Korleis kjem sporane inn i fjøset?

Det finst to hovudtypar sporar som skaper problem i mjølkeproduksjonen. Aerobe sporar er eit sommarproblem. Det kan komme av at kua får på seg smitte ute på beite gjennom jord og søle, eller ved fôring av ferske fôrmiddel som er forureina. Anaerobe sporar kjem inn i fjøset gjennom silo/rundball. Sporane blir oppformeirt gjennom feil bruk av husdyrgjødsel på eng, jordinnblanding under innhausting, dårleg gjæring av surfôret eller på fôrrestar i husdyrrommet. Har ein først fått eit slikt problem vil det vera sjølvforsterkande dersom ein ikkje set inn tiltak.

Tiltak for å unngå sporar

For å unngå at sporar blir med inn i fôret må grunnlaget leggast heilt frå våren. God drenering og minst muleg kjøring på våt jord samt god hjulutrusting på traktor og reiskap er viktig for å unngå kjørespor. Ein bør jamne ut og reparere kjøreskader og gjerne så inn litt raigrasfrø for å unngå opa jord. Eit jamt attlegg der aurfårer og andre og ujamnheiter er sletta til er eit godt utgangspunkt. Det er viktig å spreie husdyrgjødsla så snart det er kjørbart om våren og så snart som muleg etter slått. Bra med vatn i møkka gjer at den festar seg mindre på plantene. Gode rutiner under slåtten når det gjeld fortørking og bruk av ensileringsmiddel reduserer og risikoen.

Stubbehøgd

Stubbehøgda er ein viktig faktor for å redusere smittepresset frå sporar. Den nedste delen av stengelen er mest utsett for smitte frå jorda. Ved låg stubbing er det større fare for at både slåmaskin og rive skal ta med jord inn i fôret. Det er og større risiko for å få med daugras som ligg i botnen av enga.

Optimal stubbehøgd:

  • Ideell stubbehøgd er 10-12 cm.
  • 8 cm eit greitt kompromiss ved legde eller mjukt gras

Fordelar med høg stubbing:

  • Mindre smittepress av sporar
  • Betre fôrkvalitet, den nedste delen av stengelen er minst næringsrik
  • Raskare gjenvekst
  • Timoteien klarer seg betre pga mindre tap av opplagsnæring
  • Lettare raking
  • Lettare å plukke graset – pickupen kan gå litt høgare

Ulemper med høg stubbing:

  • Vanskeleg å stille ein del slåtteutstyr så høgt
  • Vanskeleg å få slått godt nok, særleg ved legde

Avlingstap (men dette er lite og det er den dårlegaste delen av planta som blir att)