Tørrstoffinnhaldet varierer vanlegvis mykje meir enn energi og proteinverdien frå ein rundball til ein annan når desse er hausta samtidig og kjem frå same eller samanliknbare skifte. Denne variasjonen heng blant anna saman med variasjonar i tjukkelsa på grasstrengen og kor på skiftet ein befinn seg i forhold til skygging frå vegetasjon omkring, helling etc.

Tabellen under viser at tørrstoffinnhaldet gir større utslag enn det FEm-konsentrasjonen gjer på berekna fôrmengd pr ball. Ei "feilvurdering" av tørrstoffinnhaldet på +/- 3%-einingar (her: 30 vs 33 %) gir like stort utslag på berekna fôrmengd pr ball som ei "feilvurdering" på +/-0,08 FEm/kg TS (0,85 vs 0,93).

Ballevekt, kg

TS-%

FEm/kg TS

FEm/ball

800

30

0,85

204

800

30

0,93

223

800

33

0,85

224

900

33

0,85

252

700

33

0,85

196

For å unngå ei slik feilvurdering er det derfor svært viktig å ta ut prøver frå fleire ballar (minst 4-5 av same parti) for å få eit representativt uttrykk for tørrstoffinnhaldet. Frå plansiloar vil det være viktig å ta prøver frå ulike sjikt/lag i siloen. Har du forresten tatt ein sjekk på kor tunge rundballane er i år? Di tørrare gras – jo lettare blir vanlegvis ballane.

Ta kontakt med din nærmaste NLR-rådgjevar for råd og eventuelt hjelp til uttak av grovfprøver. NLR kan om ønskeleg også utføre enkel tørrstoffbestemming og bistå med veging av rundballar. På bakgrunn av slike målingar, samt opplysningar om haustedato kan FEm-avlinga bereknast, raskt og enkelt. For detaljert fôrplanlegging må derimot prøvene sendast til eit laboratorium for analyse.