Rive or not?

21.09.2017 ,  Aslak Botten

Kva er gevinsten og kva kostar det å bruke rive?

Resultata frå over 80 gardsbruk som deltok i prosjektet Grovfôr 2020 sine regionmøter i Trondheim og Lillehammer syner at det totalt sett er bøndene som brukar samleriver som har det rimelegaste fôret. FOTO: Morten Berntsen

Skrevet av: Aslak Botten, rådgiver økonomi i NLR Østfjells
Artikkelen er første gang publisert i Buskap nr. 6 – 2017

 

Dei som brukar samlerive i grashaustinga har rimelegare fôr, meir FEm/ball, betre fôrkvalitet, jobbar mindre, har større gardar og får ein jamnar tørk i graset. Baksida er høgare kostnader med steinplukking, lågare avling, fleire dekar å køyre over og lengre transportavstandar. Dette er resultata frå over 80 gardsbruk som deltok i prosjektet Grovfôr 2020 sine regionmøter i Trøndelag og Lillehammer.

 

Også godt tørrstoffinnhald med strenglegging utan ranking

Breispreiing av gras gjev teoretisk raskare tørkehastigheit, meir sukker i graset og fleire foreiningar(FEm) pr. eining enn strenglagt gras. Men studien frå Grovfôr 2020 viser at også dei som strenglegg utan ranking greier godt tørrstoffinnhald. Dei beste i undersøkinga har det rimelegaste fôret med 30-35 prosent tørrstoff uavhengig av ranking eller ei. Men variasjonane i gruppa utan ranking er mykje større enn i gruppa som rakar saman graset. 

Tabell 1 syner i snitt fleire FEm/ rundball der graset er raka saman. Det heng truleg saman med at dei også har eit noko tørrare fôr. Som ein grov tommelfinger regel reknar me om lag fem FEm meir pr. ein prosent høgare TS når tørrstoffet ligg mellom 20-40 prosent. Når TS-prosent aukar ytterlegare vil gevinsten med meir fôr pr. ball reduserast. Dette samsvarar godt med dei praktiske resultata hjå deltakarbruka. 

Gardsbruka som rakar graset har litt høgare tørrstoff i snitt og mindre forskjellar frå tørraste til våtaste rundball. Det vil seie tørrstoffprosenten er jamnare i alle ballane. Kor lang tid det tek å oppnå ønska tørrstoff seier ikkje denne undersøkinga noko om.

 

Tabell 1: Syner gardsbruka i datasettet med 100 prosent av fôret som rundball. Tabellen syner FEm/kg tørrstoff (TS), tal i FEm/rundball og tørrstoffprosent i rundball med og utan samanranking av graset. Deltakarane kjem frå Trøndelag og Austlandet og deltok på Grovfôr 2020 sine regionsamlingar. *=tal gardsbruk i datasettet.

 
Ranking (n*=23)


Utan ranking (n*=23)

  FEm/kg Ts FEm/ball TS% FEm/kg TS FEm/ball TS%
Gjennomsnitt 0,87 200 30 0,86 191 28
Maksimum 0,91 300 42 0,90 250 50
Minimum 0,80 153 24 0,80 140 20

 

Tabell 2: Syner kostnader (kr/FEm) me dog utan samanranking av gras. Prisen for hastiga samt fôrkvalitet og total arbeidstid per dekar. Tabellen syner at det er lønnsamt å rake saman graset, og at det gjev ein jamnare tørrstoffprosent. Dt er delt inn i tre grupper både med og utan samanranking. n=antal gardsbruk bak talgrunnlaget

    Samanranking Press, pakk, less, hjem, avless Sum høsting FEm/kg tørrstoff % tørrstoff gj. snitt Totalt arbeid/daa Avling FEm, dekar
    kr/FEm Kr/FEm kr/FEm FEm % timar FEm
  Gjennomsnitt alle (n=73) 0,06 0,85 1,39 0,87 29,4 1,1 520

Utan ranking n=31


Beste 1/3  0,00 0,71 1,10 0,87 30,0 1,1 609
Middel 1/3 0,00 1,03 1,46 0,86 28,5 1,1 492
Dårlegaste 1/3 0,00 1,13 1,73 0,86 26,6 1,3 501
Snitt  0,00 0,96 1,43 0,86 28,4 1,2 533

Med raking n=42

Beste 1/3 0,08 0,55 1,05 0,88 32,5 1,0 538
Middel 1/3 0,10 0,72 1,31 0,87 28,6 1,2 537
Dårlegaste 1/3 0,11 1,01 1,72 0,87 29,4 1,2 459
Snitt 0,10 0,76 1,36 0,87 30,2 1,1 511

Kva kjenneteiknar gardsbruka som rakar saman graset?

Gardsbruka som rakar saman graset har totalt fem prosent lågare haustekostnader, jobbar ni prosent mindre og har totalt sett eit rimelegare fôr enn dei som ikkje rakar. Dei haustar 30 prosent fleire fôreiningar (275 000 FEm), transporterer fôret (og truleg møkk) i snitt 1,5 gonger så langt (3,9 km). Men dei har fem prosent lågare avling pr. dekar. 

 

 

Kostnad per ball

I snitt for begge gruppene kostar det 540 kr å produsere ein rundball, etter at tilskotet er trekt frå. Men bestemann i klassen greier det for 315 kr/ball. Kva kan me lære? 

Bestemann har 300 FEm i snitt pr. rundball, mot snittet på 198 FEm/rundball. Han har høg effektivitet på maskinene og maskiner som han eig saman med fleire. Bonden køyrer og gjer jobben sjølv. Maskinene har høg kapasitet og vert brukt på store areal. Dei er ikkje av dei nyaste, men dei vert godt vedlikehalde. Fordi maskina vert delt over mange år så vert vedlikehaldet lønnsamt. Han haustar mange kg tørrstoff pr. dekar med om lag 35 prosent tørrstoff. Dette er faktorar som sikrar låge maskinkostnader og moglegheiter for moderne utstyr med mange FEm/ball. 

 

Tabell 3: Tørrstoffinnhald, pH og gjæringsmønster i fortørka surfôr frå strenglagt og breispredd gras. Tabellen synar akseptabel pH i både breispredd og strenglagt gras. Det er mindre mjølkesyre og eddiksyre, men meir smørsyre i breispredd gras. Det er og mindre ammoniakktap frå breispredd. Sum syrer og ammoniakk er under 80 for breispredd som viser at det er svært god gjæringskvalitet. Strenglagt gras har 91 i sum syrer og i praksis ingen smørsyregjæring. Strenglagt fôr har god gjæringskvalitet. 

     
Gram per kg tørrstoff


 
  TS, g/kg pH Mjølkesyre Eddiksyre Smørsyre Propionsyre NH3-N, g/kg N
Strenglagt 259 4,25 80,0 10,3 0,1 1,0 84
Breispredd 325 4,41 67,0 6,8 1,0 0,1 73
Signifikans s s s s s s s
1. slått 299 4,42 68,5 10,3 0,7 0,4 83
2. slått 263 4,24 91,1 6,7 0,4 0,7 74
Signifikans (s) (s) s s is is is

s = signifikant effekt (p<0,05) betyr effekt som er 95 prosent statistisk sikker

is = ikkje signifikant effekt (p>0,1) betyr effekt som ikke er statistisk sikker med 90 prosent sikkerhet.

 

Burde alle rake saman graset?

Det er ikkje nødvendigvis slik at det er lønnsamt for alle å rake saman graset. Det krev individuelle vurderingar. Men totalt sett er det bøndene som brukar samleriver som har det rimelegaste fôret. Totalt er fôret til dei med rive om lag sju øre rimelegare å hauste pr. FEm. Men forskjellane berre eit øre totalt når dyrkingskostnadane er teke med. Blant beste 1/3 er haustekostnaden fem øre lågare med samlerive men totalt åtte øre høgare inklusive dyrkingskostnader for dei med samlerive. Det vil seie at haustelinja er rimelegare ved å bruke samlerive. 

Kostnaden med steinfjerning er om lag to øre høgare for dei med samlerive (utvalet er frå dei med rein rundballelinje), men jordarbeidingskostnadane er like. Det vil seie at det er andre faktorar (blant anna gjødsel og kalk som fører til seks øre høgare dyrkingskostnader for dei som brukar samlerive. 

Ser me isolert sett på kostnaden med å køyre samlerive ser me at riva i snitt kostar 10 øre/FEm. 

For gardsbruk under 200 000 FEm kostar det 12 øre/FEm og for gardsbruk over 200 000 FEm kostar det ni øre/FEm å bruke samleriva. For beste 1/3 i klassen uansett storleik kostar rankinga åtte øre/FEm. Mens for dårlegaste 1/3 kostar det 11 øre/fem. 

Ut frå dette kan me si at ranking i snitt for alle bruka (17,9 millionar FEm) i undersøkinga gjev ein nettogevinst på haustelinja med om lag sju øre/ FEm. Totalt for alt fôr i undersøkinga gjev rankinga ein netto gevinst på over 1 million kroner årleg. 

 

Breispreiing elelr strenglegging med rullekakeprinsippet?

Breispreiing av graset og vending, eller rein breispreiing gjev meir lys på graset etter slått. Planta kan slik drive meir fotosyntese i tørkeprosessen. Dette fører til moglegheiter for jamnare og raskare tørk samt meir og enklare konservering av sukkeret i graset. Breispreiing fører til at me i større grad unngår «Rullekake prinsippet» med tørre og fuktige områder i surfôret som hemmar topp gjæringskvalitet. 

Gras i streng gjev tørr overflate og våtare fôr nedst i strengen. Dette gjev betre forhold for Clostridium (jordbakteriar) og fører til større fare for smørsyrebakteriar og smørsyregjæring. Forsøk viser likevel at det er betre gjæringskvalitet i strenglagt gras. 

 

Tabell 4: Syner tal prøvar av fortørka surfôr med førekomst av mugg, gjær, anaerobe sporar (Bacillus og Clostridium) og/eller smørsyre. Strenglagt gras har antalsmessig lågare (betre) hygienisk kvalitet på alle verdiane. Og statistisk sett betre kvalitet på Clostridium bakteriane (sporar i mjølk). Strenglagt gras har betre hygienisk kvalitet. N=antall prøver. 

  Mugg Gjær Bacillus Clostridium Smørsyre
Strenglagt (n=24) 5 6 10 10 1
Breispredd (n=24) 7 9 11 16 4
Signifikans is is is (s) s
1. slått (n=28) 10 9 6 12 2
2. slått (n=20) 2 6 15 14 3
Signifikans is is s is is

s = signifikant effekt (p<0,05) betyr effekt som ikke er statistisk sikker med 90 prosent sikkerhet. 

is = ikkje signifikant effekt (p>0,1) betyr effekt som er 95 prosent statistisk sikker. 

 

River og hygienisk kvalitet

Forsøk på Vestlandet under fuktige tilhøve (Synnes og medarbeidere 2010) såg på hygienisk kvalitet mellom strenglagt og breispreidd gras. Dei konkluderer med at det var fleire prøver med redusert hygienisk og/ eller gjæringsmessig kvalitet i fortørka surfôr frå breispreidd gras enn frå smal streng. Surfôret som vart hausta hadde 25 prosent tørrstoff i strenglagt og 32 prosent tørrstoff i breispreidd gras, på lik tørketid. Forsøka viser at strenglagt gras har betre hygienisk kvalitet enn breispreidd gras. Mesteparten av surfôret var likevel velgjæra vurdert ut frå innhald av ammoniakk, smørsyre og propionsyre. Berre 5 av 40 prøver inneheldt smørsyre. Men fire av desse var i surfôr med breispreidd gras. Breispreidd gras hadde statistisk sikkert høgare innhald av Clostridium (smørsyrebakteriar)-sporar og fleire prøver med mugg-og gjærsopp. Det er gjort liknande forsøk i Sverige. Svenskane gjennomførte forsøka med over 40 prosent tørrstoff i graset. Og berre i 1.slått. Svenskane fant ikkje dårlegare kvalitet på breispreidd gras. Det kan truleg forklarast med at smørsyregjæringa stoppar opp når tørrstoffet vert høgare enn 40 prosent. 

Litt om ulike river

Kombiriver kan spreie, vende og samle. Samleriver kan samle breispreidd til streng eller samle to (tre) strengar til ein. Spreieriver kan breispre strengen eller vende spreidd gras. 

Nye pick-up-river og vendarar er konstruert for å løfte graset opp før flytting horisontalt. Dette for å redusere risiko for jordinnblanding. Samleriver bør også på monterast nasehjul for å redusere risikoen for subbing og skit i graset. 

Frontmonterte river reduserer trakking i graset, og kan gje reinare gras. 

Best arbeids messig er truleg vendbar førarplass og bakmontert rive, ettersom alle hjul da sporar likt, og strengen blir samla mellom hjula. Forsøk viser at ranking kan gje jordsmitte, men at ein gongs ranking på slett mark ikkje medfører stor risiko.