Innhald:

1. Kjøp gjødsel no!

2. Kjøpe Fullgjødsel i staden for rein nitrogengjødsel?

3. Finansiering av gjødselkjøp

4. Lagring av gjødsel

5. Bakgrunn for prisutviklinga

6. NLR Vest - tinging av gjødslingsplan

1. Kjøp gjødsel no!

Gjødselprisane stig, blant anna på grunn av stor global etterspørsel, høge gass- og energiprisar, og det er stor prisauke på innsatsfaktorane i gjødselproduksjonen (nitrogen, fosfor, kalium m.m.). Samstundes har Kina innført eksportrestriksjonar. Førebels har Yara ingen akutte utfordringar med leveringa av gjødsel.

Mineralgjødselprisane er rekordhøge, men lite tyder på at prisane fell på kort sikt. Dersom du ikkje har kjøpt gjødsel bør du gjere det straks:

Vi anbefaler å sikre seg gjødsel til våren, men mykje tyder på at det kan vere fornuftig å kjøpe gjødsel for heile sesongen 2022. Om du ikkje har råd til meir, bestill i alle fall vårgjødsla. Denne er mest kritisk i forhold til avling. Det er usikkert korleis prisane utviklar seg frå våren 2022. Om fôrtilgangen er god kan ein lettare redusere gjødslingsmengda utover sesongen.

2. Kjøpe Fullgjødsel i staden for rein nitrogengjødsel?

Auken i nitrogenprisen tyder på ein betydeleg oppgang i neste prisperiode rundt årsskiftet. Det vil truleg løne seg å kjøpe Fullgjødsel (NPK) i staden for rein nitrogengjødsel før årsskiftet, sjølv om ein disponerer mykje husdyrgjødsel som tilfører rikeleg med kalium og fosfor. Om mogleg, vurder å bruke alternative gjødselslag. Eksempelvis den russiske NPK 27-3-5 frå Uralchem, 27-0-0 4S frå Achema, eller NPK 22-3-10 frå Uralchem.

Per i dag (19.11.21) sel ikkje alle leverandørane rein N-gjødsel pga. høge nitrogenprisar:

Felleskjøpet:

  • Sal av rein N-gjødsel er stengt.
  • Per i dag er salet av Fullgjødsel (NPK) ope.

Norgesfôr:

  • Per i dag sal av alle typar mineralgjødsel.
  • Anbefalinga: Vente med å kjøpe rein nitrogengjødsel pga. dei høge prisane. Kjøp Fullgjødsel.

Fiskå Mølle:

  • Per i dag sal av alle typar mineralgjødsel.
  • Eigne kundar blir prioritert.


Sjekk pris:
Prisane varierer mellom leverandørane og vi tilrår at du sjekkar pris før du bestiller.

3. Finansiering av gjødselkjøp

Det er fleire måtar å finansiere gjødselkjøpet på. Med forventa prisauke er god lønsemd i å kjøpe gjødsla no om du brukar av driftskreditt eller anna kreditt til å betale – sjølv om du ikkje får inn att pengane før tilskotet blir utbetalt ca. 20. februar. Ulike måtar å finansiere gjødselkjøp kan vere:

  • Driftskreditt er landbruket sin kassakreditt med føremål å skape handlingsrom i tider med liten likviditet. Refinansiere dersom driftskreditten er fullt utnytta året rundt.
  • Kreditt frå gjødselforhandlar.
  • Kortsiktig lån i bank.

Ta kontakt med våre økonomirådgjevarar

4. Lagring av gjødsel

Ein må kunne lagre gjødsla korrekt over vinteren slik at det ikkje kjem fukt til. Dersom du du ikkje klarer det, bør du vente med å kjøpe gjødsel.

Les meir om korrekt lagring av mineralgjødsel her

5. Bakgrunn for prisutviklinga

Nyleg arrangerte Yara Norge, AgriAnalyse og NHO Mat og Drikke seminaret "Råvareboom og energikrise i Europa".

Særleg desse to innlegga forklarer mykje (men det er mange gode innlegg):

  • "Hvordan slår økte gasspriser inn i verdens og Norges nitrogenproduksjon?" Dag Tore Mo, Yara.
  • "Jordbruket – i spennet mellom høye råvarepriser og lav lønnsomhet." Christian Anton Smedshaug, AgriAnalyse.

Sjå seminaret her

6. NLR Vest- tinging av gjødslingsplan

Vi set opp ein gjødslingsplan basert på jordprøver og tilgjengeleg husdyrgjødsel. Vi snakkar alltid med deg som bonde i planleggingsprosessen, slik at du skal føle at du får ein plan som er «din», og ikkje ein generell plan som du ikkje har eit forhold til.

Det er viktig å tenkje gjennom om husdyrgjødsla kan bli brukt endå meir effektivt på garden for å redusere mineralgjødselkostnaden, evt. om ein kan få tak i rimelegare organiske gjødselvarer.

Ver forsiktig med å redusere gjødslinga på våren. Ved gjødslingstidspunktet kjenner du ikkje til korleis fôrtilgangen blir!

Ynskjer du ein oppdatert gjødslingsplan for sesongen 2022?

Bestill gjødslingsplanen her

Les artikkelen om gjødslingsplanlegging i NLR Vest