Juryen besøkjer deltakarane i Grovfôrkampen 2017

15.08.2017 (Oppdatert: 15.08.2017) | Nyhet

Juryleiar Lars Nesheim besøkjer no dei fem deltakarane i Grovfôrkampen 2017. Førre veke var han hos Terje Johnny Sveen i Rinda Samdrift i Heidal i Gudbrandsdalen.

Terje Johnny Sveen (til venstre) og Lars Nesheim inspiserer konkurransearealet. (Foto: Oddbjørn Kval-Engstad)

Prosjektet Grovfôr 2020 gjennomfører i år Grovfôrkampen der fem gardbrukarar konkurrerer om å produsere mykje og godt grovfôr til mjølkekyr.

Terje Johnny Sveen er ein av fire eigarar i Rinda samdrift, og hans gard ligg om lag 600 meter over havet. Dei slår to gonger, men Terje Johnny prøver tre slåttar for første gong på eitt skifte i år. Han legg stor vekt på ugraskamp, og han vert engasjert til ugrassprøyting på mange gardar i bygda.

Terje Johnny investerer også mykje i å få til gode attlegg. Mellom anna deler han frømengda i to, og sår attlegget to gonger, utan dekkvekst.

 

Garden til Terje Johnny Sveen ligg 600 meter over havet i Heidal i Oppland. (Foto: Lars Nesheim) 

Oddbjørn Kval-Engstad som er rådgivar i NLR Innlandet og fagsjef i Grovfôr 2020, diskuterer hausteteknikk med Terje Johnny Sveen (Foto: Lars Nesheim)

NLR-rådgivar Oddbjørn Kval-Engstad (til venstre) og Tine-rådgivar Gunvor Gauteplass, sjekker utviklingsstadiet til enga hos Terje Johnny Sveen. (Foto: Lars Nesheim)