Prosjekteigar Landbruk Nordvest i samarbeid med Norsøk og NLR Nord-Norge.

Målgrupper er

  • Grovfôrprodusentar/husdyrhaldarar, som skal vurdere om det er aktuelt å a): tilby husdyrgjødsel som råstoff i biogassanlegg som og nyttar oppdrettsslam som råstoff, og b): nytte biorest frå slike anlegg som gjødsel på sine engareal.
  • Mogelege eigarar av biogassanlegg som planlegg å basere biogassproduksjonen på råstoff frå
  • oppdrettsnæringa (slam) og husdyrgjødsel, og som planlegg at bioresten skal nyttast på engareal.
  • Storsamfunnet, som ser for seg at slik bruk av oppdrettsslam og husdyrgjødsel er eit viktig tiltak både for auka produksjon av biogass, og sirkulasjonstenking om viktige næringssalt, ikkje minst fosfor. Oppdrettsnæringa, som ynskjer å gjere næringa meir berekraftig, både ved sirkulasjon av næringssalt i produksjonen, og produksjon av fornybar energi.

Viktigaste tiltak:

Det skal gjennomførast avlingsforsøk (feltforsøk) i eng der ein undersøkjer gjødseleffekten av biorest der oppdrettsslam og husdyrgjødsel er brukt som råstoff. Gjødseleffekten skal samanliknast med konvensjonell gjødsling (Fullgjødsel) Det skal vidare takast ut prøvar til kjemisk analyse for registrering av næringsinnhald og mineralinnhald inklusiv tungmetall.

Det skal takast ut prøver av biorest og jorda på forsøksfeltet for kjemisk og hygienisk analyse.

Analyseresultata skal drøftast opp mot aktuelt regelverk.

Forventa resultat:

Det er ei målsetting at resultata frå prosjektet vil gje kunnskap om gjødseleffekten av biorest basert på oppdrettsslam og husdyrgjødsel. Dessutan om slik biorest kan nyttast som gjødsel på eng i høve aktuelt regelverk.

Prosjektet skal og avklare korleis mekanisk avvatning påverkar innhaldet av m.a. fosfor, mineralisert nitrogen og aktuelle tungmetall i våtdel og tørrdel etter avvatnng.

Forsøk i 2021

Det vart lagt ut to forsøksfelt i prosjektet i 2021. Eitt i Hustadvika i Møre og Romsdal, og eitt på Vestvågøy i Nordland. Biorest basert på substratblanding av 80% husdyrgjødsel og 20 % oppdrettsslam vart produsert i forsøksreaktor tilhøyrande Lindum.

Forsøksplan

Ledd 1: 0-ledd, utan gjødsling

Ledd 2: 60 l + 40 l husdyrgjødsel pr rute (3 + 2 tonn husdyrgjødsel pr dekar)

Ledd 3: 60 l + 40 l biorest pr rute (3 + 2 tonn biorest pr daa)

Ledd 4: 60 l + 40 l husdyrgjødsel pr rute + handelsgjødsel opp til normgjødsling av N for eng

Ledd 5: 60 l + 40 l biorest pr rute + handelsgjødsel opp til normgjødsling av N for eng

Ledd 6: Handelsgjødsel berekna for normgjødsling for eng

Gjødsling

Det vart teke jordprøvar på begge forsøksfelta. Både husdyrgjødsel og biorest vart analysert for innhald av næringssalt. For ledd 4, 5 og 6 vart det sett opp ein gjødslingsplan med 20 kg N/daa (berekna som NH4-N), samt sikker dekning av fosfor og kalium. På grunn av ulikt innhald av næringssalt i jorda på dei to forsøksfelta, vart det nytta ulik type handelsgjødsel. Arealet i Hustadvika vart også tilført magnesiumhaldig kalk grunna låg pH.

Innhaldet av plantetilgjengeleg nitrogen (NH4-N) var ulik i husdyrgjødsel og biorest. Av den grunn vart tilført mengde N frå handelsgjødsel ulik for ledd 4 og 5.

Figur 1 biorestfelt Mog R 2021

I gjødslingsplanen for ledd 4, 5 og 6 var sett opp forventa avling på 700 kg Ts pr daa i 2021.

Påverking av nitrogenet

Ved gjødsling med organiske gjødselslag er utnyttingsgraden av nitrogenet påverka av mange faktorar m.a. jord- og lufttemperatur, sol, vind, mikrobiell aktivitet i jorda. Dette vil heilt klart spele inn på resultata mellom feltet i Hustadvika og Vestvågøy. Men i samanlikning av ulike gjødselslag på same feltet, skal dette ha mindre innverknad.

Det skal likevel nemnast at det var tørt på feltet i Hustadvika. Grunna dette, og varmt ver i byrjinga av juni, vart perioden mellom gjødsling og 1. slått i kortaste laget på dette feltet. Også på gjenveksten etter første slått var det tørt på dette feltet.

Avlingsresultat

Det vart gjødsla likt på begge felta. På Vestvågøy vart feltet hausta to gongar. I Hustadvika vart det teke tre slåttar.

Figur 2 biorestfelt Mog R 2021

Må tolkast med varsemd

Det må understrekast at dette er resultat frå berre to felt med kvar tre gjentak pr ledd. Resultata må tolkast med stor varsemd.

Det kan sjå ut til at biorest gjev minst like god gjødseleffekt som husdyrgjødsel. Dette ser ut til å gjelde både ledda med berre organisk gjødsel og ledda supplert med handelsgjødsel. Leddet med berre handelsgjødsel gav ikkje høgare avling enn kombinasjonsledda.

Oppsummering

I samanlikninga mellom husdyrgjødsel og biorest, kan ein forsiktig oppsummere:

  • Subjektiv vurdering: bioresten er meir lettflytande enn husdyrgjødsel
  • Bioresten hadde om lag 10% høgare innhald av plantetilgjengeleg nitrogen enn husdyrgjødsel. Dette skuldast truleg oppdrettsslammet.
  • Bioresten gav god avlingseffekt ved bruk som gjødsel på eng. Både åleine og som delgjødsling saman med handelsgjødsel

Kjemiske analysar av avling

Det vart teke ut forprøvar frå førsteslåtten for analyse av nokre aktuelle mineral, samt forkvalitet. Dette for m.a. å sjå om biorest med 20% oppdrettsslam gav utslag på innhaldet av aktuelle tungmetall. I tabellen under er plukka ut nokre av tala frå analysane. Optimalområdet er også sett opp under.

Figur 3 biorestfelt Mog R 2021
Samanstilling NLR Nordvest. Analyse av 1.slåttsavling 2021.

Vurderingar

  • Gjødslingsnivået for nitrogen er for lågt i forhold til avlingsmengda. Proteininnhaldet blir derfor også noko lågt.
  • Fosforinnhaldet er moderat.
  • Kaliuminnhaldet er optimalt for ledda gjødsla med handelsgjødsel. For 0-ledd og leddet med berre biorest var det noko lågt. Lågt kaliuminnhald i oppdrettsslam, kan ha bidratt til senka kaliuminnhald her.
  • Sinkinnhaldet er lågt, med små skilnader mellom ledda.
  • Svovelinnhaldet er (for) lågt på ledda utan handelsgjødsel.
  • Klorinnhaldet er middels, men tydeleg høgare i ledda med biorest.

Der er ingen overraskande resultat.