Kvalitetsprøver av gras fram mot førsteslått

NLR Trøndelag tok også i år ut kvalitetsprøver av eng, ulike stader i Trøndelag frå det tidspunktet stengelstrekkinga på timoteien starta og fram mot hausting. Analyseresultata av desse prøvene blei fortløpande lagt ut på våre nettsider. Figur 1 gir ei samla framstilling av FEm-konsentrasjonane i desse prøvene, og viser at både i Rissa, Verdal og Skatval var energikonsentrasjonen (FEM/kg TS) i graset nede på 0,85 allereie ved inngangen til pinsa (8.juni) på dei utvalde gardane. I Meldal, Overhalla og Nærøy heldt graset fortsatt ein FEM-konsentrasjon på 0,90 eller meir nesten ei veke seinare. På Oppdal blei slåtten ikkje tatt før etter St.Hans og da var fortsatt FEm-konsentrasjonen over 0,91.

Grovfor1
Figur 1. Kvalitetsutvikling av vårvekst i utvalde timoteidominerte enger i Trøndelag 2019. FEm-konsentrasjon i gras bestemt med NIRS ved NIBIO Løken.

Tørrstoffinnhaldet påverkar gjæringsmønster og næringsverdi

Det ferdige førsteslåttsurfôret for 2019 held i gjennomsnitt om lag 30 % TS (Tabell 1). Dette reknast som ideelt, både med omsyn til å minimere tapa frå slått til ferdig konservert fôr, og for fôropptaket hos dyra. Di høgare tørrstoff i graset når det blir lagt i silo/rundball, di svakare blir gjæringa, og tapet av sukker og nedbrytinga av celleveggstoff (NDF) og protein blir dermed begrensa. Alt i alt gir det grunnlag for høgare energi- og proteinverdi samanlikna med sterkare gjæra surfôr. Forutsatt godt og grundig arbeid med pakking og utestenging av luft under silolegging/rundballepressing vil det i godt fortørka, og lite gjæra surfôr, være små kvalitetsendringar frå gras til ferdig surfôr. Gjennomsnittsverdiane av surfôret gir indikasjon om jamt over god gjæringskvalitet, men min/max-verdiane viser at det likevel er stor variasjon i kor godt trønderske grovfôrprodusentar lykkast med konserveringa. Somme har surfôr med særs dårleg gjæringskvalitet. Lite mjølkesyre, høg pH og høgt innhald av ammoniakk og løyseleg protein gir indikasjonar på at det har vore smørsyrebakteriar og/eller andre uønska mikroorganismar som har fått dominere gjæringa. Dei dette gjeld, spesielt mjølkeprodusentar, må ta særlege forhaldsreglar for å unngå sporar i mjølka. Ta kontakt med din rådgjevar! Han/ho kan også være til hjelp for å avdekke flaskehalsar og foreslå tiltak som kan bidra til at dette ikkje gjentek seg neste år.

Under middels næringsverdi i årets førsteslått

Dei som tok førsteslåtten første veka i juni hadde jamt over betre forhold for fortørk enn dei som av ulike årsaker venta. I store delar av Trøndelag var været heller ustabilt med ein god del regn i vekene etter pinse. Det utstabile været kan ha medverka til at ein del måtte utsette slåtten lenger enn ønska og planlagt. Ein gjennomsnittleg FEm-konsentrasjon i førsteslåtten (0,83) under middels (0,85) peiker i alle fall i denne retninga.

At mange av dei som planla tre slåttar tok andreslåtten under godvêrsperioden i slutten av juli, trass i ein noko forseinka førstelått (?) kan også være med på å forklare at tørrstoffinnhaldet er høgare og kvaliteten av andreslåtten jamnt over betre samanlikna med førstslåtten i 2019. Figur 2 og 3 viser gjennomsnittleg FEm-konsentrasjon i surfôr av første- og andreslått i ulike kommunar i høvesvis gamle Sør- og Nord-Trøndelag. Kommunar med få prøveresultat er slått saman der det har vore naturleg. Nokre kommunar med få prøver er likevel ikkje representert.

Andre- og tredjeslåtten redningsplankar?

At analysane gir indikasjonar om at kvaliteten på andreslåtten er betre enn kvaliteten på førsteslåtten, kan jo være ei trøyst. Dette fenomenet ser særleg ut til gjere seg gjeldande i det gamle Nord-Trøndelag (Figur 3). Likevel viser både fôringsforsøk og praktisk erfaring at dyra som oftast ikkje responderer like godt på gjenvekstfôr som på førstelåtten, sjølv om analysert fôrverdi er tilnærma lik. Årsaka til denne forskjellen er uviss.

Velfylte fôrlager til tross: På bakgrunn av surfôranalysane ser det ut til at mange også denne vinteren må bu seg på å måtte bruke relativt mykje kraftfôr for å halde oppe avdråtten/tilveksten på dyra. Dette ser ut til å gjere seg gjeldande over heile landet. Eit råd for seinare vekstsesongar er at det oftast er rett å ha særleg fokus på kvalitet i førsteslåtten, og at gjenvekstane som oftast kan brukast til å sikre kvantiteten.

I skrivande stund ligg det ikkje føre statistikk for kvaliteten av tredjeslåtten i Trøndelag.

Skjermbilde 2021 02 21 182803
Tabell 1. Analyseresultat av årets surfôrprøver i Trøndelag. Gjennomsnitt, minimum og maksimumsverdiar for første- og andreslått for heile fylket sett under eitt.
Grovfor2
Figur 2. Energikonsentrasjon (FEm, NEL) i surfôrprøver frå kommunar i tidlegare Sør-Trøndelag. Tal prøver i høvesvis første- og andreslått er oppgjeve i parentes bak kommunenamnet.
Grovfor3
Figur 3. Energikonsentrasjon (FEm, NEL) i surfôrprøver frå kommunar i det tidlegare Nord-Trøndelag. Tal prøver i høvesvis første- og andreslått er oppgjeve i parentes bak kommunenamnet.