Vinteren i år har vore svert ustabil, vi har hatt lange periodar med veldig kaldt vær, og periodar innimellom med varmegrader. Det har vore lite nedbør, men i periodar har snøen smelta og vi har fått is på flate areal. På grunn av lite snø og kaldt ver har vi fått tele ned på 2 meter, og bekkar har kjøvd opp og runne utover, noko som òg har ført til is. Med mylding meiner ein å bruke kalk, grus eller liknande oppå snøen og isen for å skunde på smeltinga om våren. Kalken som er vanleg å nytte, er kalk med ein del farge på.


Resultat frå forsøk

Vi har gjort fleire forsøk med myldingskalk, både i 1994 og i 2000. Dette for å kunne samanlikne evna dei ulike kalktypane har til å påskunde snøsmelting. Vi ville òg finne ut kva mengder ein kunne bruke. I 1994 og 2000 hadde vi tilgang på «Oddakalk» og derfor var denne med i båe forsøka. I 1994 vart den samanlikna med «Åtekalk» frå Felleskjøpet (grovkalk med treaske fra Fiborgtangen), og i 2000 samanlikna vi den med «Rana svartkalk» (grovdolomitt med aske og sot). Da ingen av desse er på marknaden i dag kan vi ikkje koma med anbefaling i høve til sort. Men vi ønsker å peike på noko av det resultatet som kom fram i desse forsøka. Det vart nytta 30 og 50 kg Oddakalk og 30 og 50 kg Åtekalk/Svartkalk som vart samanlikna med eit umylda område. Felta blei lagt på ei rein og jamn snøflate. Det blei laga eit målestativ av to stolpar og eit trebord som gikk tvers over forsøksledda. Frå denne lista blei avstanden ned til snøoverflata målt, (sjå bilete). I 1994 starta ein 5.april og målte til den 12.april, (det var over 43 cm med snø ved start.) I 2000 vart målingane gjort frå den 31. mars og til 14. april (det var over 36 cm med snø ved start.) Den 25. april 2000 var alle dei mylda ledda snøfrie, medan det var 25 cm snødekke på det umylda leddet.

I båe forsøka var det Oddakalk som hadde størst effekt på snøsmeltinga. 30 kg Oddakalk per dekar har gjeve like stor nedsmelting som 50 kg med Rana Svartkalk, og betre enn 50 kg åtekalk. Den sikraste skilnaden meiner vi er fargen på kalken, Oddakalken var mykje svartare enn dei to andre. Båe kalktypane og -mengdene satte vesentleg fart i snøsmeltinga i høve til det umylda leddet. Dei kalktypane som er på marknaden i dag liknar i farge mest på Åtekalken og Svartklalken vi prøvde ut, og derfor vil vi anbefale å bruke opp mot 50 kg/daa. Hovedsaken er at myldinga vert utført og til rett tid. Mylding først i april vil auke snøsmeltinga med 30 cm, og perforere isen i tide. Ei kalking på 50 kg pr daa kvart år, opprettheld pH i jorda.

Mylding tab
Figuren viser snøsmelting i cm. Mørke søyler viser resultat frå forsøket i 2000, medan lyse søyler viser forsøket frå 1994.