Kortnebbgås

Prosjektet vart starta i 2016 og avslutta i 2019. Formålet med prosjektet var å prøve om andre arter enn timotei, engsvingel og kløver ville tole vårbeiting av kortnebbgås og i tillegg produser ei bra grasavling for kua. Utgangspunktet for arbeidet var erfaring og registrering av plantebestand på areal med sterke beiteskadar, som viste at dei tradisjonelle grasblandingane dominert av timotei, ikkje var egna i områder med sterkt beitepress av gås.

Ved sida av at timotei truleg er god på smak, er den i tillegg dårleg egna til sterk vårbeiting på grunn av veksemåten. Den går ut uansett om det er gås, sau, eller storfe som beiter, når beitetrykket blir for sterkt. Beitetrykk av ku og sau kan regulerast, det gir ingen meining med gås. Gåsa blir i området til den har nådd nødvendig hald for å greie turen til Svalbard. Det er heller inga løysing å satse på jaging, det gir berre problem på nye areal. Målsettinga var derfor gjennom praktisk utprøving lagt opp som parsellforsøk, å teste aktuelle grasblandingar og dyrkingsopplegg som kan gi fôr til både gås og ku.

Storskalafelt på Levanger, Inderøya og Beitstad

For å sikre best muleg resultat, la en opp til å teste dei aktuelle grasblandingane på storskalafelt i tre hardt belasta områder, med seks grasblandingar (Tabell 1) eller dyrkingsopplegg i kvart felt med rutelengde på 60 -100 meter og rutebreidde på 15 - 20 meter. Kvart felt dekka eit areal på 8 - 12 dekar.

Skjermbilde1

Feltplasseringar:

Levangernesset, hos Anders Sunndal, sådd 20/5 - 2016

Indre Borgenfjord, hos Kjetil Ingul, sådd 3/6 - 2016

Veldamelen, hos Johan Kr. Daling, sådd 30/5 – 2016

I denne artikkelen er resultata frå feltet som låg på Veldamelen hos Johan Kr. Daling gjengitt for 1. og 3. engår for å vise utvikling og avlingsnivå.

Sortane som inngjekk i blanding 1 til 4 var: Grinstad timotei, Fure engsvingel, Figgjo og Trygve av fleirårig raigras, Hykor raisvingel og Swaj strandsvingel. I ledd 5 var det bruka standard frøblanding, Spire surfôr +10 og det var Figgjo som vart sådd inn som underkultur i korn i ledd 6.


Feltet hos Johan Kristian Daling

I 2017 er det for tre slåttar oppnådd eit avlingsnivå, som både har gitt gåsa mat og i tillegg produserar godt med fôr til kua (Tabell 2). Hundegras ligg på topp og fleirårig raigras sådd som underkultur i bygg ligg nedst. Men skilnadene er relativt små, og resultata viser at det er muleg å både fôre gåsa i tillegg til å produsere gras til kua. Den største utfordringa er nok å venne seg til å leve med ein usikker fôrsituasjon heilt til 3.slått er i hus.

I 2019 starta avlingsåret tidleg, med god temperatur i april. Grasveksten kom i gang relativt tidleg, og det var varmt og godt vêr til månadsskiftet april/mai. Mai starta kald og grasveksten stagnerte, før den igjen fekk fart etter 15. mai. I juni gjekk det litt opp og ned, men det kom bra med nedbør så veksten starta med ein gong etter 1. slått. Første halvdel av juli var også relativt kald, men det kom nok nedbør til graset. Midt i juli kom sommaren med varme og særs lite nedbør, før det igjen vart særs gode vekstvilkår for gras frå midten av august. Dette året var avlingane jamt over låge i førsteslåtten (Tabell 2). Det var berre hundegrasekra som rakk å vekse litt til i den korte perioden frå gåsa reiste omkring 17. mai til slått den 5. juni. Arealet var godt nedbeita når gåsa drog, og sjølv om det var litt mindre meiravling i 2019 enn i 2018, var det tydeleg at den einaste arten som tolte sterk vårbeiting, var hundegras (ledd 4) Årsaken kan også vera at gåsa ikkje er like glad i hundgraset. Dekningsgraden etter andreslått var 80 – 99 % i dei fire beste blandingane. Noe som viser at engsvingel, fleirårig raigras, raisvingel og strandvingel i tillegg til hundegras overlever hard vårbeiting av kortnebbgås. Berre den timoteidominerte blandinga (ledd 5) bukka heilt under for den harde vårbeitinga.

Fordelinga mellom slåttene (sjå nedste lina i Tabell 2) viser at 1. slått bidreg med berre 29% av avlinga i 2017 og 19 % i 2019. Om lag same avling og fordeling mellom slåttane blei oppnådd i 2018 som i 2017.

Sjølv om avlingane jamt over var gode, har gåsa forsynt seg grovt av ei normal avling i førsteslått. Til samanlikning var t.d. prosentvis avlingsfordeling mellom første, andre og tredjeslått 48:36:16 i forsøk ved NIBIO Kvithamar, når førsteslåtten vart tatt ved begynnande skyting.

Som det går fram av tabellen, er det 3. slåtten som bidreg med om lag halvparten av årsavlinga. Unnataket er hundegras som har om lag ein tredel av årsavlinga på førsteslåtten.

For å gi inntrykk av korleis fordelinga skulle vore, om ikkje gåsa hadde gjort sitt inntog, har ein i figur 1, gjengitt avlingsprognose for Mære basert på klimadata (Grovfôrmodellen, www.vips-landbruk.no).

Basert på Grovôrmodellen (www.vips-landbruk.no) for klimastasjonen på Mære, kunne ein venta ei avling i førsteslåtten på om lag 500 kg TS (Figur 1), men med unntak for

hundegrasenga var dei faktiske avlingane 65-80% lågare. Avlinga i den hundegasdominerte enga var derimot 80% av avlinga modellen berekna for ei timoteidominert grasblanding.

Særleg i tredjeslåtten, men i noko mon også i andreslåtten, var dei registrerte avlingane på feltet høgare enn det Grovfôrmodellen berekna. Som regel er avvik frå prognosane i

grovfôrmodellen små og oftast i retning av mindre avling. Ei muleg forklaring på det store avviket i feltet på Veldamelen, kan vera hell med lokal nedbør. Samla avling for feltet på Veldamelen, er derfor truleg noe høgare enn dei som hadde same nedbørsfordeling som på Mære. Når ein tar med resultata frå dei andre felta og andre erfaringar, tyder mye på at Grovfôrmodellen gir ein god indikasjon på muleg avlingsnivå, når dekningsgraden av sådde gras er god.


Utvikling i dekning

Ved å samanlikne med artsfordelinga slik det blei sådd (Tabell 1) med artsfordelinga i 3.engår (Tabell 3), ser ein den store endringa for blant anna timotei. Timotei utgjorde ved såing 60 prosent av frøblandinga i ledd 5 og tilslaget var veldig godt i gjenlegget. Derfor var timotei veldig dominerande på våren i 1. årsenga. Noe gåsa tydlegvis sette pris på, og konsekvensane vart store.

Skjermbilde2

Gåsskit

I tillegg til registrering av utvikling i dekningsgrad for dei sådde artane, vart det om våren rekna gåsskit pr. kvadratmeter. Dette vart gjort for å avdekke om det var systematisk skilnad i mengde gåsskit mellom grasblandingane. På det meste blei det funne 32 gåsskit pr. kvadratmeter. Erfaringa var likevel at slik teljing er lite eigna som mål på kor sterkt eller svakt beitetrykk har vore. Det var generelt små og mest truleg tilfeldige utslag mellom ledda. I periodar med lite nedbør held gåsskiten seg godt og da blir talet høgt, medan den i periodar med mykje nedbør går heilt eller delvis i oppløysing slik at talet blir lågt.

Gas og grovfor 3
Snaubeita forsøksfelt den 12. mai i 2019. Hundegraset har grønskjer, høymola er lite attraktiv og resten er grått.
Gas og grovfor 2
Snaubeita forsøksfelt den 12. mai i 2019. Hundegraset har grønskjer, høymola er lite attraktiv og resten er grått.

Oppsummering med praktiske råd