Føremålet med forsøket er å testa ut gjødslingsnormene for nitrogen og svovel i eit praktisk opplegg med husdyrgjødsel. Ein tidlegare forsøksserie på nitrogengjødslingsnorm av NIBIO gav respons på betre gjenvekst etter 1.slått, men gav elles ingen indikasjon på at det er grunnlag for å endre dagens gjødslingnormer. Tidlegare tilsvarande forsøk er utført berre med mineralgjødsel.


Metode

NLR Rogaland la ut feltforsøk våren 2021 i 1. års timotei-eng hjå Knut Ole Matre i Etne. Feltet er ein del av ein serie i samarbeid med NIBIO, der me i vårt felt har brukt eit høgare N-gjødselnivå enn dei andre felta i landet.

Storfegjødsel vart køyrt ut på vår og etter 1.slått, og prøvetatt begge gonger (tabell 2). Mineralgjødsel vart gitt i tre gjødslingar med totalmengde og fordeling som i tabell 1.

Forsøksledd - totalmengder og fordelling i sesongen

1. Kun husdyrgjødsel (HG)
2. HG + 17 kg N + 2 S(7 + 6 + 4 kg N)
3. HG + 23 kg N +2 S(10 + 8 + 5 kg N)
4. HG + 30 kg N +2S(16 + 9 + 5 kg N
5. HG + 17 kg N + S(7 + 6 + 4 kg N)
6. HG + 23 kg N + S(10 + 8 + 5 kg N)
7. HG + 30 kg N + S(16 + 9 + 5 kg N
8. HG + 30 kg N + K + S(16 + 9 + 5 kg N
9. HG + 30 kg N(16 + 9 + 5 kg N

Tabell 1: Ledd 2, 3 og 4 er gjødsla med Sulfan (6%S). Ledd 5, 6 og 7 med Opti-NS (4%S). Ledd 8 Opti-NK (3%S). Ledd 9 CAN27 (0%S).

PrøveTørrstoffTotal -NNH4-NFosforKaliumSvovel

Vår

1,6 %2,301,090,120,940,08

Etter 1. slått

2,9 %2,501,220,211,800,14

Tabell 2: Næringsinnhald i husdyrgjødsla som vart køyrd ut denne sesongen, alle bortsett frå tørrstoff oppgjevne i eininga kg/tonn. 5,5 tonn/daa vart køyrd til våren og 5 tonn/daa etter 1. slått.

Etne 16.04.21: God hjelp i gode feltvertar. Og svar nærare verkelegheita kjem du ikkje, med gjødselprøve tatt frå nedløpsslangane.

Prøvetaking av husdyrgjødsel Foto Bjørg Karin Dysjaland

Feltet vart hausta tre gonger og på eit relativt tidleg utviklingsstadium (førsteslått ved MSC 2,72 - stengelstrekking med tre og fire noder). Avlingsregistreringar er presentert i tabell 3.

Resultat

Forsøksledd – totalmengder ved tre slåtter

Avling, kg tørrstoff (ts) per daa

  1. slått
2. slått 3. slått

Totalt

1. Kun HG

535

ab

349

262

b

1145

b

2. HG + 17 kg N +2S

621

a

391

439

ab

1450

a

3. HG + 23 kg N +2S

598

a

409

455

ab

1460

a

4. HG + 30 kg N + 2S

582

ab

374

529

a

1483

a

5. HG + 17 kg N + S

599

a

400

492

a

1489

a

6. HG + 23 kg N + S

584

ab

388

526

a

1495

a

7. HG + 30 kg N + S

586

ab

365

513

a

1462

a

8. HG + 30 kg N + K + S

489

b

357

449

ab

1294

ab

9.HG + 30 kg N

535

ab

399

518

a

1450

a

Signifikans P=

0,0074

ns

0,0039

0,0004

Tabell 3. Avling på feltet i Etne 2021, kg tørrstoff per daa. 1. slått vart tatt 1. juni, 2.slått den 19. juli og 3. slått den 30. august. Variansanalysen er utført av NIBIO. «ns» tyder ingen statistisk sikker forskjell. Ulike bokstaver etter snitt innen kolonne indikerer statistisk sikker forskjell på 0,05 % nivå (Tukey).

Totalt er det berre leddet som har fått berre husdyrgjødsel som skil seg ut avlingsmessig med statistisk lågare avling enn resten. Det er òg ein tendens til at ledd 8 med Opti-NK og høgt N-nivå har lågare avling.

Ved 1. slått var det ein del legde, spesielt på høgaste og nest høgaste gjødselnivå, noko som gjorde slåtten vanskeleg. Det var aller mest legde i rutene med NK-gjødsel. Dette kan forklare at dette leddet står med lågast avling i 1. slått.

Kvalitet har blitt analysert av samleprøvar per ledd med NIRS (tabell 4) og kjemisk. Dei kjemiske analysane er ikkje klare.

Forsøksledd – totalmengder ved tre slåtter

Fôrenheter

FEm/kg ts

Råprotein

% av ts

Sukker

% av ts

1. slått

2. slått

3. slått

1. slått

2. slått

3. slått

1. slått

2. slått

3. slått

1. Kun HG

0,90

0,79

0,93

11,7

9,7

13,0

15,8

12,5

17,7

2. HG + 17 kg N +2S

0,90

0,84

0,94

14,0

13,5

16,8

13,6

12,5

12,7

3. HG + 23 kg N +2S

0,93

0,83

0,92

15,9

15,6

17,4

13,3

10,8

11,1

4. HG + 30 kg N + 2S

0,93

0,80

0,92

17,2

14,3

18,3

11,7

8,9

10,0

5. HG + 17 kg N + S

0,94

0,83

0,93

15,0

13,0

17,0

13,6

12,3

12,1

6. HG + 23 kg N + S

0,90

0,85

0,93

15,7

16,1

17,5

11,1

11,3

12,4

7. HG + 30 kg N + S

0,94

0,81

0,93

17,3

13,5

16,6

12,2

11,0

12,6

8. HG + 30 kg N + K + S

0,94

0,83

0,93

16,8

15,8

17,9

12,1

9,4

11,7

9. HG + 30 kg N

0,93

0,83

0,90

17,3

15,9

17,5

11,9

9,7

10,6

Tabell 4. Fôrkvalitet i Etnefeltet analysert med NIRS. NB- resultata er rådata og har ikkje vore analysert statistisk.

Resultat frå andre felt på landsbasis viser og statistisk avlingsutslag av gjødselbehandling, men ikkje auke knytt til auka N-gjødselnivå.

Forsøket held fram i 2022. Me kjem tilbake til ein videre diskusjon og konklusjon i denne serien når alle felt er avslutta og samanlikna.