Klimaforskarane lovar oss høgare temperaturar og kortar vintrar. Vekstsesongen, tida der gjennomsnittstemperaturen er over 5 grader har blitt lengre. Seinhaustes er det sannsynlegvis lyset som avgrensar planteveksten i ytre strok av Rogaland, ikkje temperaturen. Våren er litt annsleis, ofte med gode lysforhold frå februar av, før temperatur i jord og luft er høg nok for plantevekst.

Når startar vekstsesongen.Tabellen under viser dato for når middel lufttemperaturen har vore over 5 oC i 5 dagar, der også jordtemperaturen er over 2 oC

2018

2019

2020

Særheim

8. april

27. mars

6. april

Hjelmeland

8. april

28. mars

6. april

Etne

10. april

28. mars

6. april

Med tanke på gode lysforhold og mildare vintrar: Kan tidlegare vårgjødsling med lettløyseleg nitrogen og/eller svovel auka avlingane? - eller klarar enga seg med reservane som er lagra frå tidlegare?

I samarbeid med NIBIO og andre avdelingar av NLR har vi dei siste tre åra hatt forsøk med tidleg vårgjødsling i etablert eng. Desse tre åra har vi hatt milde vintrar og god overvintring på enga.

Tidleg vargjodsling 2020 Foto Bard Oliver Gjellestad
Tidleg vårgjødsling: Slik såg det ut då me gjødsla feltet i Suldal første gong, 6. april 2020. Foto: Bård Oliver Gjellestad

Og resultatet?

Alle resultata er ikkje klare enda, men alt tyder på at tidlegare vårgjødsling har liten effekt på avlingane. Vi ser ein tendens til auka avling på enkelte felt. Blant anna såg vi i Suldal ein effekt av tidleg svovelgjødsling i 2020. Men effekten er liten og sjeldan statistisk sikker. Under har vi tatt med resultatet frå dei to felta vi hadde i 2020.


Feltet i Suldal, Indre Ryfylke:Avling i kg TS/daa på 1. slått 2020, hausta på eit tidleg stadium og ved bonden si slåttetid, etter delt gjødsling med N og S. (Ulike bokstavar bak avlingstala tyder at det er signifikant forskjell mellom ledda, p=0,05.)

Ledd

Behandling

Tidleg slått

19.05.20

Vanleg slåttetid 10.06.20

1

5 t/daa storfegjødsel, 20. april

96 b

394 b

2

10 kg N + 1.4 kg S, 6. april

169 a

528 a

3

10 kg N + 1.4 kg S, 27. april

135 ab

513 a

4

Halv mengde N 6. april, resten 27. april

151 ab

496 a

5

Halv mengde N og heil mengde S 6. april, resten 27. april

161 a

533 a



Feltet i Lund, Dalane: Avling i kg TS/daa på 1. slått 2020, hausta på eit tidleg stadium, og ved bonden si slåttetid, etter delt gjødsling med N og S. Ikkje signifikante skilnadar.

Ledd

Behandling

Tidleg slått

26.05.20

Vanleg slåttetid 11.06.20

1

3,5 m3 storfegjødsel blaut, 27. april

161

481

2

10 kg N + 1.4 kg S, 31. mars

239

614

3

10 kg N + 1.4 kg S, 22. april

218

560

4

Halv mengde N 31. mars, resten 22. april

247

608

5

Halv mengde N og heil mengde S 31. mars, resten 22. april

238

579