Jordbruksarealet på Agder eigner seg særs godt til produksjon av storfekjøt, med inn- og utmarksbeite som kan nyttast på ein berekraftig måte. Allereie i 2013 gjekk NLR Agder i gong med eit storfekjøtprosjekt i Aust-Agder. Det var då ei underdekning på 10.500 tonn storfekjøt på landsplan, og statistikken synte at det grovfôrbaserte husdyrhaldet i fylket var redusert med 22 prosent frå 2000 til 2010 målt i tal storfeeiningar. Målet var å auke produksjonen og utnyttinga av grovfôrressursane på ein best mogleg måte. Frå 2017-2020 blei prosjektet vidareført og utvida til å omfatte heile Agder med hovudmål om å auke tal ammekyr med 1000 mordyr og tal kilo storfekjøt med 20 prosent i prosjektperioden. Dette er i samarbeid med TYR, Nortura, Tine, faglaga og den kommunale landbruksforvaltinga. Grovfôrrådgivar Jakob Saaghus var prosjektleiar fram til årsskiftet, då overtok Josefa A. Torp ansvaret.

Plass til fleire i indre strok
Ved årsskiftet syner statistikken at målet om 1000 fleir ammekyr på Agder ligg godt i rute til å bli nådd. Ei auke på 1000 mordyr utgjer kring 33 årsverk på brukarnivå, og i tillegg kjem betydelege ringverknader. Kurva under viser korleis utviklinga har vore sidan 2003 og fram til 2019. Sidan me starta storfekjøtprosjekta i 2013 har det blitt 96 fleire gardsbruk med ammekyr på Agder, og tal ammekyr har auka med 2089 mordyr. Det tyder at ammekubruka blir større, med eit gjennomsnitt på mest 22 mordyr per bruk sidan 2013. Den største auken har kome dei siste fem åra då mange har utvida og fleire nye har etablert seg. Dette heng blant anna saman med at det er fleire mjølkebruk som legg ned.
Sidan 2003 har gjennomsnittet for tal ammekyr per gard har gått opp frå 8,4 til 14,9, og 12 av kommunane på Agder har over 15 ammekyr per bruk. Fleire av desse ligg i indre Agder der det er gode høve for ennå fleire til å starte opp i eit omfang kring 15-20 ammekyr. Gardane her er ikkje så store, og jorda eignar seg best til grasproduksjon med store beiteressursar som det er viktig å nytte. Det er eit føremon både for å hindre attgroing, utnytte ressursane og det er bra for klimaet. Berre 11 bruk på Agder har over 50 ammekyr og blant dei er det 2-3 som har 70 ammekyr på garden. Det er også eit prosjekt på Agder som arbeider for å få fleire til å drive med Anguskyr. Norsk Aberdeen Angus samarbeider med Prima Jæren, Nortura og Menykjeda om ein Angusavtale der produsentar som leverer slakt får eit Angustillegg.

Fleire ammekyr paa agder
Kurve: Tal gardsbruk med ammekyr har auka frå 274 til 429 bruk i perioden 2003-2019, og tal ammekyr har auka frå 2290 til 6402 i same periode. Gjennomsnittet for tal ammekyr per gard ligg no kring 15 ammekyr per bruk.

Mykje å lære
For å nå måla i prosjektet, er kunnskap eit viktige stikkord. Ammekyr er ikkje noko ein har "på si", som skal klare seg mest sjølv. Skal ein ha storfekjøtproduksjon som næring og leveveg, er kompetanse nøkkelen. Kompetanse er meir enn kunnskap, det er å bruke kunnskapen, vere dyktig og å kunne sette det ein har lært om i praksis. Difor er det lagt opp til at deltakarane i prosjektet skal auke sin kompetanse på ammekyr. Me har mange fagtilbod som store fagmøte med eksterne foredragshaldarar, fagturar til nabofylke, regionale faggruppesamlingar, fjøsmøte, fjøsopningar og beitevandringar. Her kan erfarne og nye produsentar møtast og utveksle erfaringar og lære nytt om alt frå grovfôrdyrking og beitestell, til fôring, rase og avl. Fagfolk frå samarbeidspartane har stilt opp og delt av sin kunnskap om nyare forsking, og rådgivarane i NLR Agder har bidrege tverrfagleg med tema som plantefag, teknikk, økonomi og byggfag.

Nysatsing med damegruppe
Faggrupper, eller erfaringsgrupper som me kallar dei, er populært å vere med i. Her møtast 6-8 bønder rundt på gardane saman med grovfôrrådgivar 2-3 gongar kvart år. Rådgivaren er med som coach som leiar erfaringsutveksling på aktuelle tema som deltakarane bestemmer. Det er gardsvandring og muleg å invitere fagpersonar utanfrå til enkelte samlingar.

Etter nyttår etterlyste me damer i ammekuproduksjonen; Damer søkast! Det melde seg 11 damer som no er med i ei eiga faggruppe. Planen er å ha seks møte rundt på gardane med følgande tema: kalvestell, beitekvalitet, slåttetidspunkt og grovfôrkvalitet, innsett og fråskiljing av kalven, haldvurdering og fôring gjennom vinteren, og til slutt avl, bedekning og val av okse.
Storfekjøtproduksjon er ikkje berre for menn. All erfaring viser at det mest positive er om båe ektefelle er engasjert på alle nivå i gardsdrifta. Ny kunnskap er ein fellessak som må løftast og deles samen. Målet er utveksling av kompetanse og nettverksbygging for alle som driver eller startar opp med storfekjøttproduksjon. Erfaringsutveksling, trivsel og motivasjon er viktig og noko som kan auka lønsemda.

Beite er rimeleg fôr
Innmarksbeite er ein lokal ressurs som kan nyttast betre, og gode beite betyr ofte meir for resultata av drifta enn det mange trur. I enkelte kommunar på Agder utgjer beitearealet over 40 prosent av all jord i drift. Med godt stell, rett beitetrykk og god kontroll på ugraset kan me hauste like mye her som på middels god fulldyrka jord. I tillegg er kostnaden per fôreining lågare enn ved maskinhausta fôr. Enkelte storferasar hentar om lag halvparten av grovforbehovet gjennom året frå beite.

Det er viktig å kunne vurdere kva eit godt beite er i praksis, og då er det nyttig med beitevandringar. Dette er populære tiltak der ein tar opp tema som etablering og vedlikehald av beiter, beitevekstar, måling av beiteavling, tilvekst på beite, samt godkjenning av innmarksbeite og informasjon om SMIL-tilskot. NLR Agder har også demonstrert eit NIR-apparat for hurtiganalyse som målar kvaliteten på graset i felt. For å registrere avling på beite, blir det sett ut beitebur på våren før beiteslepp og då kan ein registrere mengd beitegras og analysere prøvane for fôrkvalitet. Det er enorme forskjellar både i mengd og kvalitet på ulik beitemark, alt frå intensive raigrasbeite til ekstensive sølvbunkebeite. Det viktigaste er å kjenne sine eigne beiter og nytte dei optimalt.
Me ser at raigras trivst i beiter langt utanfor dei tradisjonelle raigrasområda på Agder. I mange tilfelle har stell og bruk av areala vel så stor tyding for artane som klimatiske forhold.
Raigras, rapp og kløver krev kalkrik jord for å trivast. I beiter er det overflatekalking som er aktuelt. Heilgjødsel, eventuelt tilsett mineral til beitedyra er også eit godt alternativ som vårgjødsling der husdyrgjødsla er i manko eller vanskeleg å kome til med. Hugs å gjødsle lite og ofte, om lag 3-5 kg N per gjødsling er passe.
På gamle og vanskeleg tilgjengelege beite, gjerne med tett og fuktig jord, kan sølvbunke og lyssiv være ei utfordring. Erfaring viser at kraftig pussing, spesielt på hausten, held ugraset i sjakk. Manuell handsaming med bruk av ryddesag og kutting av planta eit par cm under jordoverflata er òg eit godt alternativ.
Nokon har også meir ekstensive naturbeite der ein skal unngå kalking og gjødsling for å halde oppe biomangfaldet som er viktig for blant anna insekt. Slike beite kan gi både gode avlingar og fôrkvalitet, men her er det ekstra naudsynt å halde beitetrykket høgt nok, for at beita ikkje skal bli overgrodd. Ikkje bruk beitepussar her, då dette vil gje gjødselverknad og enkelte arter vil forsvinne.
Prioriter godt beitestell, det vil som oftest alltid være lønnsomt!

Agders største fjøs i slepplaft
Fokuset på val av tre som byggemateriale engasjerer mange. Om lag 250 bønder møtte fram på fjøsopninga hos Elin Fjellheim og Terje Birkeland i Evje og Hornnes før jol. Arrangementet var i samarbeid med TYR, Nortura, Tine, samt bygg- og vareleverandørar. Det var hovudsakeleg bønder som kom, men også entreprenørar, Innovasjon Norge og landbruksetaten i kommunen. Dette må med sine 1800 m2 vere det største ammekufjøset i slepplaft på Agder. Eit flott og funksjonelt bygg.
Eit seminar om Landbruksbygg i tre med fleire arrangørar, samla eit par hundre interesserte på Evje i januar i år, og der fekk deltakarane også besøke det nye slepplaftfjøset til Birkeland.

Det er verd å merke seg at Innovasjon Norge gjev ekstra investeringsstøtte til dei som vel tre som byggemateriale. Det kan også være noko å hente økonomisk på rimelegare, meir standardiserte driftsbygningar i tre. Noko som er eit godt klimatiltak og kan føre til økt bruk av lokale materialar. Byggrådgivarane i NLR har samla ein stor kompetanse og kan hjelpe dei som er interesserte.

Kvalitet gjev lønsemd
Prosjektet har i tillegg til målet om å auke storfekjøtproduksjonen, også eit mål om å auke slaktekvaliteten på storfekjøtet. Dette gjer ein med å satse på rett rase utifrå gardens ressursar og kva marknaden spør etter, og med å auke kompetansen for å nå optimal avling og kvalitet i grovfôrproduksjonen. God jord- og plantekultur, med riktig utnytting av husdyrgjødsla, er lønsamt. I tillegg ligg det ein klima- og miljøvinst i dette. Det handlar også om å effektivisere bruken av innmark og utmark, bruke tid på oppfølging av dyra, og ikkje minst å ha det triveleg i eit godt fagmiljø saman med andre produsentar. Totalt sett ser me at dette aukar lønnsemda, noko som bidreg til ein stadig større interesse for storfekjøtproduksjon på Agder.

Det har vore arrangert økonomikurs med fokus på kva som er viktig for eit godt økonomisk resultat. Her har tema som tilpassing til ressursgrunnlaget, val av gode livdyr, tilvekst, slaktekvalitet og kostnadseffektive løysingar for bygg vorte gjennomgått. Og mange deltakarar i prosjektet har fått individuell oppfølging med hjelp til driftsplanlegging og søknad om tilskott til utbygging frå Innovasjon Norge. Økonomirådgivar i NLR Agder, Knut Sigurd Haugå, har hatt stor pågang av bønder som ønsker hjelp til prosjektering, både til utviding og oppstart. 16 utbyggingssøknadar på storfekjøt fekk støtte frå Innovasjon Norge i fjor og 10,8 mill. kr blei betalt ut i tilskott, noko som er kring 30 prosent av den disponible ramma i 2019. Haugå seier det slik: "Sett ut frå dekningsbidrag er det utan tvil meir å hente med tyngre rasar. For dei som kan levere til spesialpris og i eigne avtalar, som Angusavtalen, er lønsemda omtrent like god som ein tung rase. Eg har stort sett komen til negative dekningsbidrag for Dexter, Høglandsfe og historiske rasar - der er det tilskottet som gir overskot, om ein ikkje sel kjøtet direkte til høgare pris."

Samarbeidsavtale med TYR
Norsk Landbruksrådgiving sentralt har frå 2020 gått inn i ein samarbeidsavtale med TYR, der målet er å vidareutvikle ein berekraftig ammeku- og storfekjøtproduksjon gjennom eit godt rådgivingstilbod i form av kunnskapsutvikling og medlemsfordelar for begge partar.
Konkret skal nye TYR-medlem få ein gratis oppstartssamtale eller gardsbesøk av ein NLR-rådgivar i sin region, der gardens behov for vidare rådgiving avklarast. Det kan vere tilbod om ein grovforplan og fôrprøvar til medlemspris og då dekkast fôranalysane av TYR. NLR kan vidare tilby gjødslingsplanlegging, jordprøvar og rådgiving innan plantefag, klima, økonomi, maskinteknikk, bygg og HMS.

Jorund Kvale Hansen 1506600132424
Storfe på stranda som drikk vatn hos Jørund Kvåle Hansen på Bygland, Foto: Jørund Kvåle Hansen
Nytt fjos pa evje Terje Birkeland
Nytt slepplaftfjøs hos Elin Fjellheim og Terje Birkeland i Evje og Hornnes 2019. Foto: Terje Birkeland