Om oss

17.03.2010 (Oppdatert: 16.02.2017) ,  Jan Ferstad

Fagforum Grovfôr ei vidareføring av Grovfornett.no, som vart oppretta i 2004. Du finn meir om Grovfornett.no si historie i lenken til høgre. I 2010 vart eigarskap og drift overdrege til Bioforsk (no NIBIO). Nettstaden er eit samarbeid mellom NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving, drifta av Norsk Landbruksrådgiving.

Fagforum Grovfôr er i utgangspunktet open for alle, men av og til kan du likevel få beskjed om at du ikkje får tilgang til ein artikkel. Det skuldast at vi har vald automatisk kobling til fagdatabasen i Norsk Landbruksrådgiving, som sikrar ein jamn og god straum av fagstoff frå heile landet. Artiklar skrivne av lokale rådgivarar kan vera avgrensa til eigne medlemmer, og slike får du ikkje tilgang til om du ikkje er medlem i den lokale eininga i Norsk Landbruksrådgiving.

Vi ønskjer å vera ein sentral plass for formidling av fagstoff som har med grovfôr å gjere, og er glad for tips om interessant fagstoff og prosjekt vi kan formidla.