Mais er ei eittårig plante i grasfamilien. Den stammar frå Sentral-Amerika og er tilpassa tørt klima, høg temperatur og høg solinnstråling. Mais er ein såkalla C4-plante. Det betyr at den har ein spesiell fotosyntese. Plantene her i nord, medrekna grasartane, er C3-planter. Plantene tek opp CO2 og slepper ut vassdamp og oksygen gjennom spalteopningane. Når det tek til å bli tørt og høg temperatur begynner C3-plantene å stenge spalteopningane for å spare vatn, og fotosyntesen avtek.
C4-plantene derimot har eit tillegg i fotosyntesen der dei tek opp og lagrar CO2 og kan køyre fotosyntesen med stengde spalteopningar. Det betyr at når C3-plantene begynner å stenge ned, kan C4-plantene sette inn eit ekstra gir og utnytte sol og varme til å vekse. Mais trivest best ved 25-30 grader, men fell temperaturen ned mot 10 grader går veksten tregt. I eit kjøleg og fuktig klima er det dermed C3-plantene som har fordelen.
Krav til dyrking
Mais bør ha ein jordtemperatur på 8-10 grader ved såing, det bør ikkje vere fare for frost etter spiring, og den må vere moden før frosten kjem om hausten. Sørvendt, lett jord er det beste. Her i landet må ein velje dei tidlegaste sortane.
Til fôr blir mais hausta som heilgrøde, dvs. at både kolbar, blad og stengel blir hausta. For å få den mengda og kvaliteten ein er ute etter, må maisen ha utvikla kolbar og oppnådd eit visst tørrstoffinnhald.
MVE
For å vurdere dyrkingsmulegheitene for mais brukar ein maisvarmeenheter (MVE). MVE blir rekna ut etter ein formel som tek omsyn til både sum døgngrader, minimums- og maksimumstemperatur. Vi har rekna ut MVE for målestasjonane i Surnadal, på Tingvoll og på Linge dei siste åra. Det er sagt at ein bør over 2400 MVE for å oppnå ønska kvalitet på maisavlinga.
Av figuren under ser vi at MVE jamt over ligg for lågt i heile fylket. I løpet av dei fem siste åra er det berre Linge i som har passert den anbefalte grensa eitt år.
Eit anna moment ein bør ta med i tillegg til temperatur er solinnstrålinga. Overskya vêr vil gi mykje dårlegare vekst enn sol ved same temperatur. Mais toler ikkje frost.
Risikabelt
Sjølv om det er mange plassar lengst sør i Norge som passerer 2400 MVE dei fleste år, vil kvaliteten variere ein del frå år til år. Sjølv i Sverige og Danmark blir fôrmais rekna som noko usikkert. I dei beste somrane og på dei beste plassane i Møre og Romsdal vil ein kanskje kunne oppnå god avling og kvalitet i enkelte år, men i ein sommar med kald mai og lange periodar med 10-15 grader og regn resten av sommaren (slik som i 2022) kan nok maisavlinga bli totalt mislykka.
Ved dyrking på større areal vil ein ha behov for spesialisert såmaskin, hausteutstyr (finsnittar med «corn cracker») og eigna lager.
Denne artikkelen er åpen for NLR-medlemmer
Registrer deg i dag og få tilgang til alle våre fagartikler! Som medlem i NLR får du også tilgang til alle våre rådgivingstjenester.