Saken er skrevet av Olaug Tveit i Tine mjølkekvalitet og Service.

Å ta fôrprøvar med hygienisk kvalitet har blitt tilrådd for at kvar og ein skal vita status på sitt bruk. Det er også viktig at ein veit sporeinnhaldet ved evt kjøp/sal av grovfôr.

Ein god del produsentar har sett verdien av å analysere for hygienisk kvalitet av grovfôret, og gjer det årleg.

TINE vil oppfordra alle om å gjera det!

Sporane er ein jord- og vassbakterie, den eine er anaerob (lever utan luft) og den andre er aerob (og lever med luft). For TINE har begge desse typane sporar stor betydning for produkta våre. Smørsyresporane (anaerobe) fører til dårleg mjølkekvalitet, og deretter til dårlegare ostekvalitet. Bacillussporane gir også dårlegare mjølkekvalitet - mjølka søtkoagulerer.

Som produsent blir kvalitetsbetalinga dårlegare om ein leverer mjølk med høgt sporeinnhald.

Å ta hygienisk analyse av surfôret er eit godt hjelpemiddel i kampen mot sporane:

  • Analysesvaret gir svar på mengde sporar i fôret, og om fôret har blitt ureina under haustinga.
  • Dersom mengde sporar i fôret er høgt, og det blir levert mjølk med høgt sporeinnhald, må rutinar i fjøset vurderast og ekstra tiltak må prioriterast for å kunne produsera sporefri mjølk.
  • Kva kan gjerast på ein annan måte neste sesong for å redusera sporeinnhaldet i fôret?

For å få eit korrekt analysesvar er det viktig å ta ut representative prøvar.

  • Ta prøve(ar) av alle slåttane
  • Bruk prøvebor - både om det er frå silo eller rundballar
  • Pakk i tett pose og send laboratoriet

Prøvane kan analyserast på Eurofins (eurofins.no), hjå FKRA (fkra.no) eller hjå Ofotlab (ofotlab.no).

TINE eller NLR Vest kan hjelpa til med både prøveuttak, utfylling av skjema og innsending.
Det viktigaste er ikkje kven som gjer jobben, men at den blir gjort!

LA Hygienisk analyse av grovforet
Lena Abel, NLR Vest, tek fôrprøve.