Mange har vore tidleg ute med mineralgjødsla. Nattedogg og fuktigheit, på grunn av stor skilnad på dag- og nattetemperatur, har løyst opp den mineralgjødsla som allereie er spreidd. No er det òg venta nedbør mange plassar i veka som kjem, så problemstillinga vert sannsynlegvis ikkje så aktuell.

Erfaringar frå gjødslingsforsøk – vatn og nitrogen

Forsøk ved Kvithamar tørkesommaren 2018 syner at dei forsøksrutene som vart gjødsla kraftigast også gav størst avling – sjølv om ein skulle tru at det var vatn som avgrensa potensialet. Ein teori her er at moderat vassmangel kan avgrense mobiliteten til nitrogenet i jorda og at dette avgrensar veksten før sjølve vassmangelen vert avgrensande. Mykje nitrogen i jorda kan kompensere for treig flyt i vassfasen, medan tørken er moderat. Faren er at vi får eit proteinrikt gras, og dette må vi ta omsyn til når vi doserer ensileringsmiddel (og sjølvsagt i fôringa).

Kraftig vårgjødsling, samtidig som vatn (og tilgangen på næring) har redusert avlinga, vil kunne føre til raskare gjenvekst etter 1. slått.

Fleire artar i enga

Ein allsidig plantesetnad i enga er bra. Belgvekstar klarar seg betre i tørke; vi har ofte sagt pga. rotsystemet. Det kan hende at det har like mykje med evna til å vere sjølvforsynt med nitrogen å gjere; dvs. kløver vert ikkje råka av dårleg mobilitet av nitrogen i jorda. Noko av forklaringa på at røtene ikkje er einaste årsak kan vere at når det er vatn i djupare jordlag så skal dette kunne «sugast oppover» og bli tilgjengeleg også for vekstar med grunnare rotsystem.

Vatning

Har det vore tørt før ein rekk å starte med vatninga kan det løne seg å vatne raskt over for å bløyte opp overflata, for så å dra over på nytt med full vatning. Jorda vil då lettare ta til seg vatnet. Dette kan også fungere dersom det er venta nedbør – for å redusere at nedbøren renn av.

Er det for lite kapasitet på anlegget, prioriter den beste jorda. Gras har vatningsbehov heile sesongen. På lette jordartar, som sandjord, må det vatnast ofte, men lite (15-20 mm). På tyngre jordartar, som leire og silt, kan det vatnast sjeldnare, og meir (30-40 mm).

Vatning av attlegg

Viss det er veldig tørt tidleg om våren vil det ofte vere trong for oppfukting av jorda for å få jamn spiring av grasfrø. Vatne då lite med små dropar for å hindre attslemming og erosjon (høgt trykk, små dyser). Dette er viktigast på leire og silt. Følg opp med ny vatning når det er tørt; røtene i eit nyspirt attlegg er små og sårbare for uttørking.