
VIDEO: I prosjektet Grovfôr 2020, har vi i NLR Rogaland laga ein informasjonsvideo om reparasjonssåing i eng.
Mannen bak teksten og stemma i videoen, er seniorrådgjevar i grovfôr, Ragnvald Gramstad.
Dette er ein del av samarbeidsprosjektet Grovfôr 2020.
Reparasjonssåing i eng kan gi betre eng med større avling. Dersom ein ikkje har store kvekeproblem, kan det vera eit alternativ til pløying, og ein kan kanskje utsetja tradisjonell jordarbeiding til kvart 8.-10. år. Det er aktuelt med isåing alt i 2. engår, og vidare kvart eller kvart andre år framover.
Andre såfrø enn raigras (fleirårig og 1 eller 2årig).