det før var ope landskap hjå oss. Det er tre bjørkeartar i Norge. Dvergbjørka er ein krypande vekst som ein oftast finn på fjellet. Den kan ikkje kan forvekslast med dei andre to. Det som folk tenker på som bjørk kan delast i to artar med underarter og kryssingar.

Har ein eit staseleg bjørketre i hagen bør ein vera veldig forsiktig med å skjera på vår og forsommar når sevja stig. Bjørka er ein såkalla blødar og sevja renn kraftig frå kutt om våren. Dette har blitt nytta til å tappa bjørkesaft til drikke mange stader. Bjørka har vore ein nytteplante på mange måtar, never har blitt brukt til takdekke og anna bruk. Bjørkeved er høgt skatta. Mange stadnamn er kalla opp etter bjørk. Når bjørka er låg blir den godt beita, men veks den over beitehøgde får den stå i fred for dei aller fleste dyr. Barken er beisk.

Bjørkeskogen kan veksa fort der det ikkje blir beita eller beitetrykket er for lågt. Ei bjørk som har det godt kan auka høgd 1-2 meter i året i starten. Når ei bjørk blir kutta om vinteren kan det same året stå ein ring av nye renningar rundt stubben. Om det ikkje går beitedyr kan det etter kort tid vera frodig skog igjen. Om ein nyttar desse to-tre månadane når sevja renn til felling av bjørkeskog vil ein ta meir krefter frå røtene og unngå meir nyskot. Er vedproduksjon det viktigaste føremålet er det kan hende ikkje den beste tida.

I tida for hekking og reirbygging gir rydding av ikkje berre store tre, men også kratt og små tre, risiko for fuglelivet, og ein må vera varsom med arbeidet. Så følg med for å unngå øydelegging av reir og å skremme bort hekkande fugl.