Taper du pengar på grovfôret?

06.02.2020 (Oppdatert: 10.02.2020)

Grovfôr 2020 dokumenterer at heimeavla grovfôr er rimelegare enn kraftfôr. Prosjektet viser også at det er store variasjonar i grovfôrdyrkinga. – Mange er dyktige agronomar, men resultata viser at alle kan bli betre, seier Petter Klette i Tine.

SIKRE VERDIANE: Med betre agronomi kan du auke innteninga på bruket med fleire hundre tusen kroner. Ikkje la profitten blåse vekk med vinden. (Foto: Istock)

Liv Kristin Sola, Bondevennen

 

Prosjektet Grovfôr 2020 vart lansert i 2016. Målet var god agronomi og betre økonomi for bonden – meir og billigare grovfôr. Men verda er i endring. I løpet av prosjektperioden har mjølkebonden hamna midt i sentrum for diskusjonar som går langt utanfor teiggrensene på garden. 15. januar var samarbeidspartane samla på Ås for avsluttande konferanse.

Manglar ikkje kunnskap

Mange bønder er svært opptekne av korleis vi fôrar mjølkekua, kviga, kalven og sinkua. Fôrrasjonar vert sett opp med millimeterpresisjon. Kvifor strevar vi ikkje etter det same presisjonsnivået og engasjementet for grasdyrkinga? For det står ikkje på kunnskapen, skal vi tru initiativtakarane til prosjektet Grovfôr 2020, Torger Gjefsen og Harald Volden.

Det er brukt millionar av kroner på forsking, kilometervis med spalteplass og dagar og månadar med konferansar og seminar for å snakke om meir og betre grovfôr.

Meir mjølk på meir kraftfôr

Volden, som i dag leiar innovasjon og fagutvikling i teknologiselskapet Mimiro, har jobba både med forsking gjennom NMBU og i tett kontakt med aktive bønder og rådgivarar i Tine rådgiving og medlem.

– Så lenge eg har vore i denne bransjen har vi tyta øyrene fulle om betydinga av grovfôrkvalitet, men vi har knapt nok flytta oss ein millimeter, seier Volden.

Han viser til strukturutviklinga i mjølkeproduksjonen som har bidrege til ei formidabel avdråttsauke på kort tid. I løpet av ein tiårsperiode, der mjølkevolumet har vore konstant, er tal på mjølkekyr redusert frå 240.000 til 215.000. I same periode har avdråtten auka frå 7200 til 8400 kg EKM per årsku.

– Auken har kome som ein konsekvens av meir kraftfôr, medan grovfôropptaket har vore rimeleg konstant. Vi bruker med andre ord mindre grovfôr per kilo EKM i dag enn vi gjorde for ti år sidan, og effektivitetsauken er fagleg sett bra, seier Volden.

– Kvifor er det slik?

– Fordi det finst meir lettvinte løysingar. Bøndene har ein travel kvardag – og dei er smarte. Dei tilpassar seg best mogleg, svarar han.

Omprioriter verkemidla

Volden trekker fram tre faktorar han meiner kan forklare kvifor mange vel meir kraftfôr i staden for å satse på auka avlingar: Strukturutvikling og intensitet i jordbruket, innretninga på verkemiddelbruken, og tidsklemma.

– Verkemidlane bør flyttast frå produksjon over på areal. Samstundes er det viktig å sikre at ei slik endring ikkje fører til meir ekstensiv drift av dei dyrka areala, påpeiker Volden.

Han ønsker seg verkemiddel som stimulerer god agronomi, med høge avlingar av god kvalitet. For det krev litt ekstra av bønder som skal registrere og dokumentere alt dei gjer med jord og avling på kvar teig.

For å få til endring må det truleg flyttast på pengar. Volden kvir seg ikkje for å kaste fram kontroversielle forslag. 

– Vi bruker fleire hundre millionar på prisnedskriving av korn. Kan hende skal vi bruke litt av desse pengane til å stimulere grovfôrproduksjonen, seier han, fullt klar over at det er å stikke handa djupt inn i vepsebolet. Men han meiner næringa må tørre å ta desse kontroversielle og krevjande diskusjonane for å få til endringar.

Volden har tru på at nye digitale verktøy vil gjere nødvendige registreringar mykje enklare og meir presise. Verktøy som blant anna kan registrere avling på rot og optimalisere slåttetidspunkt på den enkelte gard. Det er blant anna slike ting dei ser på i
Mimiro.

– Det er eit stykke fram, men det kjem og det vil bli sentralt i denne utviklinga, lovar Volden.

Grovfôr er billegare enn kraftfôr

Det har breidd seg ei oppfatning om at grovfôret er dyrt. Det kan bli ei sovepute for bønder som kjøper kraftfôr i staden for å satse på meir og betre grovfôr.

– Grovfôr 2020 har vore ein augeopnar i så måte. Vi har klart å dokumentere at grovfôret faktisk ikkje er så dyrt som det har vore signalisert frå enkelte hald tidlegare, seier Volden.

Tre år med svært omfattande datainnsamling frå to hundre bruk frå nord til sør stadfestar at grovfôr er billigare enn kraftfôr. Tala avdekker likevel svært store variasjonar mellom bruk, og dei med høgast kostnad tangerer kraftfôrprisen. Andre bruk stadfestar at det er mogleg å produsere grovfôr av høg kvalitet til ein svært låg kostnad.

– Nøkkelen er låge maskinkostnadar og effektiv handtering av husdyrgjødsla – og ein langsiktig strategi, summerer Volden.

Han viser til at enkelte bønder produserer godt grovfôr år etter år, heilt uavhengig av vær og andre ytre faktorar.

– Det er ikkje flaks, seier Volden.

 

 

Diagrammet viser variasjonen i grovfôrkostnaden mellom 31 bruk på ei av dei regionale samlingane i Grovfôr 2020. Søylene er delt i dyrkingskostnadar (blå) og haustekostnadar (oransje). Lågast totalkostnad var 1,50 og høgast var 4,50 kroner per foreining (FEm). Tre kroner i differanse per FEm gir ein skilnad på 780.000 kroner for 240.000 FEm, som er gjennomsnittleg totalavling for deltakarane i Grovfôr 2020. (Figur: Petter Klette/Grovfôr 2020)

 

Store variasjonar gir håp

Petter Klette, Tinerådgivar og bonde, og Anders Rognlien i Felleskjøpet Agri, har begge hatt ei nøkkelrolle i Grovfôr 2020.

– Eg vart overraska over kor mykje maskinkapasiteten betyr for effektiviteten og dermed også for økonomien i grovfôrdyrkinga, seier Rognlien.

Han minner om at effektiv og økonomisk grasproduksjon blir viktig nå som nedskalering av mjølkeproduksjonen låser inntektssida.

Avlingsmengd per dekar er den faktoren som i størst grad påverkar kostnaden i grovfôrproduksjonen. To andre viktige faktorar er kapasitet og effektiv handtering av husdyrgjødsla.

Ein optimistisk Klette trur dei aller fleste er i stand til å auke avlingane med tjue prosent. Det betyr lågare kostnadar, meir grovfôr, mindre kraftfôr og eit lågare klimaavtrykk. For det er dokumentert at meir og betre grovfôr ikkje berre gir betre økonomi for bonden, men bidrar også til lågare CO2-utslepp.

Resultata viser at variasjonane mellom bruk innanfor same region er større enn variasjonen mellom regionar. Det tyder på at bonden sjølv er ein viktig faktor og at det er rom for forbetring.

– Berre det å kjenne avlingsnivå og kostnaden på eige grovfôr er eit stort steg i rett retning. Då kan du sette deg mål for grovfôrdyrkinga, og starte med dei lågast hengande fruktene, seier Klette.

 

Fordeling av kostnadar ved dyrking: Gjennomsnittleg dyrkingskostnad for dei 200 deltakarane på dei regionale fagsamlingane i Grovfôr 2020 var på kroner 1,30 per FEm. Fordelinga var som vist på figuren. (Figur: Petter Klette/Grovfôr 2020)

 

Framtida blir meir presis

Anders Rognlien trur framtida vil bringe mykje nytt og spennande verktøy som vil ta presisjonsdyrking og jordarbeid til eit heilt nytt nivå.

– Vi ser føre oss ein differensiert og optimalisert dyrkingspraksis på dei ulike skifta, kor areal med høgast avlingspotensial vert gjødsla deretter, medan svakare areal får mindre gjødsel. Ei meir presis gjødsling vil gi betre økonomi, høgare totalavling, meir presis fôring, lågare kostnadar og eit betre klimarekneskap, meiner Rognlien.

Han ser fram til ei meir heilskapleg grovfôrdyrking som startar med ei fôrbestilling frå fjøset. Ei konkret oppstilling for kva som trengst i volum og kvalitet, både av høgenergifôr til kyr i laktasjon og til kvige- og sinkufôr, og eventuelt til okseoppdrett.

Slik kan det leggast til rette for meir intensiv dyrking på fruktbart areal som ligg nær fjøset. På areal med mindre potensial, som er dårleg arrondert, eller ligg langt frå garden, kan det vera aktuelt med ein eller to slåttar.

 

Fordeling av kostnadar ved hausting: Gjennomsnittleg haustekostnad for dei 200 deltakarane på dei regionale fagsamlingane i Grovfôr 2020 var på kroner 1,40 per FEm. Fordelinga var som vist på figuren. (Figur: Petter Klette/Grovfôr 2020)

 

Gjennomsnittstal frå Grovfôr 2020 basert på 200 bruk frå nord til sør:

  • Grovfôrkostnad per bruk: 585.000 kroner
  • Arbeidsforbruk per dekar: 1,2 timar
  • Arbeidskostnad sett til 200 kroner timen.
  • Del av arealet køyrt til rundballar: 82 prosent
  • Tal rundballar: 200.000.
  • Kostnad per rundball: 500 kroner (frakt til fjøsdøra).
  • Avling per dekar: 550 FEm.
  • Totalavling per bruk: 240.000 FEm (1200 rundballar).
  • Tørrstoffprosent: 29,2 (variasjon 27,4 i nord til 31,5 i fjellregionen).
  • FEm per kilo tørrstoff: 0,87 (variasjon 0,85 i vest til 0,88 i sør, flat).
  • Dyrkekostnad per FEm: kr 1,30
  • Haustekostnad per FEm: kr 1,40
  • Totalkostnad per FEm: Kr. 2,70.

 

Resultat frå prosjektet avdekka fleire faktorar som gir høg grovfôrkostnad

  • Dårleg kapasitet.
  • Låg avling og låg tørrstoffprosent.
  • Doble gjødsellinjer og haustelinjer.
  • Dyrt utstyr som vert lite brukt.
  • Halv gjødselmengd langs kantane – og mange små teigar.
  • Lite eller ingen bruk av kalk og plantevern – kalk utgjer berre fire prosent av kostnaden…
  • For mykje/lite effektiv køyring på jorda.
  • Lang transport med møkk – og fôr.
  • Andingstap ved at fôret blir liggande nedslått for lenge.
  • Utsett hausting for å oppnå meir fôr målt i kilo og fleire lass/rundballar.
  • Generelt: Lite oversikt og dårleg planlegging gir høge grovfôrkostnadar.

 

Grovfôr 2020

Prosjektet er leia av Tine, Felleskjøpet, Yara og NLR, med økonomisk støtte og engasjement frå eit breitt omfang aktørar i næringa. 

 

Målet for prosjektet:

  • 20 prosent auka avling.
  • 20 prosent lågare grovfôrkostnadar.
  • 20 prosent auka grovfôropptak.
  • I sum kan det gi 20 prosent auka del grovfôr per kilo EKM.

 

200 bønder frå nord til sør har kartlagt grovfôrproduksjonen på eige bruk og delteke på samlingar. Bøndene har utveksla erfaringar gjennom gruppesamlingar.

 

Gjennom korte filmar (nanolæring) kan du enkelt få svar på konkrete spørsmål om grovfôrdyrking. Filmane finn du her

 

Torger Gjefsen har vore prosjektleiar for Grovfôr 2020. (Foto: Liv Kristin Sola)

 

 

Les også: Lønsamt samarbeid

 

 

Denne artikkelen er henta frå Bondevennen nr. 3 - 24. januar 2020.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.