Åsmund Seljeset

Honndøl og Nordfjording, det er meg, oppvaksen på garden Seljeset langt inne i landbruksbygda Hornindal.

Lamminga er for lengst over, dyra er sendt til fjells og fokuset er lagt til slått, gjødsling, forfallande arbeid og kanskje litt ferie, framleis? Men heime på garden står det framleis ein gjeng som treng tilsyn og mat, nemleg kopplamma. Jonsok er forbi, og det er faktisk snart aktuelt å sende dei fyrste til slakt om ein har lukkast i arbeidet med å fostre opp denne gjengen.

Kopplamproduksjon er ein sårbar del av sauehaldet, der lam som allereie har fått eit dårleg utgangspunkt skal fôrast raskt opp til ei akseptabel slaktevekt. Korleis lukkast ein med dette ?

Først og fremst må ein sette seg eit mål med produksjonen, skal ein satse hardt og fôre opp til slakt midt på sommaren med høg kilopris? Eller skal ein gå for ei meir roleg framfôring, med slakting om hausten samtidig som resten som har gått på utmarksbeite? Uansett er det viktig at lamma har hatt ein god start med råmjølk, gjerne frå ku om ein ikkje har tilgang på råmjølk frå sau. Vidare god tilgang på varm mjølk av mjølkepulver. Ved avvenning er det viktig at lamma i lang tid allereie har hatt fri tilgang på grovfôr og kraftfôr. Då er drøvtyggarfunksjonen godt i gang, og ein slepp stopp i tilveksten ved avvenning. Lamma kan då gå på godt beite med tilleggsfôring av proteinrikt kraftfôr, der mengda kan tilpassast etter beitekvalitet og planlagt slaktetidspunkt. På dette tidspunktet er det ofte aktuelt å behandle mot innvoldsparasittar, avhengig av kor stort smittepresset er. Avføringsprøver er eit godt hjelpemiddel for å vurdere behandlingsbehovet.

Men korleis er det då med økonomen i dette? Kopplamproduksjonen er arbeidskrevjande, men innteninga kan faktisk vere nokså bra om ein klarar å nå måla ein har sett seg. Etterspørselen etter lam til grillsesongen har auka dei siste åra, derfor er slakteprisane på mindre lam om sommaren høg. Så set deg inn i prisen hjå ditt slakteri, og lever til rett tid. Ved rett tid bør lamma minst vere over 13,1 kg slaktevekt, for å få grunntilskotet. Levandevekta bør då vere minst 26-27 kg. Unge lam har høg tilvekst, og høg kjøtprosent, opp mot 50 % av levandevekta.

Avslutningsvis kan ein seie at kopplamproduksjonen er arbeidskrevjande og prega av faste rutinar, men kan gi eit godt økonomisk resultat på ein del av drifta som elles hadde gått i tap. Ein får og ein flokk med snille og tillitsfulle lam, så spørst om ikkje eitt eller to blir gåande att som påsettlam?

20220603 182648