Prosjekteigar: Norsøk

Feltansvarleg: Landbruk Nordvest

Feltet vart lagt ut i Hustadvika kommune i andre års eng på siltig finsand. Både husdyrgjødsel og biorest vart henta frå Inge Hoemsnes

Forsøksplan

  • Ledd 1: 0-ledd, utan gjødsling
  • Ledd 2: 60 l + 40 l husdyrgjødsel pr rute (3 + 2 tonn husdyrgjødsel pr dekar)
  • Ledd 3: 60 l + 40 l biorest pr rute (3 + 2 tonn biorest pr daa)
  • Ledd 4: 60 l + 40 l husdyrgjødsel pr rute + handelsgjødsel opp til normgjødsling av N for eng
  • Ledd 5: 60 l + 40 l biorest pr rute + handelsgjødsling opp til normgjødsling av N for eng
  • Ledd 6: Handelsgjødsel, berekna for normgjødsling for eng

Det vart teke jordprøvar på forsøksfeltet. Både husdyrgjødsel og biorest vart analysert for innhald av næringssalt. For ledd 4, 5 og 6 vart det sett opp ein gjødslingsplan med 20 kg N/daa (berekna som NH4-N) samt sikker dekning av fosfor og kalium. Arealet vart tilført magnesiumhaldig kalk grunna låg pH.

Innhaldet av plantetilgjengeleg nitrogen (NH4-N) var ulik i husdyrgjødsel og biorest. Av den grunn vart tilført mengde N frå handelsgjødsel ulik for ledd 4 og 5. Ein teknisk detalj i gjødslingsplanleggingsprogrammet førte til at utnyttingsgraden av plantetilgjengeleg nitrogen i bioresten vart sett mykje høgare enn i husdyrgjødsla. Dette førte til at leddet med biorest vart svakare gjødsla enn leddet med husdyrgjødsel (ledd 4), og leddet med berre handelsgjødsel (ledd 6).

Gjodseleffekt N Inge Hoemsnes 2021

Ved å berekne lik utnyttingsgrad (59%) har biorest ein N effekt ved gjødsling på 1,55 kg N/tonn.

I gjødslingsplanen for ledd 4, 5 og 6 var sett opp forventa avling på 700 kg Ts pr daa i 2021.

Avlingsresultat

Grunna god ettervekst etter 2. slått, vart det teke tre haustingar (men gjødsla berre på våren og etter første slått).

Det må understrekast at dette er resultat frå berre eitt felt med tre gjentak pr ledd for eitt år. Resultata må tolkast med stor varsemd.

Sidan der oppstod ei feilberekning i programmet for gjødslingplanlegging i leddet med biorest + handelsgjødsel, vart det svakare gjødsla enn dei to ledda det skulle samanliknast med.

Avling Inge Hoemsnes 2021

Det kan sjå ut til at biorest gjev gjødseleffekt minst like god som husdyrgjødsel. Dette ser ut til å gjelde både ledda med berre organisk gjødsel, og ledda med supplering med handelsgjødsel. Leddet med berre handelsgjødsel, gav ikkje høgare avling enn kombinasjonsledda.

I samanlikninga mellom husdyrgjødsel og biorest, kan ein forsiktig oppsummere:

  • Subjektiv vurdering: bioresten er meir lettflytande enn husdyrgjødsel.
  • Bioresten hadde svakt høgare innhald av plantetilgjengeleg nitrogen enn husdyrgjødsel.
  • Bioresten gav god avlingseffekt ved bruk som gjødsel på eng, både åleine og som delgjødsling saman med handelsgjødsel.

Kjemiske analysar av avling

Det vart teke ut forprøvar frå førsteslåtten for analyse av nokre aktuelle mineral, samt forkvalitet. I tabellen under er plukka ut nokre av tala frå analysane. Optimalområdet er også sett opp under.

Fig 2 kjemiske analysar inge hoemsnes 2021

Vurderingar

  • Gjødslingsnivået for nitrogen er for lågt i forhold til avlingsmengda. Proteininnhaldet blir derfor også noko lågt
  • Fosforinnhaldet er moderat
  • Kaliuminnhaldet på gjødsla ruter er optimalt. Innhaldet på 0-ruta viser kaliummangel
  • Sinkinnhaldet er lågt, med moderate skilnader mellom ledda, med unnatak av ledd 4
  • Svovelinnhaldet er (for) lågt på ledda utan handelsgjødsel
  • Klorinnhaldet er moderat

Der er ingen overraskande resultat.