Vêret i 2020 favoriserte sortar som gir avling seint i sesongen. Fleire sortar gar større avling i 3. slåtten enn nokon sort kunne stille med i 1. slåtten. Dermed har dei kjente raigrassortane Figgjo og Calibra falle gjennom og plassert seg nedst på avlingslista dette året. Forsøket viser kor viktig det er med frøblandingar av sortar med ulike eigenskapar.

Feltet vart etablert hjå NIBIO Særheim 4/6-2018 på oppdrag frå Felleskjøpet Rogaland Agder. Det vart nytta frømengde tilsvarande 4 kg/daa. Feltet vart gjødsla med mineralgjødsel etter norm. I 2020 vart feltet slått 3. juni, 10. juli og 19. september. Det er tre gjentak og følgande 11 grasartar og sortar (klikk på namnet for meir informasjon om arten):

Barolex (Strandsvingel)
Diagram (Raisvingel)
Hipast (Raisvingel)
Figgjo (fleirårig raigras, tetraploid)
Calibra (fleirårig raigras, tetraploid)
Ovambo (fleirårig raigras, tetraploid)
Thegn (fleirårig raigras, tetraploid (sein))
Garbor (fleirårig raigras, tetraploid (vintersterk))
Bovini (fleirårig raigras, diploid)
Melforce (fleirårig raigras, tetraploid (middels tidleg))
Abosan (fleirårig raigras, diploid)

Forsoksfelt Bjerkreim strandsvingel Kora t v timotei Liljeros t h Foto Birgitt Harstad
Forsøksfeltet i Bjerkreim før førsteslåtten 9. juni 2020. Strandsvingel Kora til venstre. Timotei Liljeros til høgre, der det også har kome inn ein del rapp på ruta. Foto Birgitt Harstad

Resultat 2020

Avlinga er målt i kg tørrstoff per daa. Det er ikkje teke kvalitetsanalysar av avlinga. "Vinnarane" i 2020 var dei sortane som gav god avling på 3. Slåtten (tabell 1).

På grunn av stor variasjon mellom gjentak, er det lite signifikante (sikkre) skilnader. Spesielt rute nummer 101-103 og 106-107 (Barolex, Figgjo, Calibra, Diagram og Hipast) utmerker seg med lite avling i forhold til dei øvrig gjentaka innan leddet.

Avlingsmengde i TS/daa oppgitt for dei ulike sortane. Ulik bokstav angir signifikant (sikker) skilnad mellom sortar

Sort1.slått2.slått3.slåttSum 2020
Barolex402 a369 abc365 abc1135 abc
Figgjo467 ab358 abc262 a1088 abc
Calibra480 ab307 bc286 ab1073 abc
Abosan 1424 ab383 abc423 bc1230 ab
Ovambo 1462 b391 ab343 ab1196 a
Diagram406 ab326 bc447 bc1179 abc
Hipast411 ab378 abc516 bc1305 abc
Thegn436 ab413 abc405 abc1254 bc
Garbor431 ab361 abc402 abc1194 abc
Bovini420 ab403 a500 c1323 c
Melforce473 ab336 c345 abc1154 abc


Avling 2020
Avling 2020 fordelt på slått

Kommentar til resultata

2020 var eit år med generelt god avling på alle grasartar. Men det var likevel eit år som favoriserte sortar som gir avling seint i sesongen. Både gjennom ein kald vår og ein våt ettersommar gjorde at tida mellom 2. og 3. slått vart lenger enn vanleg. Dette gjeld mellom anna raigrassorten Bovini og raisvingelsorten Hipast som har større avling på 3. slåtten enn nokon av sortane har på 1. slåtten. Begge desse sortane vert marknadsført i Danmark for å gje avling seint i sesongen.

Raigrassortane Figgjo (norsk sort) og Calibra (dansk sort) har lenge vore hovudsortar i ulike frøblandingar. Desse sortane plasserte seg i toppsjiktet i 2019, men i 2020 er dette dei sortane som gav dårlegast avling. Begge desse sortane hadde ei forsøksrute som skilte seg markant ut i negativ retning, men sjølv om ein korrigerer for dette, vil Figgjo og Calibra plassere seg i den nedre enden avlingslista. Dersom ein summerer avlinga frå 2019 og 2020 (figur 2) vil Figgjo og Calibra plassere seg midt på treet.

Det er teke med to sortar av raisvingel. Desse er interessante sortar då dei skal ha ein høgare fordøyelegheit og eit noko tettare grasdekke enn Hykor, som inn til 2019 var den vanlegaste sorten av raisvingel i Noreg. I danske forsøk er Hipast heilt på høgde med raigras i både avling og fordøyelighet. Det ser ut til å stemme overeins med resultatet i dette forsøket der Hipast er den sorten som har høgast avling samanlagt for 2019 og 2020.

Dei vanlegaste sortane av fleirårig raigras til slått er av tetraploid type. Desse har generelt ein kraftigare og meir opprett vekst enn diploide sortar. Men diploide sortar dannar ei tettare grasmatte og er derfor interessante å ha med i blandingar. Diploide sortar er òg betre eigna til beiting. Likevel har den diploide sorten Bovini gitt høgast avling i 2020. Òg sorten Abosan har gitt god avling, bare slått av den seine tetraploide sorten Thegn, Hipst og Bovini.

Barolex er ein mjukblada strandsvingeltype frå Barenbrug som har blitt populær dei siste åra. I forsøket er det ikkje signifikant (statistisk sikker) skilnad i avlinga til Barolex og dei andre sortane som er med i forsøket. Numerisk plasserer Barolex seg på nedre del av avlingslista.

Summert avling 2019 og 2020
Summert avling for begge engår