Eng med kløver

Mot høymole har vi mange middel å velje mellom. Vi må først og fremst skilje mellom eng med og utan kløver. Har du eng der kløver framleis finst i så stor grad at den er viktig, så er det i realiteten berre Gratil + klebemiddel som er aktuelt å bruke. Harmony 50 SX står også oppført som aktuelt i eng med kløver i fleire tabellar. Vår erfaring er at Harmony gjev for stor skade på graset i form av gulning og tilbakesett vekst.

20210520 201040

Eng utan kløver

I eng som er nokre år gamal er kløver stort sett borte, og vi har mange middel å velje mellom. Flurostar 200 og Tomahawk 200 EC er to heilt like middel som er svært gode i kamp mot høymole. Desse blir ofte førsteval når vi ser på verknadsgrad og pris. Sjølv om midla er like, så skal vi vere klar over etikettane ikkje er like. Flurostar kan brukast ut juli månad, medan Tomahawk kan brukast ut august månad.

Starane XL er eit anna godt høymolemiddel. Her er ingen restriksjonar når det gjeld bruk utover hausten. Prisen ligg på same nivå som for Flurostar og Tomahawk.

Mekoprop er eit gamalt, godt middel mot mange ugras. Middelet har hatt fleire ulike handelsnamn. Døme er Duplosan Meko og Mekoprop Nufarm. Tidlegare var Mekoprop eit mykje tilrådd middel mot høymole. I 2017 blei høgste lovlege dose redusert til det halve, 200 ml. pr. dekar. I praksis har det synt seg at denne doseringa ikkje har vore god nok mot høymole, utan at vi har særleg mange slike observasjonar.

Banvel er framleis i handelen som eit svært godt middel. Prisen er høg, så i praksis er dette mest aktuelt til punktsprøyting.

Duplosan Super er eit svært godt og allsidig middel. Felleskjøpet har ikkje dette, så her må du handle gjennom Norgesfôr/Fiskå Mølle/Eiksenter m.fl. Duplosan Super er samansett av 3 ulike kjemiske middel som gjer at det har brei og god verknad på mange ulike ugras.

Mange bønder likte Ally, som var godkjent i mange år til bruk i grasmark. Ally var svært billeg og mykje brukt, men er ikkje godkjent lenger. Vi har ingen middel som har erstatta Ally.

Ta kontakt med ein rådgjevar i NLR Vest om du vil diskutere meir detaljar og ugraskamp mot andre ugras.


Hugs plantevernjournalen! Du finn den her.

Verknadstabellane finn du her.

Byhoymole 2