For fjellbygdene som ikkje kan ta meir enn to slåttar bør ein gjødsle på som normalt etter førsteslåtten. Det er svert tørt så det har nok ikkje noko hast før vi ser at det blir meldt regn, men da skal vi ikkje vente lengre.

Å spreie handelsgjødsel no vil ikkje ha effekt før vi får regn, for det er ikkje næringsmangel vi har. Det er derimot ingen fare å spreie handelsgjødsla sjølv om det er tørt, og nattedoggen er med på å løse den opp. Det ligg att ein del gjødsel i jorda etter vårgjødslinga, og denne saman med ei normal gjødsling til andreslåtten vil gjere at vi får ein stor slått om vi får regn. Dette potensialet kjem av at det er så varmt i jorda, det er stor omdanning /frigjering når jorda er varm. Dette potensialet må vi gamble på no, da det kjem til å bli lite fôr på marknaden i høst.

Kva så med husdyrgjødsla? Sjølv om det er tørt vil vi anbefale å kjøre ut husdyrgjødsla rett etter høstinga. Det er viktig å unngå tilsølt gras pga sporer, feilgjæring mm. Bland inn så mykje vatn som du kan (alt med måte der ein må kjøre med tankvogn .. ), meir vatn bind godt nitrogenet og får vaska næringa ned i jorda. Husdyrgjødsla ut på stubben sikrar oss god hygiene. Dette blir kveldsarbeid, ikkje i solsteiken.

Fokus må bli meir på mengde avling enn på kvalitet. Vi må prøve å få høsta så mykje avling vi kan sjølve i vårt området. Heile landet sør for oss er enno hardare ramma enn her. Vi vonar no at alle bidrar i denne krisa og produserer så mykje fôr som ein kan på sitt areal.

Kulturbeitene byrjar å bli uttørka og det er/vil bli stort behov for beitearealer både til storfe og sau utover sommar/høsten. Denne sommaren må ikkje noko beite stå ubenytta, da beiteavlinga er mindre enn vanleg og vi treng eit større areal pr storfe. Ein diskuterer også å ta i bruk den «innmarksnære utmarka» att til ungdyr.

Mange byrjar også å sjå på fjellbeite, tørt i vest litt betre i øst, men tidleg vår og lite snø gjer at fjellgraset vert tidleg gamalt og varmen aukar hastigheita på utviklinga av graset. Med fare for tidleg sanking i fjellet, aukar behovet for gode avlingar på høstbeitene òg, vi ikkje dryge høstbeitegjødslinga lengre enn til 6 veker før forventa sanking. Dette betyr at å ta to slåttar og satse på gode høstbeiter kan bli ei utfordring, med den korte vekstsesongen vi har.