Utmarka ein viktig ressurs

Olav Einar har 65 årskyr på garden Hegstad på Stiklestad i Verdal kommune. Her driv han garden saman med kona Elin Halvorsen Sikkeland. Med 65 kyr og tilhørande kviger er utmarksbeite viktig for drifta på garden. Dei har alltid brukt utmarksbeite i Færen almenning og statsalmenningen mellom Verdal og Meråker til sinkyr og kviger. Dei har hatt utfordringar med dyr på avvegar, og hovedmotivasjonen til å investere i Nofence er å hindre at dyra kjem ned på fylkesveg 72 mot Sverige.

For å ha betre kontroll på sinkyr og kviger blei dei i 2019 med som pilot for Nofence- prosjektet. Olav Einar fortel at dei hadde Nofenceklave på alle dyra som skulle beite i utmarka, dette året vart det 15 sinkyr og 35 kviger. Med så mange dyr, valde dei å dele dyra i tre flokkar som kvar hadde eit område på om lag 500 daa. For at flokkane ikkje skulle ha kontakt, valde dei å ha ein avstand mellom areala på ca. 500 meter, samt ein åskam.

Trening må til

Nofence fungerer i korte trekk ved at det blir tegna ei grense, eit s.k. "virtuelt gjerde" på eit digitalt kart som den solcelledrivne GPS-klaven kommuniserer med. Dersom dyra passerer dette "gjerdet" vil dei få eit straumstøt, men først får dei eit varselsignal ved at klaven byrjar å pipe. For at dyra skal venne seg til klavane og reagere rett på lyden må dei trenast. På Hegstad starta dei opp treninga med at dyra var i ei ganske stor innhegning med nettingutgard. Nofencegrensa vart sett 10-15 meter innafor nettingen. Olav Einar fortel at det gjekk utruleg fort at dyra lærte at lyden betydde at dei skulle snu for å unngå straumstøt. Etter 12 timar med trening, vart dei sleppt i utmarka. Nokre få dyr har i løpet av sommaren vore utanfor gjerdet, men dei har snudd og kome tilbake til flokken i løpet av kort tid.

Olav Einar meiner dette har gått overraskande bra, og ser ingen stress på dyra med dette. Når varsellyden kom på eit dyr, reagerte også dei som var i nærleiken med å gå bort frå grensa. At dyra lærte kvar grensa gjekk i terrenget såg ein når dei skulle hentast heim, og måtte jagast over der grensa hadde gått. Da stoppa dei opp i fleire minutt før dei tora gå over.

Nofence

Prinsippskisse for koss dyra blir varsla med lyd i det dei nærme seg og evt. passerer det virtuelle gjerdet.

Lang sesong – bra batterikapasitet

Dyra til Hegstad har vore på utmarksbeite frå midten av juni til dei siste vart henta heim i starten av oktober. På om lag 1/3 av bjøllene har dei bytt batteri gjennom sesongen. Dette har ikkje vore noko problem da dei har hatt moglegheit for å samle dyra inn på setra. Ein kan følgje med korleis stoda på batteria er på nettbrett/mobil. Klavane har som oftast ikkje slutta å virke brått, og om batteriet har gått tomt ei natt, har det som oftast vorte litt lada neste dag slik at klaven har fungert til batteriet blei skifta inna eit døgn eller to. Dei har hatt nokre ekstra batteri på garden, slik at dei har tatt med nye, opplada batteri og bytta ut med dei som har vore tomme når det har vore nødvendig. Ladinga ute i terrenget har vore dårlegast når dyra har gått i skogen, oppe på fjellet har det ikkje vore noko problem. Kapasiteten er noko Nofence jobbar med, og dei reknar med at dette vil auke med 30 % på nye klavar til neste år. Kontakten med bjøllene har fungert bra både på nettbrett og på mobiltelefon.

Olav Einar er svært nøgd med opplæringa og oppfylginga han har fått frå Nofence, og vil anbefale andre som ønsker å nytte utmarka til kyrne å ta i bruk Nofence.

5 nofence olav einar hegstad bilde 2
De siste Norfencedyra på vei ned fra fjellet. Fotograf: Elin H. Sikkeland.

Nofence