Bruksmåte til beite og slått:

  • Kan vi bruke Sørnorsk timotei? Ja, Grindstad toler to høstingar, eller ei høsting og beita med storfe, der overvintringa er god.
  • Når bruker vi nordnorske timoteisortar? Ved beiting vår og høst i tillegg til 1 slått. Desse er dei mest hardføre timoteisortane vi har, og høver godt her i vårt område. Noreng er den mest hardføre, men Lidar er å føretrekke her. I våre forsøk gav Lidar like god gjenvekst som Grindstad.
  • Engrapp? Er sjølvsagt til eng som vert beita, den gjev ei tett eng (betre med engrapp enn ugras).
  • Engsvingel? gjev god gjenvekst = viktig for avlinga på andreslåtten og høstbeite.
  • Kløver: kvitkløver meir hardfør enn raudkløver og høver til beiting. Vinterklimaet på vekseplassen er viktig, det må være nok snø, men den må ikkje ligge for lenge skal raudkløveren overvintre.

Viss ein skal ha eit kort omløp kan ein ha få artar, de lengre omløp, de meir allsidig blanding treng ein. Meir beite -> meir engrapp (og kvitkløver)!

Raudkløver har i forsøk og i praksis ikkje greid seg så bra i Oppdal, og med vånd i heile bygda vil vi ikkje anbefale å så kløver no.

Vånd og val av såfrø

Det var ein god del vånd i haust, så det blir spennande å sjå tilstanden til vårs. Ei tett eng utan ugras og kløver er det viktigaste rådet mot vånd. Viss vi vel å ha raudkløver i enga må vi vere klar over risikoen vi tek.

Også i år leverer Felleskjøpet dei to Oppdalsblandingane «Oppdal Sau» og «Oppdal Ku». Dette er to blandinger som er godt tilpassa våre forhold. Båe inneheld engrapp, som nevnt vil den tette enga og hindre nye ugrasfrø i å spire, og dei er utan kløver. Spør etter blandingane for Oppdal når du handlar, dei ligg ikkje i lista. Det er laga berre ei begrensa mengde, så her er det førstemann til mølla!

Vondx
Bildet viser der vånd har kosa seg i enga.

Blandingar til sauebruk

Felleskjøpet har Oppdal SAU. Norgesfôr har frøblanding nr 7 i sortimentet sitt: «Populær i Sør-Norge, Spesielt i Oppdalsregionen.». Eit anna alternativ frå Norgesfôr er frøblanding nr 3, men den høver best for dei aller høgaste områdane våre og med ein slått pluss kanskje noko beiting.

Skjermbilde 2021 02 06 092739

Blandingar til kubruk

Til to slåttar passer det med Lidar og Grindstad timotei. Noko engrapp og engsvingel må òg vere med. Felleskjøpet har spesialblanding for Oppdal også i år, i tillegg til FK spire surfôr/beite vintersterk, som har med 10 % kvitkløver. Norgesfôr har tre blandingar å velje mellom; nr 11 (med kvitkløver.) og nr 4 (med raudkløver), frøblanding nr 9 passer godt til våre beste strøk (80 % timotei og utan engrapp).

Skjermbilde 2021 02 06 092912
NB! Vil du ha såfrøblandingen FK Oppdal Sau, FK Oppdal Ku eller Nôrgesfôr nr 7, BESTILL NÅ!

Blandingar til varig eng og beite

Til lengre omløp, treng ein meir allsidig blanding!

Til areal som er tenkt til langvarig eng bør ein bruke beitefrøblandingar. Dette er allsidige blandingar som konkurrerer godt med ugraset ut over engåra. Det er for seint å bestemme seg for at ei eng skal være langvarig når ein har sådd ei vanlig blanding. FK Spire beite vintersterk eller Norgesfôr frøblanding nr 5 passer godt, (men ver obs på at båe desse inneheld kløver).

Bruk 3-3,5 kg såfrø per dekar av alle eng-og beiteblandingar.

Økologisk såfrø

På sauebruk har Felleskjøpet Natura surfôr/beite vintersterk, men denne manglar engrapp, noko som er uheldig. Ein bør blande inn 20 % engrapp sjølv, men det er usikkert om det finst økologisk frø av Knut Engrapp eller Monopoly. Norgesfor har Frøblanding nr 31 – Nordlig øko, som passar her. På kubruka vil ei blanding med noko sørnorsk timotei kunne gå; Felleskjøpet sin Natura Surfôr/beite vintersterk passer her, eller Norgesfor sin Frøblanding nr 30 – Sørlig øko, men den manglar nordnorsk timotei. I denne bør ein blande inn 20 % nordnorsk timotei, men det er usikkert om det finst økologisk frø av det. Viss ikkje kan ein bruke same frøblandinga frå Norgesfor som til sauebruka.

Dekkvekst

Dekkvekst skal berre nyttast viss ein får sådd seint i Oppdal og øvre deler av Rennebu. I varmare strøk i Rennebu vil det gå bra med dekkvekst. Ein får meir avling i åkeråret, men det kan gje ei tynnare eng! Vi har to gode alternativ; det er bygg og havre. Med tanke på at dette skal bli ei eng som vi skal leve av dei neste 4-5 åra må vi ha fokus på graset. Vi vil ikkje anbefale å bruke meir enn 6 kg bygg eller 8-10 kg havre. Viss vi får gode buskingsforhold vert det ei god avling av dette. Vert det dårleg med buskinga får vi glede oss over ei fin eng året etter. På saubruk er det ikkje anbefalt å bruke bygg, da snerpen på bygget fører til hosting på sauene.

Havre
Bildene viser at 6 kg havre er meir enn nok som dekkvekst når den slår til.
Etter slaatt
Bildene viser at 6 kg havre er meir enn nok som dekkvekst når den slår til.

Å bruke raigras som dekkvekst vil vi ikkje anbefale på grunn av konkurransen med graset. Ein må i alle høve ikkje bruke meire enn 0,5 kg per dekar av typen Westerwoldsk. Det må høstast tidleg, helst omkring skyting av raigraset, og gjenveksten må beitast seint på høsten. Blandingar av korn, vikke, erter med meir skal ein ikkje bruke.

Bygg til krossing

Dei seinare åra er det fleire sortar 6 radsbygg som er prøvd i Oppdal, tidleg sorten Brage og den middels tidlege Edel er godt utprøvd. Det er 4 dagar i skilnad mellom desse to, når dei vert dyrka på austlandet, her i Oppdal vil dette utgjere minst 7 dagar. Dei er lik i avling medan Brage er mest proteinrik. Også den svenske sorten Aukusti (økologisk) er prøvd, den er "Mycket tidigt 6-rads korn, Hög avkastning og har Långt strå". Den har gjeve bra avling i Oppdal.

Bruk 19-21 kg korn per dekar i reinbestand.

Grønfôrvekstar

Grønfôr har tre bruksmåtar, anten berre til beiting, til høsting og beiting, eller berre til høsting. Av dei grønfôrvekstane vi har til beiting, vil raps, raigras, fôrreddik og kanskje grønfôrnepe vere aktuell. Lite utprøvd her enno er vårsådd høstrug, som andre plassar har vore sådd saman med italiensk raigras. Vi har ingen grønfôrvekstar som overvintrar her, heller ikkje den nye høstrugen dessverre. Det er mest vanleg med grønfôrvekstar i reinbestand når det skal beitast, men det kan òg vere gode grunnar for å nytte dei i blanding. Ofte vil ei blanding av raps og raigras kunne vere ein garanti for å få ei større avling om jordtilhøva er noko ujamn på skiftet. Rapsen likar ikkje å bli "blaut på føtene". I tillegg vil ein få ei lengre beiting utover høsten, da ein får gjenvekt i raigraset. Ei høveleg blanding kan vere: raps 0,8-1 kg såfrø, pluss Italiensk raigras, 3 (-4) kg frø. Ei høveleg såmengde av raps i reinbestand er 1-1,2 kg per daa. Sortane Solan / Fontan høver til beiting og i høgareliggande områder, lågvokst men bladrik. Forventa avling er 350 Fem/daa etter 60-70 døgn, og om han får stå i 100 døgn kan ein kome opp i 550 -600 Fem /daa. Dyra må alltid ha tilgang på anna beite for å unngå nitratforgiftning.

Raigraset sett ikkje så store krav til jorda som rapsen. Det er den Italienske typen som er aktuell, den er i praksis eitårig, veks raskt, er bladrik og egnar seg godt til beiting. Her er det fleire sortar å velje mellom, men Macho er den mest bladrike og kvaliteten held seg oppe lengst. Med ein vekstsesong på 50-60 dagar kan ein rekne å få ei avling opp mot 600 Fem per daa.

Har ein kort tid frå såing til beitestart kan fôrreddik vere eit alternativ. Den gjev noko mindre avling, opp mot 350 Fem, men utviklar seg raskt. Den bør beitast etter 50-60 dagar og etter blomstring går kvaliteten raskt ned. Såfrømengda er på 2 kg per daa.

Grønfôrnepe vert dyrka en del og gjev store avlingar. Den har grovare struktur og egnar seg best til beite for vaksne dyr. Ein vanleg sort er Marco og anbefalt såmengde er 0,4 kg/daa.

Høstrug i blanding med italiensk raigras sådd tidleg vår, har vist seg å vere godt beite til mjølkekyr. Såmengde 10 kg høstrug og 2,5-3 kg raigras pr daa. Dette er planter som toler mange avbeitingar, og raigraset vil vekse lenge utover høsten. Første avbeiting kan starte etter ein månad. Det var prøvd her i tørkeåret 2018 med dårleg tilslag, men i eit normalt år skal det kunne fungere også i våre områder. (Kjelde: Samvirke / FK sine internett sider.)

Til høsting, eller til høsting og beiting vil vi anbefale blandingar med korn og om ein ynskjer å beite utover høsten MÅ det vere raigras med i blandinga. Både Felleskjøpet og Norgesfôr har eigne blandingar som høver her. Til høsting: FK Spire grønfôr eller Norgesfôr nr 41. Til kombinasjon høsting og beiting: FK Spire grønfôr Pluss 15 eller Norgesfôr nr 40. Anbefalt såmengde er 20 kg per dekar.

Vi anbefaler aldri slike blandingar som dekkvekst i Oppdal.

Blandingar til varig eng og beite

Til areal som er tenkt til langvarig eng bør ein nytte beitefrøblandingar. Dette er allsidige blandingar som konkurrerer godt med ugraset ut over engåra. Det er for seint å bestemme seg for at ei eng skal vere langvarig når ein har sådd ei vanleg blanding. FK Spire beite vintersterk eller Norgesfôr frøblanding nr 5 høver godt, (men ver obs på at båe desse inneheld kløver). Bruk 3-3,5 kg såfrø per dekar av alle eng og beiteblandingar.