Olav Martin Synnes

Mine første år budde familien på Haramsøya, før vi flytta til Vigra. Far var odelsgut, og overtok småbruket etter sine foreldre. Det hadde vore fire kyr på garden, seinare vart det kjøtproduksjon. Det var arbeidshest på garden. Eg fekk oppleve hesjing!

Biolog John Bjarne Jordal laga skjøtselsplan for området i 2007. Sidan 2009 har NLR på hatt ansvaret for skjøtsel av 5 mindre areal på Synnaland. Dette er areal som tidlegare vart beita, men som no er truga av attgroing. I tillegg blir det kvart år telt plantar på fem avmerka flater. Desse teljingane skal vise om skjøtselstiltaka er effektive når det gjeld å ta vare på kystblåstjerna.

B16 blastjerne
Synnaland i Haram har ein av dei få førekomstane av kystblåstjerne i Noreg. For å ta vare på førekomsten blir det drive aktiv skjøtsel, med slått og beiting.

I Møre og Romsdal er det berre Synnaland som har ein førekomst av kystblåstjerna. Dette er ei vesteuropeisk plante som i Noreg elles er kjent frå Karmøy i Rogaland og ytre deler av Sogn og Fjordane. Arten veks i opne engsamfunn som har vore skjøtta ved slått eller beite gjennom lang tid, og som ikkje har vore pløgd eller gjødsla. Av dei ca. 15 kjende lokalitetane i Haram er det no berre fem-seks som er intakte og kan bergast. I dei andre er arten forsvunnen som følgje av attgroing eller utbygging. Nokre av dei intakte ligg i eit område som er under utbygging til bustader.

Tabell.- Tal blomstrande stenglar av kystblåstjerne, på areal med aktiv skjøtsel. Teljinga på dei avmerka flatene er gjort innanfor ein sirkel, med radius 3 m, og areal 28 kvadratmeter.

Areal\Teljedato

Skjøtsel

23.06.2011

19.06.2012

20.06.2013

18.06.2014

23.06.2015

15.06.2016

19.06.2017

11.06.2018

12.06.2019

12.06.2020

09.06.2021

1. Nausthaugen

Slått

6

8

19

15

31

35

20

35

26

40

31

2. Arhaugen

Slått

63

101

114

47

133

100

80

131

128

161

170

3. Hans Skår

Sau

45

71

9

9

19

8

64

185

125

137

70

4. Torbjørn Sønderland

Hest

20

42

45

26

43

27

77

44

96

69

165

5. Nedom Nausthaugen

Slått

0

0

0

0

0

4

0

7

2

7

3

Sum

134

222

187

97

226

174

241

402

377

414

439


Merknad.- På areala 1 – 4, har førekomsten av kystblåstjerne halde seg godt oppe, i dei 10 åra med skjøtsel. Regresjonsanalyse syner statistisk sikker auke i åra med skjøtsel. Dei årlege variasjonane har vore store. På areal 5, Nedom Nausthaugen, var det observert kystblåstjerne tidlegare. I åra 2011-15 fann ein ikkje arten. I 2016 vart slåtte-arealet flytta litt mot nord, der ein fann nokre få plantar. Det er tett vegetasjon på arealet, med mjødurt og krattlodnegras.

I alle år er det gjennomført slått kring 1. august på areala 1,2 og 5. Plantane får liggje og tørke 4-7 dagar, før raking og fjerning. Frå og med 2018 blir det gjennomført to slåttar, kring 1. juli og 1. august på areal 1, 2 og 5. Her er tett vegetasjon. I 2018 vart det gjennomført hogst av tre kring areala 1,2 og 5.