Det er lagt ut treårig forsøksfelt både i 2014 og i 2015. Felta er plassert geografisk frå Solør/Odal i sør til Lofoten i nord. Frå kysten på Nord-vestlandet og Stjørdal til innlandet i Nord-Østerdalen. Dette gjev svert store skilnadar i klima. Kvalitetsanalysane for felta i 2017 er ikkje klare enda. Serien vert endeleg gjort opp seinare, men her er resultata frå sesongen 2017 for tredjeårseng.

Vi har prøvd ut seks raudkløversortar: Lars, Lasang, Reipo, Linus, Lea og Gandalf. Saman med frøblandinganeFK Spire Surfôr Normalmed 70 % timotei, 20 % engsvingel og 10 % rødkløver, (liknar Strand nr 10), ogFK Spire Surfôr Pluss 10med 60 % timotei, 20 engsvingel, 10 % flerårig raigras og 10 % rødkløver (liknar Strand nr 15). I denne serien det Grindstad timotei, Fure engsvingel og Figgjo raigras som er brukt som grassortar.

Effekt av raudkløversort

I kommentaren frå NIBIO heiter det at ein fann ingen effekt av raudkløversort på totalavling for enkeltfelt. Enkelte felt viste ulik mengde inna enkelte slåttar, utan at ein fann noko mønster i dette.

Notata viser stor variasjon i kløverandel i tredje engåret, frå nærast ingenting til over 40 % i nokre felt. Ut frå notatane kan det sjå ut til at Gandalf (diploid) har klart seg relativt godt gjennom tre engår og har ofte ein høg dekningsprosent samanlikna med dei andre kløversortane. Dei som ikkje har klart seg godt er Reipo (tetraploid) og til dels Linus (diploid). Dei to felta i NLR Trøndelag, lokalisert i Oppdal og i Rennebu kommune og feltet på Kvithamar har signifikante forskjellar i dekning av dei ulike raudkløversortane på enkelte slåttar. Felles for desse er at Gandalf har høg dekning, Reipo liten.

Men som figuren under viser er det mykje kløver på feltet på kvithammer i alle tre slåttane, medan dei to felta plasssert i fjellandbruket har nesten ikkje kløver att i tredjeårseng.

Effekt av frøblanding

Vidare siterer vi NIBIO: Det var ingen signifikante forskjell på avling mellom dei to grasfrøblandingane. Ein kunne ikkje finne om kløverandelen var forskjellig mellom dei to frøblandingane med og utan raigras.

Roedklverfelt