For forproduksjonen sin del vil nok erfaringar frå sauahald lettast kunne overførast til produksjon av for til ammeku; nok og gode nok vårbeite, gode sommarbeite, gode haustbeite til ungdyra og til slutt helst to kvalitetar av vinterfor.

Ammekuproduksjonen kan leggast opp på ulike måtar, men den mest vanlege er vårkalving, der kalvane går saman med mora fram til innsett om hausten. Gjennom vinteren fram til ny kalving er kua avsint. Denne artikkelen tek utgangspunkt i eit slikt driftsopplegg. Ved haustkalving vil behova for grovforkvalitetar vere annleis.

Ammekuprodusenten treng eit gras som toler beiting og slått, som startar veksten tidleg om våren, og som avsluttar veksten seint på hausten. Det bør gje store avlingar, og det er og ein ubetinga fordel om det toler den norske vinteren.

Har vi eit slikt gras? Svaret er tja, og det næraste er truleg Hundegras, og muligens Strandsvingel, men strandsvingel har vi førebels litt for lite erfaring med på Nordvestlandet. Dei andre grasartane som kan vere aktuelle er Fleirårig Raigras og Raisvingel, som dessverre er utsett for utvintring (kan bli sterkt svekka av den norske vinteren enkelte år), eller Engrapp som gjev lågare avling, og har kortare vekstsesong enn hundegras.

Hundegras og ammekuproduksjon kan vere ein god kombinasjon

Hundegras gjev tidlege vårbeite, og rask gjenvekst etter avbeiting.

Hundegras kan gje gode avlingar av god kvalitet ved slått rett før skyting som på biletet til venstre. På dette utviklingsstadiumet vil det kunne gje eit heilt ok fôr til inneforinga av slakteoksane.

Til tørrkyr vil derimot denne kvaliteten lett gje for feite dyr fram mot kalving. Då er det meir aktuelt å late hundegraset stå til etter skyting, som på biletet under. Då kan ein oppnå store tørrstoffavlingar med fiberrikt fôr.