Tiltak 1: Forny enga

Ung eng gir meir avling enn gammel eng. På eit gjennlegg bruker me omlag 2/3 av gjødsela i forhold til ei eng. Samstundes veit me at eit godt gjennlegg kan gi meir avling enn ei gammal, kvekefull eng. Like fullt veit me at det er meir risiko forbunde med gjennlegg enn etablert eng. Likevel er sansynligheiten stor for at det vil lønne seg med ekstra mykje gjennlegg i år, spesielt dersom du har fôrlager å tære på. I tillegg til å spare gjødsel i år, vil du posisjonere deg til å ta høge avlingar til neste år.

Ploying2 Lars Kjetil Flesland

Tiltak 2: Rett pH

Låg pH gir dårleg rotutvikling og lågt tilgjenge av næringsstoffa i jorda. Med andre ord dårleg utnytting av gjødsla. Kalking bidreg til å heve pH. Som ein tommelfingregel krevst det 100 kg kalk/daa for å heve pH i jord med 0,1. Ideell pH for dyrking av gras er kring 6,0. Raigras og kløver vil ha pH kring 6,2-6,5, men ein får ikkje avlingsnedgang pga overkalking før pH er over 6,5 på våre jordsmonn.

Kalking Foto Ole Arnfinn

Tiltak 3: Maksimer effekten av husdyrgjødsla

Utkøyring av husdyrgjødsel tidleg på våren (forutsatt at jorda er lagleg og at det er vekst i graset) sikrer høg effekt av husdygjødsla. I tillegg vil høg vassinnblanding og nedlegging vere tiltak som sikrer best mogleg utnytting av nitrogen i husdyrgjødsla. Ved stripespreiing reknar me omlag 0,3 kg meir nitrogen pr tonn husdyrgjødsel spreidd. Det svarer til omlag 20% auka nitrogeneffekt på husdyrgjødsla.


Dersom du halvblander gjødsela med vatn vil du får 50% høgare nitrogeneffekt på husdyrgjødsela. Men då må du til gjenngjeld køyre ut dobbel mengde.

Stripespreiing Foto Bjorg Karin Dysjaland

Tiltak 4: Diffrensier og tilpass gjødslinga

All eng gir ikkje like god avling. Det vil vere økonomisk å differensiere dei skiftene med høgt avlingspotensial og dei skiftene med lågt avlnigspotensial. Generelt er det høgast potensial på ung eng med høg pH og lågast potensial på gammal eng med låg pH.


Du kan òg sjekke gjødselnivået opp mot fôrprøvane. Sjå på innhaldet av kalium og protein på fôrprøven, og vurder om du skal nedjustere gjødselstyrken noko. I eit år med høge gjødselprisar er det nok med kring 16% protein i grovfôret. (Noko høgare ved tidleg slåttetid, FEm over 0,94. Noko lågare ved sein slåttetid, FEm under 0,88). Kaluim bør ligge i området 18-35 g/kg TS.

Maishausting NLR Rogaland 2021