Markdag grovfôr, NIBIO Kvithamar

16.05.2017 (Oppdatert: 16.05.2017)

Tid: -
Sted: NIBIO Kvithamar, Stjørdal


NLR og NIBIO inviterer til markdag i grovfôr på NIBIO Kvithamar, tysdag 30. mai, kl. 10.00 – 15.30.


Påmelding innan onsdag 24. mai til NIBIO Midt-Norge, ved Lars Nesheim, 959 88 526, lars.nesheim@nibio.no eller lars.nesheim@nlr.no

Ingen påmeldingsavgift.

Oppmøte NIBIO Kvithamar. Ta av frå E6 nord for Stjørdal, avkøyring kryss nr. 50, køyr om lag 500 meter vestover mot Auran.

Program:

09.30 – 10.00

Kaffi med noko attåt

10.00 – 12.00

Feltvandring

  • Korleis påverkar nitrogengjødsling proteinkvaliteten i grovfôret? Me har utfordra TINE!
  • Har delt gjødsling noko for seg i grovfôrdyrkinga? Vising av eit demofelt med ulike N-mengder.
  • Orientering om «dronefeltet» (fjernmåling).
  • Haustvekstfelt, status på våren etter ulike tider for sisteslått, både i timoteibasert og raigrasbasert eng.
  • Orientering om FOREFF-felt.

12.00 – 12.15

Program inne

  • Utviklingsplaner i LMT og eventuelt VIPS.
  • Nye grovfôrrelevante tenester?
  • Planer om fleire klimastasjonar, eventuelt utnytte MI sine betre? Ved Anne Kjersti Bakken og Lars Nesheim, NIBIO

12.15 – 12.45

Lunsj

12.45 – 13.30

Program inne

  • Kan grovfôret åleine dekke mineralforsyninga til drøvtyggjarar? Ved Astrid Johansen, NIBIO

13.30 – 14.30

Feltvandring

  • Diskusjon om korleis legge ut gjødslingsforsøk. Forsøksplaner, rutebreidder, spreiemåtar for gjødsel m.m.
  • Etterverknad av ulik haustetid på heilgrøde
  • Kvalitet på strandsvingel/Hykor versus kvalitet i timotei på bakgrunn av forsøka på Rådde og Viken, Sverige.
  • Eventuelt vising av verdiprøvingsfelt

14.30 – 14.45

Kaffipause, med frukt

14.45 – 15.30

Program ute

  • Dosering av ensileringsmiddel. Ved markeds- og salgsleder Egil Mæland, Serigstad Agri AS