Markdagar i NLR Vest

09.05.2017 (Oppdatert: 09.05.2017) | Nyhet

Frå 13. mai til 6. juni arrangerer NLR Vest 21 markdagar med ulike tema. Det kan vere fokus på ugrassituasjonen i eng og attlegg, vurdering av slåttetidspunkt, ensileringsmiddel, diskusjon omkring sporeproblematikk, demonstrasjonar av ulike typar utstyr m.m. HMS er alltid eit viktig tema. På somme av arrangementa blir òg ein HMS-rådgjevar med.