Kostnader og CO2-utslepp ved handtering av husdyrgjødsel

13.03.2019 (Oppdatert: 13.03.2019)

Kapasitet per time har mykje å seie for kostnadane og samarbeid kan hente ut stordriftsfordeler i gjødselhåndteringa.

FOTO: Åsmund Langeland

Saken er fyrste gong publisert i Buskap nr 2 2019. 

 

Skrevet av: Bjørn Gunnar Hansen, Spesialrettleiar økonomi i Tine Rådgiving, bjorn.gunnar.hansen@tine.no

 

I Grovfôr 2020-prosjektet rekna me på gjødselkostnader og utslepp av CO2 på 183 bruk frå heile landet. I reknestykket tok me med eige og leigd arbeid samt kostnader med eigne og leigde maskiner knytte til røring, lessing, transport og spreiing av gjødsla.

Lagerkostnaden var såleis ikkje med. Eige arbeid vart verdsett til 200 kr pr time. For alle arbeidsoperasjonane tok me med tida som går med til rigging av utstyret. Deltakarane brukte følgjande handteringsliner: Tankvogn, slangespreiing og kombinasjonar av desse (kombi). Bruka med tankvogn hadde lågast gjødselmengd totalt, medan bruka med slangespreiing og kombi hadde om lag same mengd. Bruka med kombi hadde lengst transportavstand.

 

46 kroner i snitt

Kostnaden i kr pr. tonn spreidd gjødsel varierte mykje frå bruk til bruk, med ein middelkostnad på 46 kr. To faktorar var avgjerande for å forklare skilnadene i kostnader, transportavstand i km og kapasitet i tonn pr. time. Dei to faktorane heng delvis saman. Kostnaden pr. tonn gjødsel auka med om lag 6 kr pr. ekstra køyrde km, medan ein auke i kapasiteten på 10 tonn pr. time reduserte kostnaden med kr 4,50 pr. tonn. Lina i Figur 1 syner òg ein klar tendens til at kostnaden pr. tonn minkar med aukande gjødselmengd, noko som indikerer at her er det stordriftsfordeler, og dermed pengar å vinne på å samarbeide.

Figur 1: Handteringskostnad gjødsel og mengde gjødsel per bruk. Figuren synar at kostnaden synk med auka gjødselmengde per bruk. 

 

Lågast kostnad med slangespreiing

Kostnaden pr. tonn var klart lågast for slangespreiing, og høgast på bruka med tankvogn. Kombibruka kom i ei mellomstilling. Høg kapasitet og kort transportavstand er viktige årsaker til at slangespreiing kom best ut. Sjølv om bruka med slangespreiing hadde kortast transportavstand, var det fleire døme på at bruk med lang avstand til teigane òg nytta slangespreiing. Samarbeid eller leige av transport gjorde dette mogleg, og bruka med slangespreiing hadde mest samarbeid om maskiner og reiskap.

 

Kapasitet og transportavstand viktig for CO2 - utslepp 

To faktorar var viktige for å forklare skilnadene i utslepp av CO2 frå transport av gjødsla: Kapasitet og transportavstand, sjå figur 2. I figur 2a ser me at utsleppet minkar kraftig når kapasiteten i tonn pr. time aukar. Tilsvarande ser me i figur 2b at utsleppet aukar jamt med transportavstanden til spreiearealet. Om du lurer på kva gjødselhandteringa kostar på ditt bruk og korleis du ligg an i høve til dine yrkesbrør, kan rettleiarar i NLR eller Tine hjelpe deg med å rekne på dine tal.

Figur 2a: CO2 frå transport av husdyrgjødsel og kapasitet

Figur 2b: CO2 frå transport av husdyrgjødsel og transportavstand



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.