Store variasjoner i husdyrgjødselkostnader

12.03.2019 (Oppdatert: 12.03.2019) Bård Oliver Gjellestad

I prosjektet Grovfôr 2020 vart det samla inn interessante tal om økonomien hjå over 200 engasjerte bønder, og i masteroppgåva mi kunne eg med grunnlag i desse tala undersøke kva som verka inn på økonomien i handteringa av møkka.

Tankvogn er ikkje den billigste måten å spre husdyrgjødsel på. FOTO: Oddbjørn Kval-Engstad

Saka er fyrste gong publisert i Buskap nr 2 2019

 

Om ein vil redusera kostnadar knytt til grovfôrproduksjonen er funna frå Grovfôr 2020 klare, heile ein tredjedel av dyrkingskostnadane er knytt til husdyrgjødsla. Og variasjonen er stor, så her er noko å ta tak i!

 

Avstand og storleik er viktig

I oppgåva såg eg på korleis metode verka inn på kostnadane. Funna stadfestar det dei fleste er klar over. Det viktigaste for kostnaden er køyreavstand til teigane og storleik på bruket. Storleiken på bruket er målt i kor mange tonn ein handterer i året og er viktig for kostnaden per tonn fordi ein har høge faste kostnadar knytt til maskinar og utstyr.

No er det ikkje berre å redusera avstandane eller utvida garden, men det seier oss kor me må setja inn støyten. Dette kan til dømes visa oss at det er pengar å hente på å sjå etter rimelegare transportløysingar og å utnytte stordriftfordelane betre sjølv om me er små.

Sagt på ein anna måte kan samarbeid om bruk av skiten, bruk av store vogner/lastebil til transport, eller å redusere bruken av husdyrgjødsel på jorde langt vekke, alle vera tiltak for å redusere transportkostnaden. Når det gjeld stordriftfordelane, er det eit viktig prinsipp å ha god kapasitet, men låge faste kostnadar, til dømes gjennom sameige eller leige.

 

Slangespreiing er billeg

Det viste seg også at kva metode ein brukar er avgjerande for kostnaden, der slangespreiing kom ut med ein klart lågare kostnad. Av dei 183 bruka som var med i analysen hadde dei 31 bruka som brukte berre slangespreiing ein kostnad på 23 kr per tonn, medan snittet for alle var 45 kr per tonn. Dette viser at slangespreiing er ein effektiv måte å få ut møkka på og gir låge kostnadar. Men dette er som oftast bruk med korte avstandar og mange gonger relativt store bruk. Hovudtyngda av gardsbruk i Noreg er ikkje slik, mange har både lange avstandar og små teigar og slangespreiing er på ingen måte eigna overalt.

 

Slangespreiing også aktuelt ved lengre avstander

Men når ein veit at slangespreiing gir låge kostnadar, bør bruk der forholda ligg til rette for denne metoden absolutt vurdere dette. Det er også viktig å hugse på at med mellomlager og til dømes lastebiltransport kan det vera aktuelt sjølv på bruk med lengre avstandar. Samtidig må ein tenkja på at slangespreiar krev mykje utstyr og er nok relativt dyrt, men som analysane mine viser tilpassar bøndene seg med å eiga ustyret i lag og utnyttar på denne måten ein stordriftsfordel.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.