Til vanleg vert det rekna at ein treng 0,7-1 daa håbeite per lam per mnd.
Raps, raps/raigrasblandingar gir større avlingar: 600 Fem per daa. Beites etter 60-70 dager.
Vi kan supplere håbeite slik: Raps; 0,1 daa raps pluss 0,3 daa håbeite per lam per mnd.

Hugs: Slaktemodne lam skal til slakteriet (plukkslakting).

Val av grønfôrvekstar

Av dei grønfôrvekstane vi har, vil Grønnfôrraps (beiting: Fontan, Barsica), Raigras ettårig (WesterWoldsk) og toårig (Italiensk), fôrreddik (Trident m fl.) og grønnfôrnepe (Marco mfl.) vere aktuell. Grønnfôrerter, (Javlo m.fl) og fôrvikker (nitra) er òg aktuelle i blandinger.

Blanding med korn: Korn+erter+raigras+fôrraps til direktefôring/ensilering+slått/beite.
Obs ikkje bygg til sau som har satt aks pga snerpen!! (minus Formargkål- pga for kort vekstsesong?).

Grønnfôrrapsener krevjande når det gjeld jorda. Den krev godt drenert jord med god struktur som er kalkrik og mest mulig fri for ugras. Misfarga rapsåkrar er ein vanleg indikator når dette ikkje er til stades. Rapsen gjev gode avlingar om jordtilhøva er bra, og den kan såast etter vårbeiting eller etter tidleg 1.slått i låglandet Såtida må tilpassast tida for beitestart. Ei høveleg såmengde er 1-1,2 kg per daa. Ein bra sort til beiting og i høgareliggande områder er Fontan (lik tidligere Solan) som er lågvokst men bladrik. Forventa avling er 350 Fem/daa etter 60-70 døgn, og om han får stå i 100 døgn kan ein kome opp i 550 -600 Fem /daa. Dyra må alltid samtidig ha tilgang på anna beite for å unngå nitratforgiftning.

Ofte er det bruka husdyrgjødsel til rapsen, ein skal her vere obs på nitratforgiftning ved for sterk gjødsling. Kontakt din rådgiver for å få plan på gjødslinga.

Brakking med Glyfosat (Roundup) er nødvendig viss det er mykje ugras (særleg rotugras) i jorda før ein skal ha raps. Dette kan gjerast høsten før, på våren eller etter vårbeitinga. Det viktigaste for å få god effekt av brakkinga er at t.d kveka og løvetann har kome nok opp og er i god vekst.

Eit brukbart alternativ til raps erRaigrasav di den ikkje så store krav til jorda som rapsen. Den kan vere aktuell i blanding med raps eller i reinbestand. Den Italienske typen er i praksis eitårig, det vil seie at den sett ikkje frø første året og er svert bladrikt. Den veks raskt og egnar seg godt til beiting. Her er det fleire sortar å velje i, men Macho og Mindora er mest bladrike og kvaliteten held seg oppe lenge. Med ein vektsesong på 50-60 dagar kan ein rekne å få ei avling opp mot 600 Fem per daa.
Meir om raigras i blanding lengre nede.

Har ein kort tid frå såing til beitestart kanfôrreddikvere eit alternativ. Den gjev noko mindre avling, opp mot 350 Fem men utviklar seg raskt. Den bør beitast etter 50-60 dagar og etter blomstring går kvaliteten raskt ned. Ein sår 2 kg per daa.

Grønnfôrnepevert dyrka en del og gjev store avlingar. Den har grovare struktur og egnar seg best til beite for gimrer og voksen sau fordi lamma vil lett vrake sjølve nepa. Ein vanleg sort er Marco og anbefalt såmengde er 0,4 kg/daa.

Grønfôr i blanding


Det er mest vanleg med grønfôrvekstar i reinbestand når det skal beitast, men det kan òg vere gode grunnar for å nytte dei i blanding. Ofte vil ei blanding av raps og raigras kunne vere ein garanti for å få ei større avling om jordtilhøva er noko ujamn på skiftet. I tillegg vil ein få ei lengre beiting utover høsten, da ein får gjenvekt i raigraset. Ei høveleg blanding kan vere: raps 0,8-1 kg såfrø, pluss Italiensk raigras, 3 (-4) kg frø. Avlinga vil kunne ligge på 600 Fem per daa etter 100 vekstdøgn.
Blanding av raigrastyper: Når ein skal velge mellom eitårig (westerwoldsk) eller toårig (italiensk) raigras, bør ein vete kva graset skal brukas til. Eitårig raigras er godt egna til ensilering med høsting til rett tid, (55 - 60 vekstdøgn). Toårig raigras er meir fleksibelt i forhold til høstetidspunkt, men krev gjerne totrinnshøsting for å unngå ein for rå og strukturlaus masse
For å oppnå eit beite med meir struktur kan det vere greit å blande inn det eitårige Westerwoldske raigraset. Bakdelen med dette er at ein del da vil sette frø etter 55-60 vekstdøgn og taper da fort kvalitet, her må ein vurdere såtidspunktet i høve til beitestart. Blanding av eit- og toårig kan og være gunstig med direktefôring og der eine slåtten skal takast med høsting og gjenveksten skal beitast (ca 20 dagar til høstbeite. Eitårig raigras spirer raskare enn toårig, men toårig har betre gjenvekstevne. Ei tidleg pussing med forhaustaren når planta er 15 cm (eller lett av beiting ) gjer at raigraset sett fart på veksten.

Plantevern i grønfôrvekstar


Det beste plantevernet er å ha forebyggande tiltak som god drenering, jordstruktur og kalk-og næringstilstand. Men det er ikkje alltid ein unngår alt ugraset på denne måten, og ein må inn med plantevernmidlar i tillegg.

Fôrraps, grønfôrnepe og kålrot høyrer til korsblomstra vekstar, medan bygg, havre og raigras er i grasfamilien. Alle desse vekstane vekst raskt slik at dei vil tyne ugrasartane ein god del. For fôrraps, nepe mfl er det ingen godkjente midlar mot tofrøblada ugras. Mot kveka er Focus Ultra tilgjengeleg. Ein skal ikkje dyrke raps for mange år på rad da ein kan få klumprot på den.

I raigras kan ein nytte Ariane S mot vanleg frøugras. Ein må vurdere om sprøytinga er nødvendig her, da ei tidleg pussing med forhaustaren fjerner mykje av ugraset, spesielt på meldestokk og då er dette effektivt. Men kjem vassarven så er det nødvendig med ei sprøyting, Denne pussinga gjer at raigraset sett fart på veksten.

Det er spesielt to skadedyr ein kan ha problem med i nepe og kålrot, det er kålflue og kålmøll. Mot kålmøll er Decis godkjent i korsblomstra fôrvekstar.